JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Tunet der tida stansa

Nokre kilometer nord for Åmot i Vinje går vegen til Rauland gjennom eit tun med ein dåm av
ei tid som har stansa nett der.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det kraftige fjøset frå 1760 har fått nye stokkar i botnen, og nytt tak. Huset er ikkje freda, men eigaren har berga det for lange tider.

6276
20190809

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

På folkemunne heiter garden Nordigard Hylland. Det eldste huset – ivistoga, kallar dei det – fekk dagens form på 1600-talet. Då bygde dei ei høgd til over årestova som stod ferdig for nesten 700 år sidan, før Svartedauden i 1350.

Framleis er huset i bruk. Andre høgda over årestova, ivistog er også namnet på dette rommet, var stasrommet på garden, til liks med mange andre stader i Vest-Telemark. Under utvidinga rundt 1650 fekk huset innvendig kledning av breie, ståande bord. Så, eit og eit kvart hundreår seinare, hyra eigaren den vidkjende rosemålaren Aslak Aasmundsen Nestestog til å dekorere ivistoga – vegger, senger, skåp og anna inventar – i 1787. Bileta har både religiøse og verdslege motiv i tillegg til meir vanlege rosemålingsmønster. Ein bleik blåfarge er botnleten. Noko er gnika vekk av bruk gjennom åra, men det som er att, har framleis eit friskt preg.

Ivistoga var rommet for store høgtider og hendingar på garden. Her heldt dei jul og her feira dei bryllaup. I 1821 var Myllarguten spelemann til eit giftarmål. Han var då 20 år og hadde øvd seg som bryllaupsspelemann sidan han var åtte-ni. Frå langt attende og til 1930-åra var Nordigard Hylland skysstasjon, og ivistoga gjesterom. Her tok embetsmenn inn på reiser i desse grisgrendte bygdene med dalar og fjell i alle retningar.

Preg av det gamle

I 1945 stod eit nytt bustadhus ferdig i tunet. Utvendig har det tydeleg preg av det gamle, med lafta vegger og svalgang oppe og nede på eine sida. Materialen kjem frå heiskogen på garden. Innvendig har veggene panel og romma moderne standard. Riksantikvaren godkjende teikningane, og hadde som krav at det nye ikkje måtte stikke seg ut, men gå i hop med resten av tunet. Det kunne statens mann gjere fordi den gamle stova vart freda i 1923. Og ikkje berre stova; på andre sida av vegen har eit bur frå 1715–20 og eit loft same statusen. Loftet kom opp i 1725–35, og det skal ha vore same eigaren som bygde begge. Tunet har òg to andre hus med respektabel alder. Løa vart reist i tre trinn – i 1719, 1721 og 1762. Like ved står fjøset frå 1760.

Alle dei gamle husa har dagens eigar, Håvard Bratland, hatt om hende for å få dei i stand til å stå der gjennom nye hundreår. Ivistoga hadde jordtak på 1920-talet. Like etter krigen vart det lagt eternit på torva, og ny jord oppå. Platene, som etter reklamen skulle vere evigvarande, heldt i 30 år. I 1975 vart det lagt nytt jordtak, men i 1999 seig vatn ned i romma. Arbeidet kan ikkje ha vore gjort etter den beste oppskrifta. Igjen var det å fjerne torva og legge ny, denne gongen på sju legg med russisk never. Bratland vonar han har gjort det for siste gong.

Nyleg flytta

Dei to freda bura er nyleg flytta eit stykke vekk frå vegen, som var utvida og gjekk kloss i veggen. Underbunaden har fått nokre nye stykke av tettvaksen alfure. Flyttinga gjorde Bjarne Lofthus ved å skuve dei til sides på olja stålskinner. Loftet veg 28–29 tonn, kom han til. I år 1900, før fredinga, vart husa òg flytta fordi postvegen skulle fram der dei stod. Det var snakk om å legge vegen nedanfor tunet. Det ville ikkje eigaren, han hadde ikkje dyrka jord å gje slepp på. Buret står som før med torvtak, men loftet fekk tekkje av bord av malmfuru, liggande frå mønet og ned. Oppå er det snøfangarar i tre av same kvalitet.

Til vøling av freda bygningar i privat eige betaler riksantikvaren det meste av kostnadene. Men av eigen lomme har Håvard Bratland lagt ut rundt ein million kroner for å setje i stand fjøset og løa. Begge er lafta. Nokre nye stokkar måtte til, og i fjøsveggene er dimensjonane store. Den øvre langveggen har berre tre stokkar frå botnen til taket. Veggene er støtta opp med opplengjer ute og inne, og skruboltar som held dei saman. Dette er å tilføre huset noko nytt, men òg ei løysing som tek vare den gamle materialen.

Løa har no plater på taket. Under dei ligg eldre spon av tre, som tidlegare har vore det som heldt taket tett. Håvard Bratland meiner at det har vore meir vanleg med tretak enn vi får inntrykk av i dag. Mange stader var det vanskeleg å finne nok bjørkenever til å halde dei mange jordtaka tette. Han trur torvtak har fått ein oppsving, kanskje nostalgisk, i nyare tid. Det har vore enkelt, med kunstige stoff å legge under jorda for å halde taket tett.

Leiger ut

Dagens eigar vaks opp på garden og tok over i 1974, men bur der ikkje no. Han leiger ut dei to stovehusa, som er i jamleg bruk. Innmarka på rundt 50 mål er det andre som nyttar, men den 2000 mål store skogen har han hand om sjølv. Dette er altså ingen stor gard samanlikna med mange andre som rundt om i landet hadde råd til å byggje staselege hus med dekorasjonar og kunstferdig måling. Men i Vest-Telemark hadde det dekorative høg status. Mange la vekt på slike verdiar, dei var ikkje berre for dei rikaste.

Eigarane av Nordigard Hylland har gjennom hundreåra vore av vekslande bonitet, fortel Eva Valebrokk i boka Vakre gårder. Éin låg under for drikk og måtte gå frå gard og grunn. Ein annan, Aasmund Hylland, rika seg opp på handel med hestar og fe i tillegg til det han fekk ut av jord og skog. Han lét etter seg dei to bura og mykje annan velstand.

Dyr har det ikkje vore i fjøset sidan 1965, så den store moderniseringa nådde ikkje denne garden. Tunet, som altså fekk det meste av husa sine før 1750, står i dag som eit av dei minst forstyrra vitnemåla om gammal byggjeskikk i Vinje. Garden har vore i same ætta frå 1720, og Håvard Bratland har kjent på ei plikt til å føre vidare dei verdiane som tunet har. Det er ekte og opphavleg, ikkje ei konstruert samanstilling av hus på eit museum. Tunet står slik det grodde opp av jorda, skogen og den kulturen som rådde. Bratland seier det har vore moro å få tunet i stand. Måten han seier det på, gjev mistanke om at han sit att med ei djup glede.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her tok embetsmenn inn
på reiser i desse grisgrendte ­bygdene med dalar og fjell
i alle retningar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis