JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Nyvølt steinfjøs

Dei hadde restaurert og bygt nytt på garden dei bur på, Huden. Då Randi Flåten i 2016 fortalde mannen at ho hadde kjøpt Sygard Svare, fekk han, Steinar Håkenstad, meir å ta tak i.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tunet på Sygard Svare. Til venstre den nyleg restaurerte fjøsen. Bak til høgre låven med torvtak og den tilbygde geitfjøsen med skifer på. Hitanfor fjøsen eit lite hus for kalvehøy. I midten stabburet som igjen skal få torvtak. Til høgre framme, den nyleg restaurerte bua med skorstein. Bak står nedre stugu og til høgre øvre stugu. Begge er utleigde.

Alle foto: Erik Solheim

10050
20220114

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse. Send tipsa til erik.solheim@enivest.net.

Morsslekta hennar Randi kom frå Sygard Svare. Det var mykje av grunnen til kjøpet, for å kunne setje det fallerte tunet i stand. Svare ligg i Skogbygda vest for Vågå sentrum. Dette er den kommunen som har flest freda hus i landet.

På Sygard Svare står dei verneverdige tett. Her åtte dei ikkje traktor før i 1980, då det eldste bustadhuset (Nedre stugu) frå 1764 vart restaurert. Høgst alder har truleg eit stabbur frå 1700. Øvre stugu vart reist i 1848, stallen i 1880 og eit geithus i 1899.

Steinfjøsen

Mest særprega i tunet er fjøsen frå 1839 – ein steinbygning i 15,5 meters lengde og 8 meter breidde. Murane er doble og godt over fire meter høge på nedsida. Under dyrerommet er det gjødselkjellar. Dei som bygde, var tidleg ute med to gryande trekk i tida – å byggje i stein og å lagre gjødsla under tak. Kanskje i 1736 fekk presten i Fron, magister David Schiøth, reist den første steinfjøsen i Gudbrandsdalen. Han ville byggje med noko som varte; særleg i kufjøs har lafta vegger lag til å ròtne. Nokre fleire steinfjøs kom til, men sakte og helst hos embetsmenn og storbønder. Det nye gav status, også den gongen ei drivkraft.

Gudbrandsdalen var tidleg ute med den nye skikken, med endå ein opplysningsprest som pådrivar. Hugo Friedrich Hiorthøy var prost i Gudbrandsdalen frå 1776. Han agiterte som Schiøth hadde gjort, og han snakka i tråd med oppfatninga hos dei styrande i landet. Dei hadde på denne tida og ut heile 1800-talet gåande ein kampanje for meir stein og mindre treverk i uthusa, skriv Arne Lie Christensen i Den norske byggeskikken. Fjøsen på Sygard Svare, med gjødselkjellar, karakteriserer han som avansert for si tid. Under den langvarige trelasteksporten frå mellomalderen og utover hadde det lysna i svære skogvidder – først nede ved kysten, seinare langt oppover i dalane. Prestar i Gudbrandsdalen rapporterte om mangel på tre til hus og ved, og fleire bønder gjorde som prost Hiorthøy hadde sagt. Gjennom eit hundreårs tid kom det ein god del steinfjøs i dalen. Fleire har vore i bruk til det siste.

Også gjødselkjellaren var eit resultat av ei ny tid og andre tankar enn dei tradisjonelle. Boklærde menn prøvde å overtale bøndene til å skaffe seg gjødsellager under tak. Det ville gje meir plantenæring til åkeren, og dermed større avlingar. Steinfjøsen på Sygard Svare var eit tidleg innslag i moderniseringa av jordbruket. Langt opp i Gudbrandsdalen nådde tankar som hadde opphav lenger sør i Europa. Det var idear om å drive meir i tråd med det moderne vitskap hadde funne ut.

På høgkant

Det heiter at på Sygard Svare samla dei stein i seks–sju år før dei tok til å reise huset. Her valde dei ein eigenarta byggjemåte. Store steinar i veggene står på høgkant. Denne sjeldne plasseringa av blokker i veggen meiner Kulturminnefondet gjer bygningen særleg verdfull, og dei løyvde 700.000 kroner til å få opp att huset.

Det vart å gå laus frå grunnen. Det meste av tak og anna treverk var rotna. Mykje av steinen hadde ramla ned, eit vanleg resultat når vatn kjem til og frys i jorda som ligg mellom murvangane for å tette og isolere. På Sygard Svare er veggene i fjøset og kjellaren altså ei blanding av store blokker og mindre stein til tetting av opningar mellom dei større. Slik murane står no, er det flittige sherpahender som har lagt dei opp. Dei fotograferte, teikna og merkte dei store blokkene, som no har fått igjen om lag dei gamle plassane sine i veggene.

Å kopiere slike steinmurar i detalj er i praksis uråd. Men den nye kan få same preget som den gamle hadde. Ei ståande blokk ved eine døropninga i gjødselkjellaren veg sju–åtte tonn, seier Steinar. Og han trur dei fann denne steinen i tufta. Med handemakt fekk dei han til å bli ein del av muren. Blandinga av blokker og mindre stein gjev ein tydeleg logikk i veggene. 19 dagar brukte fire mann på oppdraget, med hjelp av ei gravemaskin til tunge løft. Og som vanleg er, dei måtte skøyte til med ein del ny stein for å nå den høgda muren skulle ha. Då oppdaga eigarane at også gråstein kostar pengar.

Dei gamle murane i Vågå og oppover dalen er av lite tilhoggen stein. Å forme steinen slik at han låg i meir jamne omfar, det var ein skikk etter rallarane som bygde jarnbana lenger nede i dalen for vel hundre år sidan, seier bygningsvernrådgjevar Håvard Syse ved Gudbrandsdalsmusea. Før den tid nytta dei steinen mest slik dei fann han. Dette kravde godt steinauge, trening i å sjå kva for neste stein i røysa som ville høve. Dei hadde ikkje mørtel å fylle ut tomrom med. Også små steinar måtte ligge godt festa. Elles kunne aldri så lite rørsle i muren under vekslande kulde og varme få delar til å falle ut. Tørrmuring – utan mørtel – er 90 prosent arbeid for hovudet og 10 prosent for musklane, seier Haakon Aase, ein vidkjend steinmurar i Nordhordland. Kvaliteten i resultatet og farten i arbeidet stig med øving; nokon annan veg til framgang har ingen oppdaga.

Alle varige steinmurar har band i seg. Ein stein ligg då over to andre, kanskje tre, og bind dei i hop. Med to vangar – ein inne og ein ute – er det vanleg med band også på tvers, steinar som held det indre og det ytre i hop til ei stabil eining. Når både form og storleik vekslar frå den eine steinen til hin, kan dette vere eit kronglete puslespel å få i hop. Rimeleg nok vert ikkje dei vassrette steinrekkjene heile tida like høge. Som regel har dei likevel fått til ein vakker balanse i murveggen. Den flata som er synleg – vis-sida – skulle vere nokolunde slett. Særleg i regnvåte strok var skikken å legge steinane slik at vatnet renn ut, ikkje inn i muren. Når det er så mange ting å passe på, må tanken heile tida ligge eit stykke framanfor hendene.

Måsåtrevet

Det meste av treverket over murane på Sygard Svare er no nytt. Eigarane lovprisar flinke lokale handverkarar for godt arbeid i tunet. Dyrerommet har golv på bjelkar av rundstokkar, oppå gjødselkjellaren. Over ligg det torvtak på åsar frå gavlveggene og inn til eit høgre rom midt på huset, måsåtrevet. Måså er lav som dei samla i fjellet og køyrde til tuns om vinteren. Trev er eit høgtliggande golv. Lavet var fôr attåt høyet til storfe. Drøvtyggarar klarer med sin bakterieflora i vomma å gjere seg nytte av den vanskeleg tilgjengelege næringa i desse vekstane.

Heile tunet skreik etter restaurering og vedlikehald, seier Steinar Håkenstad. Slikt er han van med. I ein tidlegare periode hadde han og familien ansvar for 48 hus på tre gardsbruk. No har sonen overteke jord og skog og dei to meir moderne tuna. Nokon praktisk nytte av restaureringa har pensjonisten Steinar ikkje tankar om. Men han har stor glede av å setje det gamle i stand og å gjere mykje av arbeidet sjølv. Ikkje så lite idealisme lever i bringa. Å halde ved like dei gamle husa, den lite energikrevjande byggjeteknikken og dei materielle minna om ein tradisjonsrik kultur, det er for han å nære røtene i livet.

Torvtak

Torvtak var mykje brukt i Ottadalen. Der låg fleire kilo never på kvar rutemeter, og vi kan lure på korleis dei fann nok i dei furedominerte og uthogne skogane. På dei fleste taka var neverflaka små, men dei varte 70–80 år og ofte lenger, seier Håvard Syse. Nord om Dovre var det ikkje uvanleg å kjøpe never frå Russland, men Syse veit ikkje om at nokon har funne spor etter import til Gudbrandsdalen. Derimot finst det døme på at dei klarte seg utan never til tekkje på torvtak. Då la dei kvabb, innsjøleire, på kvist og røsslyng som leia vatnet ut om veggene. Det hende òg at i staden for å skifte torvtaket, la dei skifer oppå. Ved å la torva ligge tok dei vare på isolasjonen over oppvermde rom. På Sygard Svare ligg det plater på eit par tak. Håkenstad vil ha torv igjen på alle, men det vert med syntetiske tekkje. Torvhalda vert som før. I desse bygdene er torvvolen, stokken som held torva, ein tjukk planke forma med eit møne på nedre flatsida. Gjennom eit rektangulært hòl går ei torvvolsspik festa på taket. I nedre enden held eit hovud stokken på plass.

Få hus frå mellomalderen og 1600-talet står igjen i Gudbrandsdalen. Mange har brunne ned, seier Syse. Det generelle biletet er at i lafta bygningar frå 1700-åra er stokkedimensjonane og materialkvaliteten bra. Det neste hundreåret gjekk det gradvis nedover med både dimensjonane og kvaliteten – og med handverket. Tilgangen på skog var mindre. I 1650 var minste toppmålet på stokkar til eksportlast 17 tommar – vel 44 centimeter. Ut i 1800-åra kunne skogeigarane få avsetning om toppen var berre 4–5 tommar.

Bua og stallen

På Sygard Svare står ei nyvølt bu like ovanfor dei to stovehusa. Ho har inngang i den stavbygde endeveggen til ei sval før det lafta opphaldsrommet med peis og skorstein. To store opningar på kvar side av døra er kledde med store skiferplater. Nedanfor, midt i tunet, stod stallen i sterkt forfall. No har Steinar Håkenstad ordna grunnen og lagt opp ein ny grunnmur til huset for hesten, som vanleg plassert nær stova for folk. Stallen har vore til vøling og er reist på nytt med tett tak. Enno har dei att to store bygningar som treng hjelpande hender: låven med geitfjøs ved sida, og stabburet. Det siste står på ei steinmura aurbu, ein potetkjellar med jordgolv. Kjellaren held på å rase i hop, og laftekassen har skrøpelege botnstokkar. Trehuset må ut av murane før dei kan vøle aurbua. Låven er tidlegare stabilisert, men manglar nokre stokkar nedst i veggen. Det vert nok ordna.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I ein tidlegare periode hadde Steinar Håkenstad og familien ansvar for 48 hus på tre gardsbruk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis