JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Eldre verktøy livar opp att skamfarne hus

I alle tider har folk gjort det vakkert rundt seg. Hus som står igjen frå mellomalderen, er ikkje berre solid bygde av øvde hender og utvalde stokkar. Mange er rikt utrusta med detaljar til glede for auget.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein profilhøvel har same forma på undersida av trestykket som på høveltanna. Heilt til høgre ligg høvelstokken ned på den flate fjøla og stansar høvlinga når profilen er så djup som han skal vere.

Alle illustrasjonar: Erik Solheim

9976
20210416

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse. Send tipsa til erik.solheim@enivest.net.

Det tiltalande var ein del av funksjonen, bygt inn i sjølve huset. Ikkje som utsmykking etterpå. Stovehus og loft var rimeleg nok dei mest påkosta, dei som gav eigaren vørdnad i bygda. Særleg i inngangspartiet – døra og beitskiene ved sida av – vart det lagt mykje arbeid i form og figurar. Breie og utbuka beitskier, dei er tjukkare på midten enn oppe og nede, treng ikkje dette for å styrkje sin del av huset. Det var til pryd. Det var til glede for dei som hadde sitt liv i tunet.

Den dag i dag kan vi sjå kva dei la vekt på, og det som var gjort, skulle vare lenge. Inn mot beitskiene var veggstokkane smalna av. Her har dei mange stader fått dekorative mønster. Til og med i sjølve veggflata, der stokkane ligg på kvarandre, er det profilar å finne. Ikkje uvanleg var det at flatene på novendane fekk holrenner, gjerne med v-riss ved sida av. Dei tohøgda lofta, med lager nede og gjesterom oppe, var særleg påkosta, særleg i veggen inn mot tunet. Undermannen – ein stokk som ligg under dei som stikk ut og ber svalgangen – har mange stader fått figurar på sidene. Stolpar i svalveggene er ofte runde med varierande diameter og valkar som gjev dei litt preg som søyler.

Skavjarn

Kva for reiskapar dei hadde til dette i mellomalderen, er det visst ingen som veit godt. Attåt øks og kniv må dei truleg ha brukt stemjarn med flat egg og med bogeforma, liknande vanleg treskjerarverktøy. Dei som vil lage nye delar og kopiere forma på profilane, treng òg reiskapar som er kopi av dei gamle, som følgjer dei originale formene.

I eldgamle graver har dei funne restar av skavjarn som vart brukte til å lage render på bjelkar, tiljer (ståande veggbord), beitskier og andre delar. Jarna er eggstål som dei drog langs kanten, og som lét etter seg grunne renner og riss. Ein variant med ei holrenne (vid og u-forma) og ei smal v-forma renne på kvar side finst i Borgund stavkyrkje i Lærdal og fleire i loft rundt om. Ei grunn og flatbotna renne – eller fleire ved sida av kvarandre og med ulike breidde – har òg vore brukt. Det profilerte stålet var festa til ei stong med handtak eller lengre skaft. Arbeidet gjekk ut på å dra egga fleire gonger langs veden, til stålet stansa mot flatene ved sida av spora. Utstyret hadde identisk profil på motsett kant, slik at dei kunne lage same mønsteret på begge sidene av ein bjelke og på flata under. Dei kunne snu jarnet om dei møtte motved. Fullt utnytta har eit slikt jarn plass til to ulike profilar.

Viser ideala

Store og staselege hus var det nok ikkje i alle tun. Det skulle eit visst økonomisk overskot til for å betale finarbeidet – folket på garden gjorde det neppe sjølv. Dei husa som vi veit om i dag, er nok dei som var best bygde med rotesterk material av gamle og store tre.

Eit par hundre bygningar står att frå mellomalderen. Dei er for få til å fortelje kva som var vanleg på den tida. Men vi kan tenkje oss at dei viser eit ideal – det som fleire truleg prøvde å etterlikne. Pryd og prakt var sikkert mest for eliten, men likevel ein meir utbreidd skikk.

Frå 1700-talet og utover bygde dei retteleg velståande herskapelege hus med møblar, dekketøy og måleri i stil med det som den europeiske overklassen heldt høgt. Industri, fiske, handel, sjøfart og store eigedommar med jord eller skog gav eit nytt økonomisk grunnlag. Om bygningskroppen var lafta, fekk veggene innvendig no måla lerret, tapet eller kledning av finare treverk, nokre stader brystningar med fyllingar i. Utvendig dekte ståande eller liggjande bord huset.

Fargar vart ein viktig del av arkitekturen. Utforminga av vindauge, dører og listverk endra seg gjennom stilartar som ikkje varte så lenge før ein ny slo gjennom, på nye bygningar. Dei eldre vart i stor grad ståande med sitt særpreg, sjølv om nye generasjonar endra inventaret. Vekslande motar sette også preg på enklare og billegare hus, men alt det nye kunne ikkje bli folkeeige.

Sveitserstilen

Så, i siste halvdelen av 1800-åra, kom sveitserstilen frå Tyskland. Denne arkitekturen greip folket med begge nevane. Små stover vart til større hus og nye kom til, av økonomisk oppgang og i nokre distrikt som følgje av jordskifte. Arkitektar og andre lærde var langt på veg avvisande til dei utbroderte husa. Dette var unorsk, hevda dei, og passa korkje land eller lynne her nord. Men kvit sveitserpynt vart det, jamvel utanpå gamle og brunbarka hus. I møtet mellom den rådande og stadig vekslande arkitekturen (det som arkitektane teikna) og bygdesnikkaren vart variantane mange. Impulsar frå byen kunne bruke lang tid før dei nådde avsides skulekrinsar.

Nokre nybygde sveitserhus kom som ferdige byggjesett frå snikkarverksemder som hadde fått maskiner til arbeidet, alle utskjeringane. Men dei heldt enno oppe kvaliteten på materialen og arbeidet.

Mykje av spesialverktøyet til sveitserhusa og tidlegare stilartar var profilhøvlar til listverk. Det er råd å lage, både til manuelle høvlar og til motordrivne maskiner. Først må vi fjerne målinga, i alle fall der dei har stroke på fleire lag, for å forme høvelstålet nøye etter forma på treverket under. Å bruke ulike høvlar på same fjøla for å få mønsteret til var ikkje uvanleg.

Nót og fjør

Breie golvbord, kanta på gamalt vis etter korleis stokken smalna, følgde hus på gardane langt inn i den nye tida. Borda er pløgde, med nót og fjør som snikkaren høvla for hand. Heller ikkje det er eit urimeleg arbeid. Men borda fell ikkje tett i hop utan at kantane er snorbeine. Vi må først skjere kanten rettlinja, og så høvle dei slette.

Når ein litt lang og kvass høvel lagar spon i heile lengda, er det godt nok. Så høvla dei nót på begge sidene av eitt bord, og fjør (pinn) på det andre. Når dei så la rot mot topp, fekk dei borda med ulik breidde og avsmalning til å byggje jamt bortover golvet. Til å setje borda fast når dei høvla kantane, hadde nokre ein skotbenk. I alle fall for mindre arbeid er eit par bukkar til å kile dei fast i godt nok. Éin høvel skjer ut nóta, ein annan lagar pinn på andre bord. Så er det å feste dei med gjennomgåande spikrar med same form som var nytta i det gamle golvet, minst to i kvar bjelke.

Husmord-vindauga

I 1950- og 1960-åra fekk mange eldre stovehus plater på veggene inne og ny kledning ute. På golva la dei linoleum og mindre varige stoff. Ikkje minst gjekk moderniseringa ut over dei originale vindauga. Småruta glas vart vraka då store husmorvindauge kom i handelen. Dei isolerte betre og var enklare å vaske.

Husmord-vindauge vart det ironisk namnet; for auget tok det nye seg ikkje ut. Kvaliteten viste seg å vere laber. Treverket rotna raskt, dei doble rutene punkterte og var ikkje lenger klare. Mykje av det nye var ikkje liv laga.

I det moderne skulle nye hus vere raske å få opp, utan heft i utrengsmål. Byggjevarene kom frå maskiner; huset skulle ikkje ha preg av handa. Stygt og pent er ord som arkitektane knapt vil høyre snakk om. Byggjeindustrien utvikla seg til å levere hus til eingongsbruk, forbruksvarer. Det går med så mykje energi og materiale at byggjemåten er uråd å halde gåande i lengda.

Attendeføring

Fleire enn før vøler no gamle hus, byggjer dei attende til det opphavlege så langt det lèt seg gjere. Gamle dører, vindauge og listverk er ettertrakta. Før industrien overtok framstillinga, var rammestykka i dører og vindauge tappa i hop og festa med trenaglar. Naglane kan vi banke ut med å slå på ein tretapp mot den tynnaste enden. Hola er koniske etter navaren. Etterpå kan vi ta delane frå kvarandre og reparere det som trengst.

Med ei motorisert sag og høvel er det jamvel råd å lage nye dører og vindauge som kopi av gamle. I Innvik i Stryn fortalde dei om ein eldre snikkar som om morgonen gjekk ned på bualemmen, i naustet, og henta eit par tørre plankar. Han dreiv berre med handverkty. Når dagen var over, stod ei fyllingsdør ferdig med karm, hengsler og alt. Listeprofilar vart til med høvel og handemakt. Framleis er det overkommeleg, i alle fall i mindre omfang. Ein kvass handhøvel gjev ei blankare overflate enn dei roterande. Men også til slike maskiner er det råd å slipe høvelstål som gjev listene rette profilen.

Kor store tidlegare vindauge og dører var, viser ofte på tømmerveggene. Om dei gamle og enkle glasa eksisterer, vel nokre å restaurere dei. Har dei gamle stått i hundre år, toler dei hundre til. For å dempe varmetapet vel nokre å montere innvendige rammer med glas for vinteren. Eller dei gamle vert bygde om til doble, kopla vindauge. Når dei er tette, er dette godt isolerande lysopningar. Om originalane er vekke, er det i handelen nye vindauge som passar bra i dei gamle opningane. Også utan skjemmande lister av metall på sprossene og karmen i botnen.

Verre er det å få tak i listene rundt gamle dører og vindauge og langs golvet. Dei profilane har ingen butikk. Om alt dette er vekke og ingen sikkert veit kva som stod i huset før, er det som regel forsvarleg å kopiere det som var brukt andre stader i området på same tid som det gamle huset var sett opp. Om gamle høvlar med rette profilen er å finne, er dei brukande på nytt.

Arbeidet er ikkje så stort som mange trur. For dei ihuga er det råd å lage både høvelstokken og det profiljarnet som skal til. Rette profilen vil dei også kunne levere, dei som høvlar lister med maskiner.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den dag i dag kan vi sjå kva dei la vekt på, og det som var gjort, skulle vare lenge.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis