JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Renessanse for kalkmørtel i vegger av stein

No brenner dei igjen kalkstein rundt om i landet, så langt mest til restaureringsarbeid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den kvitkalka muren under Lagmannsstova på Agatunet. Truleg har noko liknande ikkje vore gjort sidan mellomalderen. Kalklaget er her tjukkare og meir heildekkjande enn det som var vanleg på mindre staselege hus. På muren til venstre stod eit kapell som vart rive i 1811.

Alle foto: Erik solheim

10456
20201120

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Lytt til artikkelen:

Kalkmørtel held murane saman i dei store katedralane, slotta og mindre husa som vart bygde i stein gjennom hundreåra. Så kom industriproduktet sement på 1800-talet, og etter siste krigen tok betongmørtel over på alle byggjeplassar.

På Nidarosdomen hadde dei lenge dytta sementmørtel i fugene når den gamle kalkblandinga forvitra. Så viste det seg at den moderne og lettvinte betongen øydela steinen som fugemassen skulle berge. No meislar og pirkar dei ut att betongen og legg inn kalkmørtel i staden. Klosteret på Selja utanfor Stadlandet er ein annan nasjonalskatt som får igjen det bindemiddelet heilagsetet vart bygt med for 900 år sidan.

Heimebrenning

Problemet med betong er at han trekkjer til seg vatn og ikkje slepper det frå seg igjen. Det er slik massen stivnar. Om vinteren frys vatnet og skader ofte steinane som ber byggverket. Storkna sementmørtel er i tillegg så stiv at han sprekk om steinveggene rører ørlite på seg, og det gjer dei alltid. Då slepper meir vatn inn. Kalkmørtel, derimot, storknar ved å kvitte seg med vatn. Stoffet er litt føyeleg, og porøst. Luft slepper gjennom.

Heimebrenning av kalk vaknar no til liv på nytt, mest til restaureringsarbeid og for å stanse forvitringa der sementmørtel har vorte nytta for å vøle gamle murar. Entusiastar leitar etter den kunnskapen som kom til landet på 1000-talet – frå England – men som visna vekk for 60–70 år sidan.

Det eldste rettslokalet

I Agatunet ved Sørfjorden i Hardanger har dei nyleg kalka kjellaren under det eldste verdslege trehuset i Noreg som står der det vart bygt, Lagmannsstova frå 1220. Huset er òg det eldste rettslokalet i vårt land – kanskje reist av ein mann med namnet Sigurd. Stor rikdom rådde nok byggherren over, for storstova på Aga var noko omframt i ei tid då bønder flest budde i røykstover med jordgolv.

Dei trur at det store og velbygde rommet mest var rettssal og representasjonslokale. I mellomalderen hadde huset også eit kapell med møneretninga på tvers, og meir private rom til matlaging og opphald. Kapellet og den private delen vart rivne i 1811.

– Bygningen hadde dei viktigaste elementa i den europeiske palassmodellen, seier Guttorm Rogdaberg, statsstipendiat og styreleiar i Stiftinga Agatunet, som eig stova og 29 andre freda hus i dette klyngetunet.

Arkitekturen ber gotiske element, mellom anna hadde dørene inn til storstova frå først av spisse bogar oppe. Den rike og mektige bonden på Aga var tidleg ute med denne europeiske stilen, som kom til Noreg ein gong rundt 1180. Nidarosdomen og Stavanger domkyrkje er tidleg gotikk på norsk jord. Aga var ein av dei største gardane i Hardanger i mellomalderen. Mest kjend av eigarane er stormannen Sigurd Brynjulfsson på Aga – riddar, riksråd for den veikhelsa Eirik Magnusson og gulatingslagmann, lovkunnig og språkmektig. Ein mann på toppen av aristokratiet, som jamaldringen Audun Hugleikson. Den siste vart hengd på Nordnes i Bergen i 1302, den første fann dei død på Hesthamarneset ved Utne året etter.

Dei to mannshøge kjellarromma under Lagmannsstova var bygde med kalkmørtel som fugemasse mellom steinane. Truleg har muren ikkje vore kalka sidan mellomalderen. I seinare tid vart tilstanden etter kvart faretrugande dårleg; steinar heldt på å rase ut. Restaureringa er så grundig utført at om dei framover stryk på kalkblande, brend kalk i vatn, etter kvart som vind og væte tærer på yta, reknar dei med at storarbeidet er gjort for eit par hundre nye år. Vedlikehaldet med kalkblande er både enkelt og raskt.

Kalkstein frå Varaldsøy

Eit storarbeid måtte til i denne omgangen, medrekna ein omfemnande dokumentasjon undervegs. Kalkstein henta dei frå Varaldsøy i Kvinnherad; Sørfjorden har ikkje eigna bergartar. Eit engelsk laboratorium kunne slå fast at til bygginga på 1200-talet kom kalken frå nett denne øya. På Varaldsøy fann dei etter alt å dømme også det grove tømmeret til lafteveggene.

Under leiing av Chris Pennock frå Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider mura dei ein liten kalkomn på Aga. Innvendig er han tetta med leire for å verne muren rundt mot den sterke heten. Bondeomnar vart slike kalla, dei som var bygde for mindre mengder kalk. Brenninga gjorde dei i to omgangar, med fureved og mannskap som heldt elden sterk nok i tre døger. 72 timar tok kvar runde.

Neste steg i arbeidet var å fylle fugene i muren under Lagmannsstova med mørtel, ei blanding av brend kalk, vatn og sand. Der opningane er store, er skikken å dytte inn små steinar i kalken. Dagen etter pressa dei mørtelen i hop og jamna overflata med avrunda trestykke. Så kasta dei på ei tynn kalkblanding med ei ause og lét veggen tørke litt, men ikkje for mykje. Både sol og regn kan skade mørtelen, og muren vart tildekt. Siste arbeidet er å stryke på fleire lag med tynn kalkblande. Med heit blanding – det er nyleska, varm kalk og høveleg med vatn – kan dei legge tjukkare på, og spare nokre strøk. Å brenne kalk er for dei som kan det; å stappe mørtel i muren er enklare, også overkommeleg for uøvde.

Eld i fleire døger

Brenninga startar med å legge høveleg store stykke av stein som inneheld kalsiumkarbonat (CaCO3) over brennkammeret i omnen. Så fyrer dei til temperaturen i steinen er minst 850 grader. Elden må vare i to, tre eller fleire døger. Resultatet heiter brend kalk, med formelen CaO. CO2 losnar frå karbonatet i varmen og dunstar vekk. Karbondioksid er ein så tung gass at vekta av steinen vert nesten halvert i varmen. Men steinane kan ha same forma når dei har kolna, og dei lèt seg lagre i lufttette kar. Så, når dei heller vatn på, smuldrar steinen til ein finkorna masse, og blandinga utviklar sterk varme.

CaO pluss vatn vert til leska kalk, Ca(OH)2, eit svært basisk og etsande stoff. Siste endringa kjem når mørtelen – kalk, sand og vatn – er på plass i veggen. Blandinga stivnar ved å sleppe frå seg vatn og ta opp like stor mengde CO2 som forlét steinen under brenninga. Til denne prosessen treng kalken vatn; difor må mørtelen ikkje tørke for raskt. Den stivna massen er ei blanding av sand og kalsiumkarbonat (CaCO3) – akkurat det stoffet som var i steinen før dei brende. Prosessen går kjemisk i sirkel.

– Dette har vore eit eventyr å følgje med på, seier Guttorm Rogdaberg om det samlinga av fagfolk og frivillige har fått til.

Han fekk vite at dei gamle romarane blanda oske frå visse vulkanar i mørtelen og fekk massen til å storkne under vatn, mørtel som altså normalt stivnar ved å tørke. Ei anna historie er at inne i skorsteinar sette dei kumøk – ho måtte vere fersk – til blandinga. Når dei fyrte, fekk mørtelen ei glasaktig overflate. Dette verna steinen i røykløpet og reduserte risikoen for pipebrann.

Eit audkjent siglingsmerke

På Selja står ruinane etter eit 900 år gamle benediktinarkloster som vart reist der på 1100-talet, etter at Selja vart bispesete i 1068. Truleg var det engelske murarar som stod for bygginga. Slikt steinarbeid hadde ingen tradisjon her i landet. Klosteret var det første i Noreg, og det største. Som nytt stod kanskje heile stasen kvitkalka.

Snorre nemner klosteret som eit audkjent siglingsmerke. Etter svartedauden kom det nedgang i livet mellom murane, drifta var avvikla før reformasjonen. Mykje stein vart seinare fjerna, mellom anna for å byggje solobservatoriet Stjerneborg, reist av den danske astronomen Tycho Brahe på øya Ven i Øresund. Albanus-tårnet – etter Alban, namnet på ein engelsk martyr og helgen – står der om lag som det var bygt. Elles er berre litt igjen av murane etter det som var kristkyrkja og fleire andre rom. I særskilde hus var der bakeri, smie og plass til gjester.

I starten på 1800-talet ivra antikvarisk interesserte for å berge restane av klosteret. Men pengar var det lite av, og kvar hadde si meining om kva som var rett å gjere. Hundre år tok det før murane i Albanustårnet var såpass i stand at dei sette tak – tårnhjelm – på toppen av det som er den høgste mellomalderruinen i landet og ruvar 14 meter over marka. I 1935–40 mura dei opp att høge murar til ein terrasse i den bratte bakken nedanfor Sunnivakyrkja. Ho står like utanfor berghola der segna fortel at Olav Tryggvason fann menneskebein som anga godt. Dei nye murane kom opp ved naudsarbeid, i stor grad utført av ungdom som elles ikkje hadde noko å gjere.

Utprøving av mørtel

Sidan 2007 har Riksantikvaren hatt gåande praktisk arbeid med å fjerne betongmørtel i klostermurane og å legge inn kalkmørtel i staden. Heile tida har arbeidet vore praktisk utprøving av mørtel og framgangsmåte; dei hadde ikkje lenger nokon tradisjon å føre direkte vidare. Men nettopp den praktiske røynsla har gjeve grunnlag for betre arbeid etter kvart. Sement hadde vore bindemiddelet gjennom hundre års restaurering. No er alt dette vekke, alt som ikkje tidlegare vart mura nytt med små steinar for å vise tydeleg at det nye ikkje er ein del ruinane. Det nye vert ståande, med betong i fugene.

Med kalkmørtel har dei no vore over alle murar, høgre og låge, med to unnatak. Den høge muren under terrassen oppe i bakken vart kvit av kalk då han var ny, men vert ståande som tørrmur.

– Vi skal ikkje overrestaurere, seier Inger-Marie Aicher Olsrud hos Riksantikvaren.

Sunnivakyrkja, derimot, får kalk i fugene neste år og utover. Litt flikking vert det òg på dei mest vêrutsette sidene av tårnet. Riksantikvaren har betalt kostnadene over ruinprogrammet sitt, rundt 1,7 millionar kroner årleg.

Chris Pennock fortel at det var ikkje berre i vårt land den gamle tradisjonen døydde ut. I Norden og det meste av Europa forsvann kunnskapen om kalkbrenning og bruk av mørtelen på nokre tiår etter 1950. Ingen stad var det skrive noko om emnet, innsikta levde i handverkarane.

No har interesserte danna kalkforum i mange land, organisasjonar for utveksling av innsikt og røynsler. Også i vårt land brenner dei no kalk fleire stader. Truleg får vi sjå kvitkalka murar under fleire hus etter kvart.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ingen stad var det skrive noko om emnet,
innsikta levde i handverkarane.

Restaureringa er så grundig utført at om dei framover stryk på kalkblande, reknar dei med at storarbeidet er gjort for eit par hundre nye år.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis