JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Lafta hus – trearkitektur som nådde store høgder

I Noreg nådde laftebygginga sitt høgdepunkt i Europa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit telemarksloft på Su-øygarden i Rauland. Den lafta kjernen går opp frå stabbane. Kring heile kassen i andre høgda er der sval, nede berre i fronten, inngangen. Ståande tiljer dekkjer svalgangane. Slike hus bygde dei lenge etter mellomalderen.

Alle illustrasjonar: Erik Solheim.

9968
20210507

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse. Send tipsa til erik.solheim@enivest.net.

I Mellom-Europa og Sør-Skandinavia levde dei førhistoriske stavhusa vidare gjennom mellom­alderen med stokkar eller bord mellom stavane og som utmura bindingsverk.
Lenger nord og på dei store austviddene i Europa kom lafteverket med nye tider.

Dette er eit viktig poeng for tidlegare riksantikvar Roar Hauglid i boka Laftekunst. Sør i Europa hadde dei drive med ei slags lafting så tidleg som i den yngre steinalderen, ein gong mellom 2000 og 4000 år før Kristus. Fart i denne byggjemåten hos oss vart det likevel ikkje før det nærma seg vikingtida. Her gjekk ættesameiget og storfamiliedrifta over til oppdelte gardar.

Hus og tun skifta ham

Langhuset på storgarden vart til fleire små. I byane stod dei nye bygningane gjerne i rekkjer. I Russland er røykomnen minst tusen år gamal. Gradvis kom han inn i norske stover òg. Røyken låg framleis under taket.

Sjølv om funna er for få til å byggje sikre oppfatningar på i eitt og alt, meiner fagfolka at i alle fall hovudtrekka er nokolunde klare.

I sitt store verk Norske tømmerhus frå mellomalderen har Arne Berg gjort greie for 130 lafta bygningar med eitt rom frå den tida. Tre av dei er frå før 1350, før svartedauden. Dei eldste av husa som enno står, er av tre med ulike dimensjonar frå det eine til hitt. Ein del stokkar er runde som treet, andre har oval form, dei er magetelgde. Somme fekk to stokkar i veggen ved å kløyve treet. I eit bur (matlager) i Vinje målte Berg høgda opp til 65 centimeter mellom meddraga. Nedst i veggene ligg trapesforma svillstokkar, som regel høgre enn dei som kjem lenger oppe.

Variantar

Samanhogginga i novene endra seg gjennom hundreåra, men sakte. Det som heiter findalslaft, går for å vere det eldste. Det høyrer i hovudsak mellomalderen til, mest før 1350. Hilmar Stigum, tidlegare konservator ved Norsk folkemuseum, meinte ordet kom av fyrndalslaft, gamaldags laft. Ordet vart brukt i Numedal av dei som bygde seinare, etter yngre skikk.

Halsen i findalslaftet – den delen som går gjennom nova og ut til hovudet – ligg i nedre halvdelen av stokken. Etterfølgjaren, raulandslaft, har halsen både over og under mergen og vart brukt gjennom ein lengre periode. Hals midt i stokken vart òg hovudtrekket seinare, så lenge laftinga levde. Innanfor denne hovudtypen varierer forma på halsen og kinningane, flatene der stokkane skal møtest tett opp gjennom novene. På nokre hus er desse skrå flatene synlege, på andre er dei skjulte. Alt vart gjort med hendene og enkle reiskapar, og det finst knapt to hus som er akkurat like. Kravet var tydelegvis at stokkane fell tett saman og kviler støtt, og vi får mistanke om at dei ville ha eit vakkert resultat.

Slikt kan ingen lære etter boka. Laftehoggaren må vite kva han skal fram til og kjenne rekkjefølgja i handlingane på vegen dit. Å streke opp kva som skal vekk under og over stokkane, følgjer same hovudreglane opp etter veggen. Men augemålet må til for å få novene i hop på ein solid og vakker måte.

Kva for justeringar ventar dersom stokken ikkje ligg som han skal? Kor mykje må vekk ein eller annan stad dersom stokken skal falle høveleg langt ned, slik at han kviler på stokken under, og det ikkje vert slark i nova? Å lafte er mykje arbeid for hovudet. Alle handverk har sine knep for å skjøne kva som er feil, og så komme inn att på rett spor.

Det går historier om eldre bilmekanikarar som høyrde på lyden kva som var gale med motoren. På laftet høyrer vi når stokken er på plass om vi slår på han, og kvar det buttar om noko står i vegen. Men meir er det bruk for eit øvd augemål. Den som skal lafte, må forstå meir enn det som er lett å forklare, sjå inn i dei neste hogga. Det handlar om å kjenne det på seg. Slikt kan ta tid å få inn i kroppen så godt at nevane på lag veit sjølve kva dei skal gjere. Men gleda når det går bra, er god løn.

Skorstein og glas

Dei første stovehusa hadde berre eitt rom. Varmekjelda var åren midt på golvet. Over åren hang gryta som ein kokte i. Røyken slapp ut gjennom ein opning i taket, ljoren. Etter kvart bygde nokre taket ut over inngangsdøra, ho var i endeveggen. To stavar kunne vere støtte. Når dei så seinare tetta den nye endeveggen, hadde dei ei toroms stove. Neste steg var å gjere det nye rommet større og dele det i to, ein kove eller kleve og ein gang eller ei forstove. I slike hus budde folk flest gjennom hundreåra, somme stader eit godt stykke inn på 1900-talet. Røykomnen kom inn og åren slokna.

I somme distrikt var dei tidleg ute med peis og skorstein, andre var meir nølande. Til sist kunne dei lune seg rundt jarnomnen på vinterkveldane. Skorsteinen opna for å legge lem over stova og byggje på i høgda med loft.

Den lange utviklinga gjekk ikkje raskt, og heller ikkje i takt over heile landet. Til det var vekslingane i det realøkonomiske grunnlaget og andre vilkår for store.

Det lysna nok i livet for mange då dei fekk glas i stovene. Ei anna endring følgde med. Tidlegare var det ikkje uvanleg at taket gjekk ut forbi dei lafta veggene. Under utstikket fekk dei ei sval, heilt eller delvis skjerma med ståande tiljer eller annan kledning. Då hadde dei ekstra rom under tak, og utbygget verna veggene mot regn og ròte. Sval kunne det vere både på langsidene og endane, særleg der drivet stod på. Når veggene fekk glas, måtte svalene vekk for å sleppe lyset inn.

Dei eldste taka over stovene var med sperrer. Somme la inn ein langsgåande stokk eller to – bjønnaryggar – på kvar side av mønet, til støtte under sperrene. Mønsås var eit vanskeleg innslag så lenge dei hadde ljore i taket, men kombinasjonen av dei to fanst. Etter kvart det meir vanleg, mest på Austlandet og i Trøndelag, med reine åstak. Då låg troet etter fallet på taket, med unnatak for den nedre delen. Der ligg borda på langs av huset, kvilande på korte sperrer frå den nedste åsen og ut over veggen.

Der laft møter stav

Ikkje noko land har så mange lafta bygningar frå tidleg i mellomalderen som Noreg, skriv Roar Hauglid. Dei fleste av desse husa er loft, dei andre er stovehus. Hauglid konkluderer slik: Å byggje med liggande stokkar var ein teknikk som kom frå slaviske område. Noreg vart ein møtestad for laftebygget frå aust og stavverket frå Vest-Europa. På begge desse områda skulle Noreg med sine stavkyrkjer og loft komme til å utvikle dei to byggjemåtane til høgdepunkt i trearkitekturen.

Loftet var ein prestisjetung og rikt dekorert bygning i to høgder. Oppe var det gjesterom som skulle gjere inntrykk. Først stod også desse husa frå tidleg i mellomalderen på steinar nær marka. Seinare fekk dei plass på stabbar over ei grime – ei ramme av høge, trapesforma stokkar som var lafta i hop som grunnstokkane i stovene. Mange loft er kjende for sine svalgangar rundt det øvste rommet, som er lafta vidare opp på veggene i første høgda. Svalene ligg på bjelkar som stikk ut, ofte med støtte av undermenn – laftestokkar som når utom novene øvst i første høgda. Svalgangane er omkransa av ståande tiljer mellom dekorerte stavar som også ber dei nedre delane av taket. Utskjeringar og anna pynt var det mest av på endeveggen inn mot tunet. Der var også inngangen. Dekorerte beitskier, kunstferdige hengsler og ulike mønster på ståande stokkar både oppe og nede går igjen.

Då folketalet tok seg opp att etter svartedauden, brynte bøndene igjen økser i skogane. Nye hus skulle opp. Dei fleste er mindre påkosta for stas og prestisje enn arven frå mellomalderen. Om det kjem av at folk ikkje hadde råd, eller om dei ikkje brydde seg lenger, er uklart. Mange hadde heller ikkje skog med eigna tre. Ei forklaring på at lafteteknikken ikkje fekk fotfeste i det lauvskogdominerte Vest-Europa, er at dei mangla barskog med lange og rette tre. Men også på Vestlandet og i Nord-Noreg har mange hus lafta vegger. Stokkane måtte dei ofte føre lange strekningar. Til rom som ikkje er oppvermde eller skal ta vare på matvarer, besteklede og andre verdfulle ting, kunne dei nøye seg med enkle nover og veggar som ikkje var tette. Både høy og båtar står seg best i luftige rom, så løer og naust kunne vere av bulkete stokkar. Der samanføyingane ikkje var stabile nok i seg sjølv, hadde dei ulike måtar å stive av veggene på.

Ein million lafta hus

Dei fleste lafta husa som står i dag, kom opp etter 1600-talet og fram til for hundre år sidan. Dei står med nokre hovudformer av laftemåtar; 25 ulike halsar har Jon Bojer Godal registrert. I lag med mange variantar av kinningar og anna, vert mengda av ulike nover ein svær skog av nyansar. Laftehoggarane følgde skikken, men hadde sin måte å gjere det på. Skikken er ei rettesnor, men aldri heilt stram. Kvar kropp set sitt preg.

Ein så samansett byggjemåte som lafting er, har rom for det. Mot rask bygging med lette vegger, ein teknikk importert frå Amerika, kom øksa og tunge stokkar til kort. Likevel står det kanskje så mykje som ein million lafta hus igjen. Og igjen kjem det opp nye, ikkje berre maskinproduserte hytter av vekslande kvalitet. No er det tydeleg at interessa stig for å vøle dei gamle og ta dei i bruk igjen. Kulturminnefondet melder om stor auke i talet på søknader. Fleire har fått sans for kvalitetane i denne omfangsrike kulturarven. Det kostar oftast mindre å restaurere hus som står, enn å byggje nytt, og tilskotsordningane vart romslegare med tida. I tillegg: Dette er hus som varer. Dei krev lite energi å setje i stand samanlikna med å byggje nytt.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire har fått sans for kvalitetane i denne omfangsrike kulturarven.

Å lafte er mykje arbeid for hovudet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis