JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Enno i dag treng vi bitjarn frå vikingtida

Den som skal lafte, treng ein reiskap attåt øksa for å få stokkane tett i hop. Frå gamalt var det ein med eller eit medrag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Til venstre ein vanleg navar som gjev koniske hol, om ein ikkje borer heilt gjennom veden. Til høgre ein skeinavar som liknar den som arkeologane har funne i Osebergskipet og på Bryggen i Bergen.

Alle illustrasjonar: Erik Solheim

8620
20210319

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse. Send tipsa til erik.solheim@enivest.net.

Når ein stokk er komen så langt ned i novene at han ligg nær stokken under, er medraget eit hjelpemiddel til å lage ein strek i den uferdige stokken der han skal falle saman med den som ligg under.

Eit medrag har to metallspissar, maurar, med fast eller variabel avstand, eit par centimeter eller meir. Medrag er òg namnet på det rommet vi høgg ut i stokken, mellom strekane. Det fyller vi med mose for å tette veggen. Austanfjells har skogsmosar (furemose, etasjemose og sigdmose) vore mest vanleg. Dei veks på fastmark, mest i barskog. På Vestlandet ligg det mest torvmosar (Sphagnum-artar) mellom stokkane i eldre hus. Torvmosar har ein påvist bakteriehemmande funksjon. Nokre hevdar at skogsmosar har same eigenskapen.

Når ein stokk under arbeid er komen nesten ned på veggen under, er det tid for å medra. Vi dreg den eine spissen langs den faste stokken, den andre rissar ein strek i stokken over, den som skal lenger ned. Dette gjer vi på begge sidene. Dei to spissane må vi halde i lodd, og stokken over må ligge slik at han skal falle rett ned i novene, ikkje til sides. Når vi så lagar ei V- eller U-forma grop i stokken over, akkurat ut til den rissa streken, vil stokkane falle tett i hop i heile lengda. Stokkane treng ikkje vere jamne for å få dette til. Er det ein kul på stokken under, vert det merke til ei grop i den andre. Novhovuda – det som stikk ut om veggen – er ofte flate over og under. Medraget gjev svar på kor mykje vi skal hogge vekk for å hindre at stokken vert liggande på endane og ikkje falle i hop i veggen.

Arne Berg har i Norske tømmerhus frå mellomalderen teikning av eit medrag frå Setesdalen. Det er tidfest til 700–1100 og liknar svært på slike som framleis er i bruk. Nokre har faste avstandar mellom spissane, klørne. Andre er til å regulere. Til å måle meir varierande lengder for å merke kor mykje som må vekk i sjølve nova, var ein passar av metall også i bruk.

Navar måtte dei ha

For å gjere lafta vegger meir stabile sette bygningsmennene ofte inn dublungar mellom stokkane. Dette er loddrette blindnaglar inne i veggen. Dei hindrar at stokkane vrir seg mykje, og dei hjelper til å halde veggen ståande om han vert skadd av lekkasje og ròte. Til det hadde dei bruk for ein navar, ein borereiskap som gjev koniske hol. I stavbygde hus gav slike hol feste for naglar som heldt støttande skråband på plass.

Navaren trong dei til å feste tro (takbord) på sperrer og åsar, til å feste kledningsbord og opplengjer utanpå høge tømmervegger. Opplengjer er loddrette stokkar som bidrar til å halde veggen stabil, og som dei festa kledninga på. Med hovud på naglen utvendig og ein kile i naglen innvendig står han bom fast når hòlet innvendig er kona med navar. Til dublungane bora dei ned i ein stokk og opp i neste. Då hadde navaren gjerne ein diameter på 5/4 tomme. Sjølve naglen er gjerne av bjørk, påkjenningane kunne bli store. Til bordkledning var 3/4 tomme vanleg.

Dei første kjende navrane var forma som ei langstrekt skei. Ein slik fann dei i Osebergskipet, og verktyet var framleis i bruk ved Hardanger Fartøyvernsenter i 1996, under restaurering av galeasen «Svanhild». Det er ein skeinavar med diameter på vel tre tommar, 7,8 cm. Det vart også laga nye skeinavrar til restaurering av Borgund stavkyrkje i Lærdal. Der fann dei heilt sylindriske hol.

Dei som brukte skeinavar som på 1100-talet, seier det går litt seinare enn med den vridde, men ikkje mykje. I hus som enno står, er det mest vridde navrar som var i bruk når dei trong hol i tre. Etter kvart var det navrar å få i mange dimensjonar, frå stiftebor – 3,3 millimeter – til båtnavrar på 3 tommar. Så seint som i 1972 tinga Tromsø Jernvarehandel 900 navrar i ti ulike dimensjonar frå smeden Sigurd Nedrebø på Frekhaug i Meland kommune nord for Bergen.

I Meland var det 24 navarsmedar i 1920, fortel Tine Eikehaug i Navarsmeden, ei bok om denne handverkskunsten. Unggutane var med i smia frå 13–14-årsalderen, men ikkje alle nådde godt nok skjøn og handelag. Nokre lærte det framifrå, dei vart stjerner det gjekk gjetord om i faget. Frå Meland selde dei navrar til det meste av landet. Arbeidet i elden og på ambolten var først å forme det som skulle bli skjeret på navaren til ei kona del. Så hamra dei ut skjeret til ei krumma flate på eit stålstykke med butt egg. Etterpå var det å vri stålet til den rette forma, beinke ut egga og justere.

Nokre var så raske og sikre i slaga at dei ordna alt dette på éi heting, éin gong i essa. Kvass fekk dei navaren først med hendene og ei fil, seinare kom det smergelskiver. Det siste var herding og lynning (anløping), ein kunst i seg sjølv. Då avgjorde dei om temperaturen var rett ut frå raudfargen på stålet. Navaren måtte vere hard nok til å skjere godt og halde bitet, men seig nok til å tole påkjenningane i kvistar og hard ved. I knivar og økser brukar smedane to typar stål, i navaren er alt av same sorten. Ein navarsmed som tok seg arbeid på ein mekanisk verkstad i Bergen, fann seg ikkje til rette. Han hadde ikkje sans for desse ingeniørane som mangla praktisk røynsle i faget, men likevel skulle styre arbeidsmåten. Dei kunne ikkje anna enn å teikne, meinte den røynde smeden.

Glatte overflata

Til å fjerne borken på runde stokkar og å glatte overflata er bandkniven nyttig, no som før. Dette er eit beint eller lett bøygd bitjarn med skaft i kvar ende. Bandkniven var òg – kanskje først – brukt til å dele renningar av lauvtre for å lage band på tønner og andre lagga kjerald. I tømringa er han veleigna når ein vil jamne ryggen på laftestokkar. Det er altså ein reiskap med fleire bruksområde. Når kniven bit godt, kan vi lett flekkje av grove fliser. Men han eignar seg ikkje på flate stokkesider.

Det fann dei råd med. Dei smidde seg skavjarn som går under namna skjøve og pjål. Dette er verkty til å glatte større stokkeflater med, båtbord eller kva det måtte vere. Skjøve er eit vanleg namn på bitjarn som er festa på eit trestykke som vi held på tvers av dragretninga. Ho verkar nesten som ein høvel, men tek grovare spon og lagar meir markerte drag i veden. Tynnare avskjer får vi med å flytte stålet nærare trestykket. Tangane, stålet som går gjennom handtaket, står ikkje fastpressa. Denne reiskapen har vore i bruk sidan vikingtida. Nokre er laga for bruk med ei hand. Då er bitjarnet festa til eit handtak som er litt breiare enn neven.

Ein pjål er òg til å glatte treverk med, ofte eit bitjarn på tvers festa til eit treskaft, om lag like langt som på ei øks. Pjålen kan minne om ei skrape, men i rett stilling skjer også han veden. Pjålar er utforma på mange vis.

Seinare kom høvelen, med den skjerande tanna fastmontert i eit trestykke. Innstillinga avgjer kor mykje ved høvelen fjernar i kvart drag, alt er under kontroll. For alvor kom denne reiskapen i bruk i lag med sagene – handsager og vassdrivne oppgangssager som gav plane flater og gjerne like dimensjonane på bjelkar, sperrer og laftestokkar. Bord kom meir i bruk; dei fekk fleire ut av kvar tømmerstokk og mykje raskare enn med øks og kile. Då vart det berre to, eit på kvar side av mergen. Etter sagtennene var overflata ru. Blada var først tjukke og tennene grove.

I alle fall måtte vissida inne, den folk såg, vere glatt. Okshøvelen ordna saka. Han har to tverrstilte handtak, for fire hender. To menn sit mot kvarandre på stokken eller bordet. Den eine dreg og den andre skyver. Det kan sjå ut som dei stangar, og Store norske leksikon skriv at dette kan vere opphavet til namnet. I Nordfjord er namnet tvimenning, eit ord Ivar Aasen har frå Bergenhus stift. Det er usikkert når høvelen først kom i bruk; kjende røter går attende til 1700-talet. Med kvass egg kan det vere nok med eitt drag, så er flata slett. Roterande maskinhøvlar gjev langt frå same glansen i veden.

Det meste av verktyet som skal til for å få opp gode og varige hus av tre, lafta eller stavbygde, hadde dei funne fram til for tusen år sidan. Dei same reiskapane trengst for å vøle eldre hus på skikkeleg vis i dag òg.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I Meland kommune nord for Bergen var det 24 navarsmedar i 1920.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis