JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Frå kamparena til kultursentrum i Melhus

Det måtte kamp til for å berge den herskapelege prestegardslåna i Melhus. På 1980-talet var det planar i kommunen om å rive bygningen. Sterk lokal innsats tok til motmæle, og i 1996 freda Riksantikvaren huset og hagen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Prestagardslåna i dag, 37 meter lang og nesten ni meter brei. Eit gjenreist bur i bakgrunnen.

Alle foto: Erik Solheim

8827
20230811

Restaurering

Erik Solheim har i ein del år hatt restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse. Send tipsa til erik.solheim@enivest.net.

I kommunestyret og kyrkja ville mange rive låna for å utvide gravplassen like ved. I 1960 var ei rekkje uthus alt vekke og kyrkjegarden utvida inn over prestegardstunet. Eit stabbur vart lagra, det er seinare sett opp att. Etter kvart vart det til dels amper debatt mellom dei som ville ha større gravplass, og dei som ville berge låna. Ein del av ho er akkurat 300 år gamal. Ragnhild og Signy Overbye i lag med Jens Loddgard stod i spissen for dei som ivra for å ta vare på det gamle prestehuset. Utan dei hadde det ikkje gått, seier Kristin Kaasa Moe. Ho er i dag styreleiar i den private, ideelle stiftinga som i 2002 fekk overta eigedommen gratis av kommunen.

Sommaren 1991 vart kyrkjegarden igjen utvida inn i hagen nær låna. Men før arbeidet var ferdig, freda fylkeskommunen i september 1991 huset og hagen mellombels. Dette vedtaket vekte eit veldig sinne i motstandarane. I 1996 gjorde altså Riksantikvaren fredinga varig. Så, i 2021 fekk stiftinga overta låven på garden av Opplysningsvesenets fond for null kroner.

I dag har stiftinga eit strålande samarbeid med kommunen, seier Kaasa Moe. Arbeidet for eigedommen og stiftinga kallar ho sitt kall i livet.

Arne Berg, arkitekten med ord på seg som legende i kulturminnevernet, var ein viktig støttespelar for å berge låna. Seinare undersøkte han huset nøye og teikna og leverte råd om kva dei burde gjere. Også fleire andre gjekk grundig til verks i huset og historia. Dei praktiske tiltaka stod på solid kunnskap.

Melhus kyrkje

Like ved prestehuset står Melhus kyrkje, ei nygotisk krosskyrkje i stein frå 1892. Ho ligg vakkert til på eit høgdedrag og har plass til 500 menneske. Tidlegare vart ei mindre kyrkje frå mellomalderen – også ho i stein – riven. Å fjerne dette gudshuset vekte også strid i bygda, men det gamle forsvann. Den nye kyrkja vart ståande på om lag same staden som den gamle.

Låna har svære dimensjonar, ho er 37 meter lang og nesten 9 meter brei utvendig. Prestegarden var ein storgard, eit feitt kall i ei rik bygd i Trøndelag heilt frå mellomalderen. Eldste delen av huset, den austre, kom truleg opp i 1723. Den vestre delen bygde dei på i 1745. Frå 1821 stod i tillegg ein nesten like stor bygning mot nord, vinkelrett frå den austre enden. Han vart bygt for eigne midlar av ein prest som ikkje var nøgd med det statlege prestehuset.

Men så døydde presten brått, og etter ti år på staden vart den private tilleggslåna seld. I dag veit ingen kvar ho vart av.

Herrestua og borgarstua

No er det 13 rom i første høgda og 14 oppe i andre. Den austlege enden har eit stort enderom – tvers over heile breidda – kalla Herrestuen, ein sal til bruk når tilreisande styresmakter kom til prestegarden. No vert salen brukt til ulike arrangement for publikum.

I den andre enden, i borgestova – rom for tenestefolk – hadde forpaktaren kjøkken nede og stove og soverom oppe. I andre høgda ligg elles romslege soverom, kontor og gjesterom på rekkje. Presten disponerte storparten av huset, som har interiør frå både 1700-, 1800- og 1900-hundretalet.

Den vestlege delen står om lag som han gjorde i 1877. Etter 1929 er det heller ikkje gjort andre, større endringar. Huset er eit godt tidsvitne om byggjeskikken og livet på denne embetsgarden gjennom lange tider.

Hovden, Garborg og Hauge

Den første presten i låna heitte Christen Lyster. Han var skipsprest for Peter Wessel Tordenskjold før han kom til Melhus. I alt hyste låna 21 prestar før den siste flytte ut i 1961. Han fekk då ny og moderne bustad av Opplysningsvesenets fond, som lenge åtte dei kyrkjelege eigedommane og delvis gjer det enno.

I 1910–1920 sat Anders Hovden, ein av dei mest kjende utanfor det kyrkjelege, i embetet. Etter han og særleg etter sonen Øystein – også prest – har låna i dag ei samling av bøker og preiketekstar. Hovden den eldre har fått ei stove kalla opp etter seg, Hovden-stova, mellom anna fordi han reiv ned ein vegg for at alle ungane skulle få vere i same rommet som dei vaksne når huset hadde gjester.

Arne Garborg budde hos Hovden. Prestegardane gav lenge losji for dei boklege og åndelege på reise. Hans Nielsen Hauge var òg innom, men under verre kår. Han måtte tole harde forhøyr av prost og biskop i eit rom på loftet. Rommet ber no namnet hans.

Vedlikehald og vøling

Alle gamle hus treng vedlikehald og no og då ei større vøling; dei yngre er det vanskelegare å gjere noko med dersom forfallet kjem langt. Både i 1877 og 1929 vart prestegardslåna rusta opp. Kommunen la nytt skifertak på 1960-talet. Då stiftinga tok over, var det likevel ein god del å gjere. Men av tømmerveggene var det berre éin liten stubb dei måtte lafte på nytt. Kledningen ute er skrapa og måla. I 1877 fekk huset nye vindauge i den tids sveitserstil. I den austre delen av huset vart vindauga skifta ut i 1929.

No trur dei at vindauga er om lag som på 1700-talet, med barokkpreg – to rammer med mange små ruter i kvar.

Takrennene er nye i kopi av dei som fanst i 1929. Innvendig har to skorsteinar fått stålrøyr på innsida, alt det elektriske er nytt, og ymse anna er sikra. Mørkeloftet er isolert, nokre golv er retta. Ny vassleidning og avløp har dei òg fått på plass.

Hussopp

I 2018 oppdaga dei ekte hussopp i kjellaren. Dette er ein ròtesopp som gjer stor skade på treverk, ein av dei verste. Han veks ut i store flak med ujamn overflate. Fargen er gjerne kvit i kantane og elles raudbrun i ulike valørar. Han utviklar seg i basisk miljø, ofte der treverk ligg på steinmurar med kalk i puss eller fugemasse. Inneklimaet må vere fuktig. Strengar av mycelet, den veksande delen, kan føre vatn lange strekningar, visstnok fleire meter. Mest utsette er kjellarrom på dårleg drenert mark. Skada treverk får ein brungrå farge og sprekk på langs og på tvers etter nesten beine striper. Brunròte, er namnet frå fagfolka.

Dei lange mycelstrengane gjer at mykje treverk må vekk for å få bukt med soppen. I prestegardslåna måtte eit stort arbeid til for å fjerne dei ròtne delane og få vekk vatnet som gjorde kjellaren fuktig. I tørr luft har hussopp små sjansar.

Veggene innvendig har dei ikkje gjort stort med. Huset står med sitt preg av alder og bruk gjennom ei lang historie. Sidan huset er freda, har riksantikvaren betalt mykje av kostnadene med restaureringa. No er huset i så god stand at berre vanleg vedlikehald trengst framover. Eit nytt gjerde av tre står som ramme rundt huset og historia.

Kultursentrum

Stiftinga har gjort låna til eit kultursentrum i Melhus. Sidan 1992 har Prestegardslånas Venner, skipa i 1985, arrangert opne og gratis onsdagsmøte med konsertar og foredrag, kåseri og liknande om ulike emne, eit folkeopplysningstiltak som har nådd godt over 300 kveldssete. Venene utfører ymse praktiske arbeid til beste for huset og hagen, medlemskontingenten går til økonomisk støtte. All innsatsen er gratis; dei som har program på onsdagsmøta, får heller ikkje honorar.

Stiftinga inviterer barnehagar og ungdomsskuleelevar til orienteringar om livet på ein gard i eldre tider. Dei får òg gjere noko praktisk og jordnært – setje poteter, slå gras, køyre inn høy og ta opp potetene. Ein del gamle gardsreiskapar følgde med då stiftinga overtok låven. Frå dei lokale dagsentera kjem dei gamle med sine historier til servering av kaffi og bakst.

I 2021 sette stiftinga i gang eit bygningsvernsenter som held kurs i restaurering av vindauge og dører, kalkmåling, smedarbeid, skifertaklegging og ymse anna. Dei tilbyr hjelp til å skrive søknader for dei som har hus å vøle. Ingen er tilsett, men nokre fagfolk får betaling for det dei utfører. Dei som styrer med stiftinga, gjer sin innsats gratis.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hans Nielsen Hauge måtte tole harde forhøyr av prost og biskop i eit rom på loftet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis