Russarane har knekt koden

Den russiske utfordraren har styrt fyrste del av VM-kampen mot fem strake remisar. Den fyrste sigeren på fem år må eventuelt koma i eit av Carlsens kvitparti.

Verda vil sjå Carlsen briljera, og då er «Nepo» klar med kontringa.
Verda vil sjå Carlsen briljera, og då er «Nepo» klar med kontringa.
Publisert Sist oppdatert

I det sjette partiet i dag har Magnus Carlsen (31) kvit mot Jan Nepomnjasjtsjij (31). Verdsmeisteren har spela 19 remisparti på rad i klassisk langsjakk-VM. Han er lei av duellformatet, men er ved godt mot og ikkje utan von om å utnytta føremonen med dei kvite brikkene.

Naiv optimisme

Det var ein naiv og falsk optimisme når ekspertane før VM-kampen prata om den aggressive og emosjonelle russiske utfordraren som ein garantist for ein sjanserik duell med mange avgjorde parti. Med fasiten i handa er det så opplagt at russarane har narra oss. Dei gjorde det heilt ope.

Utfordraren frå 2016, Sergej Karjakin, fortalde norske journalistar for fleire veker sidan at han var invitert inn i leiren til den jamgamle konkurrenten og landsmannen Nepomnjasjtsjij. Karjakin, som var klart dårlegare enn Carlsen i dei fleste fasar av spelet, var i praksis berre eitt trekk frå å verta verdsmeister i 2016, hadde han funne eit springartrekk som førte til forsert (direkte) remis i det 10. partiet i New York. Sigeren i det partiet er den siste for Carlsen i dette formatet.

Nepomnjasjtsjij er betre enn Karjakin. Russarane har hatt fem år på å perfeksjonera taktikken til Karjakin: å spela trygt, teoretisk og avventande. Magnus Carlsen, som den sterkaste spelaren, sit med alt presset. Verda vil sjå Carlsen briljera, og då er «Nepo» klar med kontringa.

Det er for meg opplagt at den tradisjonsrike og vakre VM-duellen, ein genial idé frå 1886, ikkje lenger kan halda fram i same spor. Korkje Carlsen eller publikum er nøgde med situasjonen som han er no, berre russarane kan smila. Samstundes er spaninga der òg med alle remisane. VM-kampen kan eksplodera når som helst. Kjem det fyrst ein siger, kan det koma ein til … og ein til … Men skulle alle dei 14 partia enda med remis, vil det like fullt vera ulideleg nervepirrande for norske sjakkhjarto å kåra vinnaren gjennom omspel i snøggsjakk, som i 2016 og 2018.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement