JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Med øks reiste dei bygningsarven

Med øks bygde dei sine hus og sine båtar. Dei felte, kappa og delte tre med øks som einaste bitjarnet. Bygningsarven vår er i stor grad reist med tømmermannsøksa som viktigaste hjelpemiddelet. For dei som vil vøle eldre trebygningar, er det uråd å komme utanom denne reiskapen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei stor bile, med 5–6 tommar (12,5–15 cm) lang egg, er god til å fjerne det som skal vekk av ved på ein rund stokk. Ei liknande øks, men mindre, er standardreiskapen til byggjearbeidet. I midten er ei lettare skogsøks og til høgre ei smaløks til bruk der ei lang egg tek for stor plass.

Alle illustrasjonar: Erik Solheim.

8460
20210312

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse. Send tipsa til erik.solheim@enivest.net.

Dei starta med kvass stein, flint og andre mineral. I Kückhoven i Tyskland fann dei ein lafta brunn frå 5090 år før Kristus. I bygningar var det truleg stavar, ståande stokkar, som bar tak og vegger. Når så jarnet kom i bruk – hos oss for alvor opp mot vikingtida – kunne dei lage meir nøye tilemna trestykke. Og dei fekk utretta meir på ein dag. Ein gong i vikingtida stod dei første lafta stovene ferdige i vårt land, og skikken heldt seg godt inn på 1900-talet. Med øks gav dei stokkane form og hogg dei i hop med tette nover og veggflater. Framleis har vi i underkant av 200 tømmerhus frå mellomalderen – og kanskje bortimot ein million lafta bygningar i alt. Å halde denne kulturarven i stand får ingen til utan kvasse økser.

Dei som ikkje har prøvt, trur gjerne at å emne til ein stokk på denne måten, med handemakt, det er eit slit og tek uhorveleg med tid. Med øving kjem dei fleste på andre tankar. Om skogen står nær byggjeplassen, er det neppe mykje tid å spare på å frakte stokkane langt av garde til eit sagbruk om dei skal bli til firkanta stavar, sperrer og liknande. Å lage bord, derimot, er sagarbeid. Rå ved er lett å hogge, og vi ser i gamle hus at dei har valt tre med dimensjonar som var passeleg tjukke til den ferdige stokken. Dei hogg sjeldan skarp kant på stavar, bjelkar og liknande i uthus. På denne måten vart det mindre ved å fjerne, og den ferdige stokken toler større tyngde om yteveden er med. Delane ser òg venlegare ut med avrunda kantar. I lafta ølhus (oppvermde rom) var kravet til funksjon og utsjånad annleis. Om vi har skoren material til nye delar i gamle hus, må vi likevel lage overflatene likt det som elles er i bygningen, med øks eller annan reiskap som ein gong var brukt. Flatene vert glattare og veden flisar seg mindre om vi høgg i rå ved.

Skanting

Skal vi få arbeidet til å gå unna, må øksa bite – og vere høveleg stor. Til å træ ein stokk – å fjerne den veden som skal vekk – er det godt med ei litt tung og breikjefta bile, ei med lang egg. Ei bile er ei tømmermannsøks, og ein tømmermann er ein husbyggjar. Ei tung øks arbeider godt av si eiga vekt. Å træ heiter somme stader å ry eller rø stokken, andre seier skante. Både reiskapane, dei ulike handlingane og dei ferdige stykka har fleire namn rundt om i dialektane. Orda er ein del av tradisjonen og kulturarven i handverket.

På grove stokkar er det vanleg først å hogge vekk det meste av veden eit stykke utanfor den ferdige flata og så slette stokkane i ein ny omgang. Når dei skulle fjerne så mykje som må vekk på ein brei laftestokk, hogg dei først nokre V-forma, loddrette groper inn mot den ferdige flata. Det gjer det lettare å flekkje ut veden som skal vekk. Ein liten halvmeter mellom kvart innhogg kan høve. Der mindre hunved skal av, kan vi kappe det lause vekk etter kvart bortover.

Den store øksa kan òg vere – om ho ikkje er for tjukk – veleigna til å slette kinningar med i lafteknutane. Kinningar, eller kinn, er flater på skrå inn mot nova, ein oppe og ein nede, ute og inne. Dei finst i dei fleste laftemåtane, for å få novene tette. Til slik sletting vert øksa brukt med ei hand på øksehamaren og ei på skaftet. Det gjev god styring. Nokre har endå breiare og tynnblada økser som har kort skaft og som ikkje er eigna til å hogge med.

Ulike øksar

Ei mindre øks, ei vanleg snikkarbile, høver betre til å lage novhogga og å grøype ut meddraget eller mosefella i laftestokkane. Meddraget er dei to kvasse kantane som skal liggje tett ned på stokken under. Vi høgg ei trekanta grop ut til ein strek som markerer kanten. Ei snikkarbile, handøksa, er den allsidige reiskapen til det meste av bygningsarbeid. Ein tredje variant er ei smal øks med rundt fire centimeter lang egg. Ho er god til å hogge halsar i nova og å fjerne flisene som skal ut av meddraget, før det er på tide å finhogge nøye langs streken på stokken. I mangel på smaløks kan det gjere nytten å bruke eit av hjørna på ei større.

På byggjeplassen kjem ein langt med ei stor og ei mindre bile. Viktigare enn fleire variantar å velje mellom, er det å ha økser som bit godt og som ligg godt i nevane. Det vanlege var å smi eggstålet inn i ei klauv i øksebladet, somme seier skjegget. Egga må vere hardare enn resten av bladet og hammaren. Denne delen er mjukare og seigare, som i handsmidde knivar. Mange har oppdaga at eldre økser og bitjarn jamt over vert kvassare enn mange av dei nye og masseproduserte. Framleis finst smedar som lagar økser eller nyar opp att gamle. Mange seier dei er imponerte over kva dei fekk til i gamal tid med det utstyret dei hadde. Under utsegna høyrer vi liksom den tanken at i dag har vi betre verkty. Men myrmalmen for tusen år sidan var kjend for å gje kvasse sverd og andre bitjarn, og smedane kunne nok sitt fag. Reiskapane var utvikla i praksis gjennom lange tider.

Kvessinga

Å kvesse økser er enklast på slipestein. Steinen skal rulle mot egga. Motordrivne skiver som går fort, ber med seg risiko for at sjølve egga vert varm og misser herdinga. Med slikt utstyr kan vi ikkje slipe egga heilt ut; det vert meir igjen å ta med brynet. På steinen prøver vi å halde øksa stabilt slik at slipeflata vert høveleg brei, likt på begge sider. Vi får då ei litt innhol flate bak egga. Det er vanleg på snikkarøkser. Då går dei godt i veden, og vi kan lett fjerne tynne flak. Tjukna på øksebladet avgjer kor brei slipeflata bør vere. Rundt 30 grader vinkel i egga er høveleg, skriv Jon Bojer Godal i boka Om det å lafte. Vi held på til steinen lagar ei ro langs egga, ein kant som vi kjenner med fingeren på den motsette av slipesida. Skogsøkser, derimot, sliper vi med ein veik runding utover (konveks). Då toler egga meir hard kvist og frosen ved. Dette får vi til ved å vippe hamaren opp og ned medan steinen går.

Kvass reiskap får vi ikkje utan å bryne. Først stryk vi av roa. Då er det igjen små hakk i egga etter metalldelar som har brotna av. Vi må halde på til den ytste flata er blank og slett. Brynet bør liggje nær slipeflata, slik at egga ikkje vert butt. Nokre fører brynet langs egga, andre vinkelrett på ho. Godt resultat krev ofte god tid. Når øksa kjennest kvass ut, går vi over til eit meir finkorna bryne, ein hein, som polerer meir og tek dei siste, små hakka i egga. Når bitet er godt, vert det endå betre av å dra egga over eit skinnstykke. Ein skogsarbeidar som hadde drive med øks og handsag, fortalde at i pausane sat dei og strauk egga over loven i neven. Bitet varde då lenger, meinte han. Ein gamal laftehoggar hadde som råd å bryne på nytt etter litt bruk av øksa. Også det gav meir varig bit, var hans røynsle. Etter mykje bruk og bryning, vert egga gjerne butt, for bratt. Då må ho igjen på steinen. Men det er eit poeng å ikkje slipe vekk for mykje av bladet på ei god øks.

Med øks åleine

Med ei kvass og høveleg stor øks er det høgst overkommeleg å felle og kappe tre med moderate dimensjonar. Så seint som ut på 1900-talet var øksa framleis ikkje uvanleg som einaste reiskapen for dei som dreiv i tømmerskogen. Nokre svenskar skulle i vår tid skifte nokre åtte meter lange sperrer i ei steinkyrkje frå mellomalderen. Veden i dei nye skulle vere som i dei gamle, og dei skulle utføre arbeidet som då kyrkja vart reist. I skogen leita dei opp ei stor nok rakvaksen fure, rund i forma og utan nemnande kvist i den stammen dei trong. Fura felte dei og kappa ho med øks. Så kløyvde dei ho – med øks og trekilar – i to, etterpå i fire og til slutt i åtte like delar. Alle delane var store nok til firkanta sperrer med rett dimensjon. Yteveden gav sperrene styrke, trekanten inn mot mergen fjerna dei.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei som ikkje har prøvt, trur gjerne at å emne til ein stokk med handemakt er eit slit og tek uhorveleg med tid. Med øving kjem dei fleste på andre tankar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis