JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Eit nyvølt loft i Bykle

På garden Haugen i grenda Breive vest for Hovden nord i Setesdalen er juvelen i tunet, eit gamalt loft, nyleg restaurert og reist på nytt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nyreist står loftet i kopi av originalen, truleg reist mellom år 1500 og 1700. Svala i fronten av første høgda er ikkje ferdig fordi det er uklart korleis veggene der var frå først av.

Alle foto minus eitt: Erik Solheim

9358
20220211

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse. Send tipsa til erik.solheim@enivest.net.

Taket hadde vore utett lenge. Steinane under huset hadde sige, det stod på skeive. Men eigarane, Trygve K. Breivik og Asbjørg Kaasin, ville ta vare på loftet. Det har vore her på garden i mange generasjonar – vi må halde ein slik verdi ved like, er deira oppfatning.

Gleda er stor når det no står nyvølt i utkanten av tunet på ei reine over Breivevatnet og rundt 800 meter over havet. Frå resten av grenda syner det godt. Loftet var før ein del av eit klyngetun for den vesle bygda, som dei meiner har eldre busetting enn Hovden. Tunet vart oppløyst etter jordskifte i 1913.

I det ytre kunne det gamle stashuset sjå skrøpeleg ut. Men dei fleste av stokkane har frisk ved innanfor den vêrslitne yta. Dei er framleis med i den opprusta utgåva, etter nokre hundre år.

Huset var reist i tider med meir skog av høg kvalitet enn i våre dagar. Dei kunne velje gamle tre som hadde vakse seint, med smale årringar. Høg alder – 200 år eller meir – gjer ofte at ein stor del av tverrsnittet er kjerneved og naturleg impregnert med ulike stoff. Berre litt av den lafta kassen er ny etter omvøla. Kor gamalt loftet er, veit ingen sikkert.

Anders Dalseg, restaureringshandverkar på Setesdalsmuseet og ein av dei som har utført arbeidet, trur huset vart bygt ein gong mellom 1500 og 1700. Dette var ein periode med lite endring i byggjeskikken. Dei har bora ut prøver for dendrokronologisk datering, ein metode som fortel når treet vart hogge ut frå vekslingane mellom smale og breiare årringar i stokkane.

Typisk for Bykle

Huset er typisk for Bykle, nord i Setesdalen. Eitt kjenneteikn er sval i to høgder i fronten. Dekoren er noko for seg sjølv, med preg frå Telemark.

Etter restaureringa står loftet på Haugen svært likt det som ein gong var bygt. Snikkarane fann spor nok til å kopiere både delar som mangla og den gamle dekoren. Setesdalen har mange gamle hus, rundt 20 prosent av dei som finst i heile landet frå før 1650. Dette talet kan endre seg noko med ny kunnskap og innsikt.

Fleire av dei som Arne Berg har datert til mellomalderen, før 1537, har vore endra ved omvøle og vedlikehald gjennom tidene. På Haugen står fortida godt dokumentert i delvis ny material av varig kvalitet og i svært rein form.

Loftet står på stolpar eller stabbar som kviler på ei grime – fire trapesforma stokkar i ein firkant oppå dei berande steinane. Underbunad vert dette opplyftet gjerne kalla, og det er meir vanleg i Telemark enn i Setesdalen. Stabbane i hjørna har tappar opp i to langsgåande halvstokkar under sideveggene.

I Setesdalen heiter desse stokkane museflak, og på dei kviler dei lafta romma. Namnet skal flaka ha fått fordi dei skal hindre at mysene kjem seg inn huset, som hadde matlager i første høgda. I enkelte område med loft og bur – det siste normalt i éi høgd – er museflaka halvkløyve rundstokkar.

På Haugen hadde dei gjort seg meir føre. Stokkane er flate på oppsida og med skråningar nedover frå veggene. Golvet i første høgda har preg av mellomalderskikken. Tre–fire tommar tjukke plankar ligg langs møneretninga. Dei kviler på stokkar innanfor endeveggene og er elles sjølvberande, med alveden opp og mykje av geitveden på undersida, til styrke mot nedbøying.

Først med to høgder

Loftet var på norske gardsbruk det første huset som vart sett opp i to høgder. Dette var eit nyhende i mellomalderen, skriv Arne Berg i Norske tømmerhus frå mellomalderen.

Rommet oppe var gjævt og omtykt, eit gildt soverom med plass for klede og andre verdfulle saker. Loftet er som kjent andre høgda i eit hus. Arne Berg trur at det ekstra påkosta ved rommet over matburet kan vere grunnen til at heile huset vart kalla loft. Nokre stader var rommet samlingsplass for grenda. Hustypen har eldre føredøme i andre land og i byane. Den monumentale og steinbygde Håkonshallen i Bergen er andre høgda i eit hus med lagerrom under.

Svalgangar utanfor loftsrommet har lenge vore i bruk på fleire hustypar. På Bryggen i Bergen gjev svala tilkomst til andre høgda i kvart av husa som her ligg i rekkjer og som folk budde i.

Torvmosen

Veggene på Haugen er ein nesten kvadratisk firkant heilt opp under taket. Mellom stokkane ligg det mose, for å tette veggene. I Setesdalen har dei følgt den vestnorske skikken med å nytte torvmosar; dei veks på myr og i vassig. Lengre aust i landet var ei gruppe som vert kalla husmosar det vanlege. Nokre artar i denne gruppa er etasjemose, furemose og fjørmose. Dei er mest å finne i barskog.

I våt tilstand inneheld torvmosar kanskje 95 prosent vatn, og våt legg dei han på stokkane. Etter tørking fyller lufta plassen vatnet hadde. Han kjennest då varm å ta på, sjølv i kulde. Isolasjonsevna er som i dei beste handelsvarene. Det overskytande inne og ute vert skore vekk når tyngda med tida har pressa stokkane saman.

Mest nytt i det vølte loftet finn vi i svalgangane, romma utanfor andre høgda. Nesten alt av kledning var vekke. Ytterveggene er av ståande fjøler, tiljer, som står i spor i ein rektangulær stokk nede og ein oppe. Dette er same byggjemåten som i omgangen på fleire stavkyrkjer. På Haugen er det hogge ei V-forma grop ned i understokken, og det same opp i stokken over. Tiljene er kappa med møneforma endar som passar i spora oppe og nede. Lengda på dei ståande fjølene må då høve godt til spora, om dei skal stå støtt. Stokken oppe må først ligge så høgt at det er råd å få fjølene inn, så kan dei sleppe han ned. Andre stader er tiljene tverrkappa, og sporet oppe så djupt at dei kunne løfte fjølene og la dei falle ned i veita for nedre enden.

Ei tredje løysing var å ta vekk yttersida av sporet nede, slik at dei kunne setje tiljene inn på enden av veggen og skyve dei i hop sidelengs. Renna nede under borda kan samle vatn, med fare for at veden rotnar. Eit knep for å hindre dette er å bore hol utanfrå opp i botnen av veita, så vatnet renn ut.

Novarmar

Det som ber svalgangane, er laftestokkar som stikk ut frå veggene både på langs og på tvers. Novarmar, vert dei gjerne kalla. I endeveggen med inngangen kviler stokkane på to stavar som går ned på grima. Dei andre seks er berande av eigen styrke. På novarmane ligg golvplankar langs veggene.

Over inngangen står to stavar som i lag med hjørnestavane rammar inn tiljeveggene. Slik er det òg på den andre endeveggen. Sideveggene har berre éin stav mellom hjørna. Øvste stokken i sideveggene, stavlægjene, er så lange at dei går ut om svala og ber hovudtyngda av taket i heile lengda av huset.

Taket på Haugen er eit reint sperretak. Andre stader ligg det åsar, éin på kvar side, som ekstra bering. Reine åstak kunne det vere på mindre uthus, løer og hus på stølen. Takvinkelen i Setesdalen var 30–31 grader, fortel Dalseg, nesten midt mellom den austnorske normalen med rundt 22 grader og den vestnorske med 34.

Taket har fått torv, som det nok har hatt tidlegare òg. Men å skaffe never var slett ikkje alltid lett før i tida. Den garden i Setesdalen var rik som hadde god neverskog, heiter det.

Det skal ha gått gjetord om ein mann i Bygland fordi hadde råd til å tekkje stølshus med never. Skifer var ikkje noko alternativ; dei har ikkje berg som eignar seg. Skoren spon var litt brukt på låvar, og i endå nyare tid bordtak, fjøler frå mønet til ufsa. På mindre uthus fanst kvåv som tekkje. Dette er halvkløyvde stokkar, som regel av fure eller osp, som ligg frå mønet til rafta. Over glipene mellom dei som ligg under, held overliggarar det kraftige taket tett. Veden måtte vere av godt utvaksne tre, og gjerne rotne i midten. Då var det lett å hogge ei renne i understokkane slik at vatnet rann midt etter dei.

Eigenarta dekor

På Haugen er loftet omframt mykje dekorert. I første høgda er det tydelege mønster i dei to stavane ved sida av inngangen. I andre høgda har hjørnestavane ein kraftig ring med innskore mønster rundt. Også stavane mellom hjørna har skoren pynt.

Dei rektangulære bjelkane under tiljeveggene har profilerte drag i nedre kanten. Nye delar er kopiar av dei som ikkje lenger var brukande, eller som var vekke.

Anders Dalseg seier dekoren krev mindre arbeid enn det kan sjå ut til. Oppe under mønet er stiliserte rundingar av gjennomskorne trekantar i tiljene. Heilt eigenarta er pynten på vindskiene, som no er kopiert etter gamle spor. Dalseg trur dei kan ha fått si form fordi det var lett å hogge slike hakk med øks, før dei hadde sag å hjelpe seg med.

Men éin ting tok ikkje setesdølane så nøye – dei var ikkje flinke til å dymle, å bore hol for naglar ned i ein veggstokk og opp i neste. Dymlingane held stokkane på plass og styrkjer veggen. Slikt gjorde dei berre i gavlane. Ein annan måte som heldt gavlstokkane på plass, var å kile lange trestykke som dei kalla rekspon, ned i eit spor utvendig i gavlstokkane.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Setesdalen har mange gamle hus, rundt 20 prosent av dei som finst i heile landet frå før 1650.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis