JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Restaurert finneplass i botanisk oase

På den gamle finneplassen Mikkelrud nord i Aurskog-Høland har Anne-Lise Torvund og Tore Ovlien restaurert tunet, og dei held liv i rike blomsterenger av den høgste verdi på innmarka. Rundt sju veker tek det, kvar sommar, å slå og tørke graset.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Finnar svidde skog og dyrka rug her på 1600-talet. Dagens Mikkelrud er frå husmannstida i 1800-åra. Dagens eigarar har endra garden frå forfall og gjengroing til snart freda kulturminne. Blomsterengene lever som dei har gjort i fleire hundre år.

Alle foto: Erik Solheim

8410
20201127

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Lytt til artikkelen:

Torvund og Ovlien fekk kjøpe garden i 2010. Synet som møtte dei første gongen, var grå, falleferdige hus, eit varsel om at mykje arbeid venta. Hovudbygningen stod med litt teglstein og ein sundriven presenning på taket. Låven hadde glidd ut av fundamenta og fått kraftig slagside. Stokkane sprikte i veggene og mønet hang ned på midten. Det stod ikkje betre til med sauehuset. Kyrafjøset hadde ramla i hop, utan botevon. Berre stabburet var i god stand. Nett ein slik plass hadde dei drøymt om. Dei ville berge dette kulturminnet.

Og dei gjekk laus på oppgåva. Ein bygningsvernkonsulent kom til at stovehuset var mindre medteke innvendig enn utvendig. Dei nye eigarane la først bølgjeblekk på taket, og huset tørka opp, takka vere den gamle måten det var bygt på. Leira i golvet sleppte væta frå seg. Med mineralull som isolasjon hadde mykje vore verre.

Det første huset dei gjekk laus på, var ei koie litt nedanfor tunet. Så låven. Dei merkte alle delane og plukka ned huset. Kunnige snikkarar bygde opp att steinkjerr til fundament og lafta i hop nye stokkar nedst i veggene, på den eine sida sju. Dei gamle hjelpte Ovlien til med å legge opp att. Året etter var det same framgangsmåten med sauehuset. Det hadde rotna mot jorda og trong nye stokkar frå grunnen og eit stykke opp.

Takstikker

I hovudbygningen er bjelkane under kjøkkengolvet og nokre golvbord nye. Nytt er òg utbygget over inngangen til stova. Det gamle var heilt forsarva. Nokre uthysesperrer (dei som ligg utanfor endeveggene) hadde rotna. Også taket er nytt. Vêrhuda øvst er gamle teglpanner som dei fekk tak i ein annan stad. Under ligg det kopi av det som tidlegare var vanleg å tekkje med – stikker. Dette er ein halv meter lange trestykke, knappe 10 centimeter breie og ein liten centimeter tjukke. Dei er skorne ut av granstokkar med ein kraftig høvel som to hestar drog medan mannen sat oppå og gav høvelen tyngde. Først saga dei ned i stokken på tvers slik at stikkene kom ut med høveleg lengde. Til Mikkelrud kom flisene frå eit sagbruk på Kirkenær i Solør. Sagmeisteren der, ein åttiåring, hadde dampmaskin til å dra høvelen. På taket ligg stikkene i tre lag. Kvar av dei er festa med ein tynn og 50 millimeter lang spesialspikar som Norsk Skogfinsk Museum kunne levere. 12.000 stikker og stiftar gjekk med.

Innbuet

Skorsteinen over ei stor grue på kjøkkenet hadde ramla ned. Ein kunnig murar bygde grua opp att med ei blanding av leire, sand og litt kalk mellom steinane, den same teknikken som var brukt då huset var nytt i 1850. Veggene i grua er tetta og glatta med same blandinga og utanpå kalka kvit. Inventaret i dei to romma er det same som dei gamle på garden hadde. Då garden var til sals, fekk to ektepar i bygda i oppdrag å fjerne alle lausøyrar i hovudbygningen. Dei rydda, men tykte det var for gale å kaste gode ting. Bord, stolar, lamper og mangt anna sette dei i staden inn på ein låve. Alt dette fekk dei nye eigarane overta, og romma har no det innbuet som høyrde til der. Vindauga er fullrestaurerte, med nytt kitt og ny måling. Dei var snikra av så gode materialar at svært lite treverk var grunn til å byte ut.

Finnerug

Dei første som tok seg mark på Mikkelrud, var finnar som vandra inn på 1600-talet og livnærte seg med svibruk. Dei felte tre og brende det som ikkje var nyttande tømmer. Oska gav næring til ein særeigen kornsort, finnerug. Dette kornslaget har røter i Sentral-Asia og veks godt i sur jord – som ein får når ein brenner bartre. Finnerug krev lite såkorn, eit frø under ein neversko, heiter det i ein artikkel på Wikipedia. Men frå rota veks det opp mange stenglar med aks, opp mot hundre skal vere registrert, og med fleire titals korn på kvart. Avlinga kom etter to år. Høgda på planta er over to meter. Fire-fem år kunne dei dyrke i den same oska. Så var det å svi på nytt. Finnerug eksisterer framleis, etter at ein mann fann nokre gamle korn i ein binge i Finnskogen, og fekk dei til å spire. Enkelte ivrar for å ta opp att dyrkinga, fortalde Nationen nyleg.

Etter finnetida vart Mikkelrud husmannsplass, og det er bygningar frå den tid som står der i dag. Ei tid skal det ha budd to familiar med til saman 14 menneske i stovehuset. I tillegg hadde dei plikt til å losjere skogsarbeidarar; dei sov på golvet. Det var ikkje noko til overs på garden. Materielt enkelt levde også dei siste fastbuande, dei var der fram til 2008. Innlagt vatn hadde dei ikkje. Elektrisiteten kom til tuns i 1957, men dei to i huset ville ikkje installere meir enn éin stikkontakt. Etterpå kjøpte dei elektrisk komfyr.

Tunet

Hovudbygningen er etter akershusisk mønster, med to rom og inngang direkte til stova frå sida. Veggene er lafta opp under ufsa, og det er lem over romma. I andre strok var det vanleg at stoverommet var ope opp under taket. Arne Lie Christensen forklarer skilnaden med at der dei ikkje kunne legge isolerande torv på taket fordi dei hadde for lite bjørk å ta never av, var det lettare å halde varmen i huset med lem over romma. Torvtak med snø på, isolerer godt, så dei kunne halde varmen i eit høgt rom. I raustet, øvre del av gavlveggen, er veggene berre eitt lag med ståande bord. Øvst i eine gavlveggen er det er dør. Der gjekk folk inn og ut via ein utvendig stige. Loftet var brukt som soverom; det var jamvel omn der oppe. Huset på Mikkelrud følgjer i hovudsak den vanlege byggjeskikken på store delar av Austlandet, ein skikk som husmennene førte vidare då bøndene og skogeigarane fekk råd til å byggje annleis og større. Det var vanleg å reise husa i gran, treslaget skogane rundt har mest av. Veggstokkane er ikkje av tjukke tre; dei hadde større verdi for skogeigaren som tømmer for sal.

Husa er no rusta til å stå i nye hundreår om dei får vanleg vedlikehald. Tunet kjem til å bli freda etter kulturminnelova; planen hos Riksantikvaren er å sikre éin finneplass i dei fylka som har finsk busetting. Ymse slags tilskot har gjort innsatsen på Mikkelrud økonomisk overkommelege. Å berge denne plassen har vore til stor glede, seier eigarane i dag. Attåt arbeidet med husa har Anne-Lise og Tore teke sine økter med å fjerna invaderande gran og kvart år slå blomsterenga etter ein forvaltningsplan frå Miljødirektoratet. Plantene må stå så lenge at dei set frø før nokon svingar ljåen. For denne innsatsen vart dei i 2019 nominerte til den nasjonale kulturlandskapsprisen.

Mangfald på bøen

Ein sjeldan fargerik botanisk oase har dei rundt seg. 170 artar har botanikarar notert på bøane, som er den største vekseplassen i landet for solblom, ei raudlista plante med minkande og stadig meir oppsplitta leveområde. Så mykje som 21 grasartar haustar dei. Den vakre orkideen brudespore og høgreist ballblom er ein del av floraen. På den nasjonale lista over verdfulle kulturlandskap står Mikkelrud høgt i gruppa av dei aller rikaste. Ei stund fekk dei levere høyet til hestefôr, men no er det slutt, sidan dei ikkje kan pakke det i rundballar.

Grunnen til den rike floraen er 300 års hausting utan at bøane fekk kunstgjødsel på seg. Lite av anna næring vart det òg. Det som var av husdyrgjødsel etter vinteren, gjekk mest til åkrane, nokre små flekkar som tidlegare gav korn, poteter og kanskje grønsaker til levemåten. Litt beiting var det vår og haust, og dermed fall noko avføring på jorda.

Det meste av innmarka på 40 mål er ujamn og oppdelt av berg i dagen, store steinar og rydningsrøyser. Delar av jorda er bratt. På nokre stykke kan dei bruke motorslåmaskin, men mykje gras må dei ta med ljå. Det meste tørkar som regel på marka, men no og då er vêret så usikkert at dei må hesje.

Mikkelrud er no ein ettertrakta plass for blomstervandringar, soppkurs, slåttedugnad og andre arrangement. Minna om den gamle kulturen, tradisjonen, held eigarane levande både i bygningane og i blomsterengene.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

På den nasjonale lista over verdfulle kulturlandskap står Mikkelrud høgt i gruppa av dei aller rikaste.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis