JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Kan du vøle eit enkelt hus sjølv?

Med noko praktisk røynsle i hovudet og hendene kan det vere overkommeleg å vøle eit mindre og enkelt hus utan å ha gjort akkurat det før. Men bak arbeidet må det ligge ein iver etter å få det til.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6655
20190125

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Restaurering er handverk, med øks, navar, handhøvel og slikt. Det let seg ikkje gjennomføre med nymotens reiskapar og material frå trevarebutikken. Feil material vert eit varig minne om dårlege val. Det viktigaste er å gripe inn tidleg nok, før skadane er store. I bygdene står mange mindre bygningar som ikkje treng stor hjelp for å klare seg. Det kan vere nok å tette taket. I første omgang vil metallplater stanse forfallet og kostnadene ved å gjere arbeidet skikkeleg seinare. Om den praktiske nytten av slike hus er liten, viser det seg at mange saknar dei når dei har sige i marka.

Først gjeld det å finne ut kva delar som treng vøling. Har fundamentet av stein svikta, eller har huset kome ut av stilling av andre grunnar? Kor mykje av treverket har rotna? Er dette delar under store påkjenningar, eller slike som kan tole litt skade? For å skjøne kva som skal til av nye delar, lyt vi forstå korleis huset er bygt – kva som held det oppe og korleis det er stiva av.

Stavar som står fritt på stein eller mur, ber taket i grindbygde hus. I slekt med stavane er standarar eller stolpar som står på liggande svillstokkar oppå muren. Dersom huset er skeivt og mønelina hallar eller er ujamn, må vi finne årsaka til at skapet er endra. Er det treverket eller underlaget som har svikta? Stein til fundament ligg som regel på staden; betong er det ikkje bruk for. Under torvtak er det ikkje så nøye om flata er litt bølgjete dersom taket er sterkt nok. Utsjånaden har mange ordna med torva. Eit visst preg av alderen kan jamvel vere verdt å ta vare på, dersom materialen er frisk og fundamentet stabilt.

Før restaureringa

Før restaureringa startar, er det lurt å fotografere det som er, og kanskje lage enkle skisser – med viktige mål på – av grunnplanet og dei delane av huset som vi må skifte ut. Det er nyttig når vi skal få tak i nye delar. Til god restaurering høyrer det at nye delar har same form som dei originale, og er av same treslaget. Har den gamle staven vankant, bør den nye ha vankant. Er sperrene rundstokkar, høver det ikkje å komme med slike som er skorne i firkant. Med litt øving får mange til å forme nye delar med øks, som bør vere målet dersom originalane har flater etter bila. Kanskje finst der nokon som kan hjelpe til i starten? Resten er øving. Restaurering er å kopiere ein velprøvd byggjeskikk og å følgje ein heilt annan tankegang enn dagens industriproduksjon av hus.

Bygningar som er ute av stilling, må vi jekke opp att i den posisjonen dei skal ha. Først den eine sida, så hi, og gjerne noko justering til slutt. Å løfte heile huset samstundes kan ende med at heile greia ramlar utanfor fundamenta. Det er slåande korleis delar som var ute av stilling, fell i hop og gjev huset den rette forma når det kjem attende til si opphavlege stilling. Ikkje alt treng å vere heilt i lodd eller vassrett. Men det berande må vere stødig, og i visuell balanse. Dette ser vi best på avstand. Å måle med vater kan vere til litt hjelp, ikkje meir. Auget ser best når heilskapen står slik han skal vere. At grunnflata har skeive vinklar, kan godt vere heilt rett.

Dei rette trea

Når spørsmålet er kor mykje av det skadde treverket vi bør skifte, er det generelle svaret: ikkje meir enn det som er øydelagt. Mange delar som ser dårlege ut, kan vere harde og friske like under overflata. Med ein kvass syl eller kniv finn vi det ut. Huset bør ikkje bli eit lappverk av nye og gamle delar i blanding. Då misser veggen sitt opphavlege preg. Gamle kledningsbord som framleis er friske, er gratis og minst like varige som nye. Då lagar vi helst eitt felt med nye og eit med gamle. Dersom ei sperre eller ein bjelke er svekt av ròte, er det i vanlege hus mest vanleg å setje inn ein kopi i staden for det øydelagde. Høge og smale – totoms – sperrer er ikkje eit alternativ. Materialen i gamle hus er ofte solid dimensjonert. Sperrer i uthus kan likevel verke spinkle. Men er dei friske og har bore taket gjennom mange vintrar, er dei sterke nok også for framtida. Dei gamle bygningsmennene visste meir om materialkvalitet enn dei som i dag konstruerer hus etter formlar og tabellar. Mange faktorar avgjer styrken; smale årringar er ein av dei viktigaste. Det gjeld å leite opp dei rette trea til ulike føremål.

Stavar og standarar som er rotne nede, kan vi la stå med ein kort stabbe under ei reinskoren endeflate på den gamle – eller med ein bladskøyt, dersom den nye delen er høg. Har staven rotna i toppen, vil dei fleste lage ein ny. Ei skrøpeleg stavlægje i eit grindbygg kan vi erstatte frå bete til bete, gjerne med ein bladskøyt innanfor stavøyra, dei to tårna som stikk opp i toppen av stavane. For å få dette til, må vi fjerne taket eller løfte dei sperrene som skal liggje på den nye stokken. Sperrer som er rotne i den nedre delen, kan vi flikke med ny ved akkurat der, og la resten ligge. Lekkasjar lenger oppe er ofte grunnen til at sperra har rotna i midten, medan veden i yta framleis er hard. For å finne ut av dette, må vi gjerne fjerne nokre trobord.

Førstehjelp

Er huset i akutt fare, kan det trenge mellombels hjelp til å stanse forfallet. Ei veik sperre kan vi gjere sterkare med ein boks spikra inn til sida. Ein dårleg stav kan få ei ny støtte attmed. Dette er førstehjelp, ikkje restaurering. Slike støtter kan få huset til å stå, men sjølv i uthus vert det litt som ein spjelka legg samanlikna med ein frisk ein – hugnaden er ikkje den same. På den andre sida: Om nye delar ikkje akkurat er etter oppskrifta – om dei er sagskorne i staden for hogne med øks – er det eit betre alternativ enn at huset sig i hop. Mange eldre hus er til nytte og glede, sjølv om dei ikkje er utgamle og når høgt i verneverdi. Dei har si historie og er synlege bindeledd til fortida. Interessa for slike mentale haldepunkt er aukande.

Både Riksantikvaren og Fortidsminneforeningen har trykksaker og nettsider med svar på mange spørsmål som dukkar opp, om både dei store tinga og mindre detaljar. Tida som går med til å lese på førehand, sparer vi ofte lett inn att seinare, og vi står att med eit betre resultat.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Restaurering er å kopiere ein velprøvd byggjeskikk og å følgje ein heilt annan tankegang enn dagens industriproduksjon av hus.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis