Rojava

RAQQA: Heimkomne flyktningar bygger opp den krigsherja byen sin. Dei har pågangsmot, men manglar det meste av det nødvendige. Her kan enkel hjelp gi gode resultat.

Leyla Mustafa er medleiar i Raqqa sivile råd.
Leyla Mustafa er medleiar i Raqqa sivile råd.
Publisert

Gjensynet med den tidlegare «IS-hovudstaden» Raqqa vart annleis enn eg forventa. Eg var her i oktober, rett etter frigjeringa. Medleiar Leyla Mustafa i Raqqa sivile råd heldt da ein tale om sigeren over IS og om framtida. Eg tvilte på dei optimistiske orda, sjølv om eg såg at ikkje alt var øydelagt. Før vi reiste hit denne gongen, fekk vi med oss siste nytt: Ei bilbombe hadde tatt mange liv. Vi grubla litt: Er det trygt å reise dit?

Innbyggarar frå byen oppretta Raqqa sivile råd i april 2017. Rådet overtok byen kort tid etter frigjeringa. Vi kan, med viktige atterhald, seie at rådet liknar på eit norsk bystyre.

Folketalet var om lag 300.000 før krigen. Litt fleire enn i Bergen. Vi spurde Leyla Mustafa kor mange som er her no.

– Mellom 150.000 og 155.000 har kome heim, sa ho, etter å ha bladd i dokument på skrivebordet.

– Og det kjem tusentals kvar veke, la ho til. Mange frå flyktningleirar lenger nord i Syria. Dei som hadde minst og flykta kortast, kom først. I oktober var eg i Ayn Issa-leiren, ein times biltur frå Raqqa. Der fanst ikkje anna enn telt og nok mat til å overleve, viss ein ikkje vart sjuk. Vaksne og ungar under håplause vilkår. Og eg var der ein dag det ikkje regna. Alt må vere betre enn dette. Nokre har òg kome frå leirar i Irak.

Vi besøkte Mustafa på rådhuset, for å bruke eit norsk uttrykk. Det som før krigen var ein vidaregåande skole, er rehabilitert til mellombels rådhus. Fleire etatar held til i det gamle postkontoret – eit praktbygg som òg er rehabilitert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement