JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Restaurering krev material av ulike kvalitetar

Om vi skal restaurere eit hus på god og varig måte, kan det mest tidkrevjande vere å få tak i material med dei rette eigenskapane. Dei som ikkje har skog og sag sjølv, får leite opp mindre sagbruk og spørje. Vi kan ikkje lite på at dei har lager av det vi treng.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Med høveleg store emne og ei øks som bit godt, er det overkommeleg å emne til ein bjelke med handemakt.  Borken som sit att, tek vi med skavkniv eller berkjespade.

Alle foto: Erik Solheim

6403
20190201

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Å leggje mykje arbeid i ei slags vøling med dårleg material og feil dimensjonar vert sjeldan til glede. Vi må godta at det tek tid å få tak i det vi skal bruke. Restaurering er ikkje, som heller ikkje bygginga var i eldre tider, spontane handlingar. Treng ein lafta vegg nye delar, må det nye vere like tørt som det gamle. Elles risikerer vi at dei nye delane krympar så mykje at veggen vert utett. I Nordfjord var det sagt at tørkinga tek eit år på tommen, altså fire år til å tørke ein fire tommar tjukk stokk. Golvbord og paneling må òg vere tørre, for at dei skal kunne høvlast, og for at dei ikkje skal krympe for mykje når det kjem varme i huset. Golv la dei helst i den tørraste årstida – om våren, i april–mai. Å byggje var eit samspel med klimaet. Lange bjelkar eller sperrer kan komme til å sige om vi legg dei på plass rå. Å setje mellombels støtter under, kan hjelpe om vi likevel må ty til nyhoggen ved.

Den eldre byggjeskikken var basert på hogst av tre etter dimensjonar som høvde til det ferdige emnet. I alle slags uthus finn vi sperrer, standarar og andre delar med vankant. Tilverkinga var då å fjerne eit tynt lag med rå yteved med øks. Når dei gjorde alt med handemakt, er det rimeleg at dei sparte på kreftene og ikkje gjekk laus på for tjukke stokkar. Når sidene er flata med øks og vi flår av den borken som er igjen, gjer vi overflatene ferdige i éin omgang. Å hogge glatte flater på ein saga stokk tek om lag like lang tid, det er vanskelegare og stokken vert meir flisete.

I mellomalderen og noko seinare tilverka dei også laftestokkane med øks på kvar side. Mergen er å finne midt i veggen. Seinare, då handsager og oppgangssager kom i bruk, kløyvde dei ofte treet midt i og fekk to veggstokkar av ein stokk frå skogen. Kva type vi treng til å restaurere veggen, ser vi i endane på skadde delar, på utsida av nova. Stavleiene, som ber sperrene i stavbygde hus, har same variasjonen. I gamle løer kan vi finne at sperrene ligg på halvkløyvningar med svære dimensjonar, så kraftige at det no kan vere vanskeleg å finne store nok tre. Vi må likevel prøve å kopiere dei vraka delane når vi legg inn nye. Årringane bør vere om lag som i det gamle, og gå same vegen. I bjelkar og andre berande delar er rettesnora at meir av yteveden skal vere igjen på undersida enn på oversida. Då toler bjelken større tyngde.

Ròtestyrke

Ròtesterke stokkar treng vi mest til botnstokkar i lafta vegger, til utvendig kledning, vindskier, torvhald og andre delar som må tole å bli våte ofte. Vindauge står i særklasse, til dei valde snikkarane det beste av tettvaksen og feit alved. Dei mest varige kledningsborda får vi nær mergen i gamle, utvaksne tre utan for mykje stor kvist. Han bør i alle fall vere frisk. Til vanleg er berre første stokken god nok. Er vi i tvil om kor mykje alved som er gøymt under borken, er ein tilvekstbor til god hjelp. Med ein slik får vi ut ein sylinder som viser årringsbreiddene og korleis kjerneveden er. Er stokken rund og rett, er sjansane store for at veden vil tørke utan å vri seg mykje. Også til golvbord vil vi ha roleg material. I stovehus gjekk dei ofte på breie bord, kanta etter avsmalninga og lagde med topp mot rot. Mykje kjerneved ber i seg det godet at borda krympar lite når dei tørkar med varme i huset. Men treverk vil alltid endre seg med temperatur og råme; det er ein del av livet i slike flater. Dei har sin eigenart. Daude byggjevarer i nymotens hus har eit heilt anna preg.

Til sperrer og bjelkar tek vi grannare tre. På små hus er ikkje styrken så viktig; det meste vil vere godt nok, om veden er frisk. På større bygningar kan berande delar bli sette på prøve. Ein regel er at tung ved med smale årringar er sterkare enn den lette som har vakse raskt. Ei anna rettesnor er at sterkaste delen av treet er nede og ute mot yta i første stokken. Ser vi etter kva som er i huset frå før og har vore sterkt nok, har vi det vi bør leite etter. Ikkje alltid treng vi stille dei strengaste krava. Når dei først hadde fått til rettes eit tre, var skikken å gjere seg nytte av alt som var brukande.

Variasjon

Stavar, betar, standarar og tjukke takåsar – og laftestokkar – er alltid sterke nok utan strenge kvalitetskrav. Om dei vert skjerma for vêr og vind, kan stavar av geiteved og lauvtre stå lenge. Til opplengjer på lafta hus, spikarslag, lekter og andre granne delar kan vi bruke restematerial. Enklast er det når dimensjonane er høvelege og det er lite å hogge eller sage vekk. Igjen er svaret å finne i korleis delane ser ut i det aktuelle huset.

Noko av vitsen med å restaurere er å ta vare på den variasjonen i materialbruk som har vore rundt om. Stokkar og bord frå eldre hus kom ofte til nytte i nye. Dette var ein del av skikken, og framleis kan gjerne ein vraka stokk ha nok i seg til å gjere nytte på ein ny stad.

Tilgangen på høveleg skog har alltid vore ulik rundt i landet og gjennom tidene. Å fare langt etter god skog kunne koste for mykje arbeid, og gjerne pengar attåt. Det som var å få tak i, avgjorde kvaliteten. Det store forfallet kom likevel då kvalitetsomsyn fall ut av trelastindustrien i etterkrigsåra, og snikkarane lærer heller ikkje noko om dette. Med mindre økonomisk spelerom tidlegare bygde dei hus som skulle vare, og som lét seg vøle. Eingongshus er noko nytt av vår tid.

Dette fører fram til å prioritere ròtesterk material der han må tole mykje eller langvarig væte. Kledning på skuggesida i rått klima er ein slik plass. Så nyttar vi ved med styrke – som òg har smale årringar – til bjelkar og anna som kan vere utsett for bøying og brot. Då tek vi vare på mest mogeleg av yteveden, som har størst evne til å tole strekk. Då er det mykje igjen av bygningen som kan bli like god med resten av materialen.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Med mindre økonomisk spelerom tidlegare bygde dei hus som skulle vare, og som lét seg vøle. Eingongshus er noko nytt av vår tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis