Mat

Ruslebiffen Ferdinand

Det beste er å bruke nokonlunde like store bitar. Dei minste treng eigentleg ikkje bruning, men eg gjorde det likevel.
Det beste er å bruke nokonlunde like store bitar. Dei minste treng eigentleg ikkje bruning, men eg gjorde det likevel.
Publisert

Ja, eg har vore på tyrefekting. Og nei, det var ikkje noko for meg – det var Ernest Hemingway som fekk meg til å kjøpe billett. Eg er nemleg éin blant millionar av menneske som kvar bidige julaftan klokka 15.03 må benke meg for å sjå Kalle Ankas jul på SVT, der høgdepunktet er kortfilmen om den fredelege oksen Ferdinand.

Han har sett varige spor. Vanen la eg meg til mange år før NRK tok til å sende Disney på den store dagen, så den svenske versjonen kan eg utanåt: «Varför vill inte du gå med dom andra tjurarna och stångas, du med?», spør mora Ferdinand, og han svarar: «Nej, jag vill bara sitta här, i lugn och ro – og lukta på blommorna.»

Som lesarar av kulturavisa veit, set han seg på ei humle og går amok, noko som får talentspeidarane til å tru han er den sterkaste og villaste oksen i heile landet.

Men kva i all verda fekk dei til å tenke det? Ferdinand hadde jo sete bom stille, han! Han hadde ikkje trena éin einaste time. Ikkje hadde han slåst med dei andre tyrane, ikkje hadde han sprunge seg sterk og smidig, han hadde berre sete der, pal på rumpa, heile livet. Han må jo ha vore verdas største ruslebiff!

Trass i, eller kanskje på grunn av, denne openberre logiske feilslutninga (som sjølvsagt er lov i eit eventyr) blei historia ein enorm suksess. I 1938 selde boka om Ferdinand 3000 eksemplar i veka i USA og blei den største bestseljaren det året. Sidan har boka aldri gått ut av trykken, og ho er omsett til 60 språk.

Historia om Ferdinand fekk ulike reaksjonar: elska av Gandhi, hata av Hitler, som bannlyste boka. Franco-Spania forbaud boka, dette var jo i borgarkrigstida, og mange påstod at det heile var pasifistisk propaganda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement