JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Stavbygde hus – ein levande steinalderskikk

I opphavet, nesten, var stavhus. I dag står dei som solide bygningar langs kyst og fjordar på den lange vegen frå sør til nord i landet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei engelsk løe i stavlinekonstruksjon; stavlægja ligg under samhaldet på tvers. Med ulike former på delane og samanføyingane var stavbygde hus i bruk i alle Nordsjølanda.

Alle illustrasjonar: Erik Solheim

10493
20210423

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse. Send tipsa til erik.solheim@enivest.net.

Dette er ein tradisjon som dei kunnige meiner er bortimot 4000 år gamal, og som det finst restar av rundt heile Nordsjøen. Dei fleste grindhusa hos oss i dag er løer, naust og andre uthus som ikkje gjer mykje av seg. Men staven er den berande delen også i stavkyrkjene, gudshusa som vert rekna som vårt mest sjølvstendige og tydelege tilskot til verdsarkitekturen. Dei er bygde med handverk og materialinnsikt som knapt finst lenger. Bakom låg praktisk røynsle gjennom generasjonane.

Steinalderbøndene – eller nokre av dei – heldt til i langhus med folket sitt og husdyra sine. Først, meiner arkeologane, hadde bygningane éi stolperekkje som bar ein mønsås. Frå den låg det sperrer ut på lågare sidevegger. Med denne løysinga vart det ikkje press utover på langveggene. Seinare vart det to stolperekkjer med tverrstokkar som heldt huset i hop. Sperrene gjekk framleis ned på låge yttervegger, kledde med flettverk av greiner og renningar og tetta med leire. På taket låg først halm eller andre slags strå. Dagens oppfatningar om korleis dei bygde i førhistorisk tid byggjer på slutningar ut frå plasseringa av stolpehol og andre funn som arkeologane har gjort. Kor representative funna er, veit ingen. Alle flokkar var neppe mangmente nok til å halde seg med store, arbeidskrevjande hus. Frå først av var husa av tre som dei hogg ned og kappa, men ikkje gjorde stort meir med. Arbeidet måtte dei utrette med reiskapar av lokale steinslag, eller i beste fall stykke av det kvassare mineralet flint. Det finst ikkje i fast fjell her til lands, berre spreidd langs strendene i sør, frakta dit av isfjell over havet. Men små var ikkje bygningane dei no har oppdaga spor etter. På Hundvåg i Stavanger har det stått eit i bronsealderen. Det var 22–25 meter langt og 8 meter breitt.

Andre tider kom med jarn til øks, kniv og borereiskapar. Den berande løysinga med stavar og sperrer levde vidare. Men med stål i neven kunne dei føye delane saman på andre måtar. Nokre hus vart svært store. På Ullandhaug ved Stavanger har dei rekonstruert eit langhus frå jarnalderen med meir enn 34 meter innvendig lengde. Det har stein og jord i langveggene. Dette isolerer betre enn flettverk og leire, eit gode då klimaet kolna etter den varme bronsealderen. Det kom torv på taket i staden for strå, les arkeologane ut av funna.

Grindhus

Grindhuset har sin berande konstruksjon av fire ulike delar. Ei grind er to stavar og ein bete felt ned i dei ståande stokkane mellom to stavøyre. Dei tre delane er stiva av med to skråband som held konstruksjonen stiv sidelengs. To grinder, ei i kvar ende, er nok til eit lite hus. Over betane ligg stavlægjene eller sperrestokkane ute mot stavøyra. På stavlægja kviler sperrene i hakk på innsida. Sperrestokken ligg ned over ein smalare rygg på beten. Dette held grindene på plass i lengderetninga. Skråband går frå stavane på begge sidene opp i sperrestokken. Talet på grinder avgjer kor langt huset vert. Avstanden mellom dei vekslar frå hus til hus, det gjer òg dimensjonane på delane. Dette var bygging ut frå praktisk innsikt som fortalde kva ein stokk kunne tole.

Dei som byggjer nytt, lagar først stavøyra. Så vert stavane lagde vinkelrett på utsida av stavlægja, for merking og hogging av hakk som stavøyra fell inn i. Skråbanda vert forma og går som regel ned i innfellingar i stav og stavlægje, der dei vert festa med naglar i koniske navarshol. Når dette er gjort på begge sidene, er det tid for å felle betane inn mellom stavøyra – lage betehalsen – og å forme den ryggen som skal hindre at grinda (stavane og beten) kan flytte seg under stavlægja. Så er det det å få skråbanda på plass. Siste etappe er å kappe sperrene i rett lengde, lage tapp og klauv i endane oppe og hogge ei mothake nede på sperra. I stavlægja må det vere hakk som sperrene kviler i. Er det snakk om å skifte ut noko eit ståande hus, er oppgåva å kopiere dei skadde delane og å skøyte dei nye saman med dei gamle.

Dette er ein byggjemåte med få stokkar å hogge eller skjere til. Alle skjønar logikken når dei ser slike hus. Men få er bygde på akkurat same måten; arbeidet gjekk etter skikken i området og i stor grad etter det som auget ser. I strok utan barskog brukte dei lauvtre – beine eller krokete, hus fekk dei til. Stavane står på murar eller berre steinar på marka, så høgt at dei ikkje vert ståande våte. Høgda kan variere i den same bygningen; grindhusa kan godt stå i skrånande lende med vassrett møne. Det mest vanlege er eitt skråband på kvar plass. Men på Sunnmøre og i Nordfjord har dei to på kvar side mellom stav og bete. Nokre stader er dei festa høgt på staven og ligg med slak stigning, andre i ein vinkel rundt 45 grader eller brattare. Å felle dei inn i bete og stav på utsida er vanleg. Andre har lagt dei på innsida og festa dei berre med kraftige bjørkenaglar. På langsidene kan det stå lange skråband i kryss frå stav til stav, og jamvel opp i stavlægja. Rotkne, ein sterk del av treet i overgangen mellom stamme og rot, er her og det eit alternativ for avstiving på langs eller på tvers. Knea er festa med kraftige bjørkenaglar, stundom jarnboltar når dei kom i handel. Kledninga er mest liggande på langsidene, med borda nagla eller spikra i stavane eller på opplengjer der veggen står utanfor stavane. Kortveggene har på mindre hus gjerne ståande bord, festa i beten og ein stokk på tvers lengre nede.

I større løer og naust kan stavane stå i veggene, som feste for kledninga, andre stader står grindene inne i rommet. Sperrene held då fram ut på ein lettare vegg som ber kledninga. Dei har eit skot utanfor stavane. Dette er skikken dei bygde langhusa etter, for fleire tusen år sidan, men då med flettverk og leire – eller stein og torv – til ytevegger. Enkelte skotløer, mest i Hordaland, har skrevande stavar utover mot fundamentet. I ei løe på Lysekloster ved Bergen stod også endestavane med sjøbein på langsida.

Stavline

På Nordmøre og nordover står hus med stavlægja liggande rett på stavane, ikkje oppe på betane. No har dei felt betane, altså samhaldet som skal hindre at sperrene pressar veggene ut, ned i stavlægje. Ho ligg i gamle hus i klauver på stavane, som då er grove. I yngre hus står det meir vanleg ein tapp opp frå staven og held tinga på plass. I nokre av husa ligg også ei svill under stavane. Ein vanleg seiemåte er at grindhus reiser dei på tvers – først grindene og så stavlægja oppå betane. I stavlinehus kjem langsidene opp først, med stavlægjene på toppen av stavane, og så kjem dei tverrbindande betane til slutt. Dei reiser huset på langs.

Kva som er eldst av stavliner eller grindbygg, er det visst tvil om. Restar etter gamle hus i Hardanger, frå tidleg mellomalder og utover, vert rekna som dei eldste av ikkje-kyrkjelege stavhus i landet. Konstruksjonen er meir lik stavliner enn grindbygningar. Betane ligg over stavlægja. I nokre er både betar og langsgåande stokkar doble. Også i Voss og Indre Sogn har denne byggjemåten vore i bruk. Dei høyrer alle med i den lange soga om stavbygde hus.

Stavline er ein konstruksjon med fleire lokale utgåver. Ein variant frå Romsdalen kallar dei bukkehus. Dei har doble betar som ber ei eller fleire «grinder» med takåsar på. Åsar er langsgåande stokkar til støtte under sperrene. I enkelte tilfelle er ramane lafta og ber åsar som ligg på bukkar inne i huset. I det som vert kalla Salten-stavline, i Nordland, er nokre sperrer kortare og tappa ned i betane, eller står i hakk i dei. Mellom betane ligg sperrene på stavlægja. Blandinga av byggjeteknikkar er så rik på variasjonar at berre det aktuelle huset fortel kva som er rett å gjere under restaurering. I nokre tilfelle kan dei berande delane verke spinkle. Men når gamle hus framleis står, har dei tolt tida.

Tettinga av veggene er ei sak for seg. Frå vikingtida har dei funne restar av sleppverksvegger. Runde eller lett tiløksa stokkar hogg dei smalare i endane og sleppte dei ned i spor i dei loddrette stokkane – stavar eller standarar. Veggstokkane ligg tett på kvarandre og isolerte heller godt for vikingane. Ei anna løysing var å lafte i hop ein eller fleire stokkar under stavane og å legge doble stavlægjer oppe på dei. Nede i svilla og oppe i stavlægja grøypte dei ut spor for ståande bord kant i kant. Skjeltrer, er namnet på desse fjølene i naust og løer. På grindbygde hus vestanfjells er skikken bordkledning, både ståande og liggande. I barskogsområda er ståande over- og underliggarar meir einerådande.

Gammar

Folk budde her i landet lenge før stolpehusa frå steinalderen sette spor etter seg. Vi må vel òg tru at dei store bygningane var for rike familiar eller andre velståande grupper. Korleis budde dei andre? Telt i form av ståande trestenger med skinn utanpå er ei gissing som kan høve når folk var på farten etter vilt. På Hardangervidda har arkeologane funne bortimot 8000 år gamle opphaldsplassar med restar etter enkle steinvegger. Ein annan teori er at dei hadde gammar over hovudet i meir bufaste periodar. Desse er òg å rekne som stavhus, brukt av samane like til nyleg. Kanskje ein bygningstype som har følgt mennesket gjennom alle tider? Det same let seg tenkje om det samiske teltet. Det har, som gamma, fire krokvaksne stokkar som berande stavar. I teltet hallar dei litt utover, avstiva med stenger på tvers. Utanpå står tynne strangar som skinn eller duk ligg på.

Det berande i gammar er to par krokvaksne trestykke som er festa i hop med stenger på tvers. Andre krumme stenger går ned på sidene. Det heile er omkransa av strangar; dei står tett i tett frå jorda og opp rundt ein røykopning i toppen. Utanpå ligg det never til tekkje, med torv utanpå. Men ein liknande teknikk bygde dei òg naust. Då står dei krumme stokkepara etter kvarandre i ei avlang naustgamme. Ein slik bygning, men meir høgreist, vart brukt i England som løer.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

På Ullandhaug ved Stavanger har dei rekonstruert eit langhus frå jarnalderen med meir enn 34 meter innvendig lengde.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis