JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Eit gamalt tun nyreist i blomstereng

Dei fekk ord på seg for å vere galne. Berit og Arne Nefstad ville restaurere tunet på Sørre Hemsing i Valdres. Forfallet var kome langt då dei tok over garden i 1995.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I ei solvend skråning nord for Vangsmjøsa ligg Sørre Hemsing.  Frå venstre gammelstøga, uppistoga med tilbygt kjøkken og buahuset.  Bak ligg fjøset med torvtak og løa til høgre.

Alle foto: Erik Solheim

6809
20200110

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

To år etter var dei i gang. Sidan har dei vølt éin støl og fem hus i tunet.

Sørre Hemsing ligg om lag 540 meter over havet og litt nord for austre delen av Vangsmjøsa i Vang kommune. Tunet er eit av få i Valdres som står nær uendra av det moderne etter slutten av 1800-talet. Berit og Arne kom på høg tid. Forfallet hadde gått sin gang i fleire tiår.

Bygningane ligg i eit firkanttun med stovehusa øvst og fjøset nedanfor i skråninga, ein vanleg skipnad i bygda. Eldst er gammelstøga frå 1600-talet, no eit hus med akershusisk plan og svai i taket ut mot ufsa. Takforma er ein skikk som kom frå Vestlandet, meiner Arne Nefstad. Heilt sidan vikingtida har ferdsla gått over Filefjell mot Lærdal og det vestnorske, og nye tankar følgde med over viddene, begge vegar. Akkurat som aust og vest for Haukelifjell, har byggjeskikken i Sogn og Valdres teke preg av kvarandre.

Årestove

Gammelstøga var truleg frå først av ei årestove med tre rom. Slik var den vanlege skikken mellomalderen i det meste av landet. Røyken frå åren slapp ut gjennom ein ljore i taket. Omgrepet akershusisk er etter Eilert Sundt, men eigentleg er det litt for snevert. Hustypen vart vanleg over store delar av det indre Austlandet, på Sørlandet, i indre Sogn og i Nord-Noreg, skriv Arne Lie Christensen i Den norske byggeskikken. Då dei sette inn peis eller jarnomn og skorstein på 1700-talet, kunne dei utvide huset i høgda, eller berre byggje lem over romma. Dei vart kvitt røyken utan ljore. Peis vart vanleg i skogstroka. Ved kysten, der pengeøkonomien var først ute, vart kjøpeomnen meir vanleg. Han trong mindre ved. I den akerhusiske skikken vart utdøra då flytta frå eit mindre oppvarma rom til eine langveggen i stova. Den tidlegare gangen kallar dei no vasskleve, ein stad for vatn, kjerald og anna utstyr. Utanfor den nye døra inn til stova bygde dei ofte ei innkledd sval, til vern mot kulde og drev.

På Sørre Hemsing ligg bjelkane som ber lemmen over stoverommet, på langs av huset. Stutte bord ligg i ei grøyp, eit spor som fjølene er pressa inn i frå eine enden av bjelkane. På sidene skrånar borda i lemmen litt ned. Der er ikkje loft oppå, men stova vart nok varmare når rommet fekk mindre høgde. Både veggene og lemmen er måla, og ein del av inventaret har både utskjeringar og rosemåling. Nokre stokkar nedst i dei lafta veggene måtte Arne skifte. Og svala ved inngangen er kopiert etter den som stod der i ubrukeleg stand. Peisen og skorsteinen tok dei ned og bygde opp att slik som det hadde vore, med ei hylle oppe i sida, ein sup, der tyristikka brann og gav litt meir lys inne.

Uppistøga

Hovudhuset er uppistøga, ein tohøgda bygning frå 1865 med inngang på midten av sørsida. Dette huset var i bra stand. Inne står ei kiste ombygd av ein benk frå Vang stavkyrkje og 1500-talet. Kunstmålaren Johan Christian Dahl prøvde å berge stavkyrkja før heradsstyret i 1832 vedtok å rive henne. Kunstnaren fekk kjøpe huset, og det enda med at Friedrich Wilhelm IV av Preussen overtok kyrkja, som framleis står som ein turistattraksjon på eit fjell nord i Polen. Benkane vart att i bygda. På baksida av uppistøga ligg eit nytt og dempa tilbygg med kjøkken for å lage mat til reisande. Det var som gjestegard dei ville bruke tunet. På veggen ute heng kvalitetsmerket Olavsrosa frå Norsk kulturarv og eit skilt som fortel om samarbeid med Den Norske Turistforening. Vertskapet har arrangert selskap og samkomer og hatt overnattande som ville til fjells eller gå delar av Kongevegen, eller dei fann andre turar i landskapet.

Ein del av kongens veg er den bratte og farefulle Kvamskleiva på sørsida av Vangsmjøsa. I 1844 ville J.C. Dahl og Peder Balke opp bratta, i ei kalesjevogn så tung at fire hestar måtte til for å dra henne. På blank is var mange redde for at sleden skulle fare utfor vegen og ned den bratte lia. Men ingen har funne rapportar om dødsulukker i dei 54 åra vegen var i bruk, fram til 1862.

Ved sida av uppistøga ligg ein tredje bygning, buahuset. Det tok mange stader over den funksjonen loftet hadde hatt, som matlager og gjesterom. Også her måtte det nokre nye stokkar til nedst i veggene. Huset er no laga til med fleire sengeplassar.

Fjøset

Den mest krevjande restaureringa var å få i stand fjøset, truleg frå 1896. Langveggen mot nord var på lag heilt ròten. Nye stokkar, 13 meter lange, vart henta frå Sogn, frå Indre Offerdal i Årdal. Lange og rette nok tre var ikkje å finne her øvst i Valdres. Nytt er òg bjelkelaget, golvet, det meste av dei andre veggene og taket. Men dimensjonane på den nye materialen høver godt med den gamle, og knapt nokon vil finne noko å utsetje på arbeidet. Dette er det einaste huset i tunet med torvtak, folkehusa har lappskifer. Tidleg på 1700-talet kom skifer i bruk til tekking i Valdres, som mange stader har bergartar som let seg kløyve. Før var bjørkenever og trebord dei vanlege tekkjematerialane. Eit gamalt bilete viser at fjøset hadde bordtak.

Det vølte fjøset var i bruk fram til 2017. Berit og Arne dreiv garden med 55 vinterfødde sauer og 20 ammegeiter. To hestar hadde dei òg ei tid. Småfeet vart til heimelaga mat for gjestene. Dei skulle få ein smak av Valdres, ikkje berre eit syn. Med dyra til hjelp fekk dei opna det tilgrodde gardslandskapet på nytt. Dei har fått fram att mange rydningsrøyser på den steinrike marka. Gamle åkerlappar og grasmarker ligg igjen opne. Bøen er framleis natureng med ein rik flora. 45 artar veks der; nokre av dei er sjeldne etter at kunstgjødsel og tunge maskiner vart vanlege i engdyrkinga. No leiger dei jorda ut til slått og beite for lette kyr av rasen vestlandsk fjordfe. Til garden høyrde tre stølar. På éin er husa berga, dei andre let seg ikkje redde.

Trivsel og tilskot

Kvifor gjekk dei så i gang med så mykje arbeid. Dei kom frå Raufoss og andre yrke, og ingen av dei hadde praktisk kjennskap til gardsdrift og vøling av gamle hus.

– Økonomisk har jordbruket og gjestegarden gått i pluss. Men det har ikkje vore noko å bli rik av. Trivselen har vore drivkrafta, seier Arne, som elles har drive i byggjebransjen og vore byggmeister, medan Berit er økonom. Begge hadde interesse for gamle hus lenge før dei kom til Hemsing, og Berit ville ha ein gard med dyr, ikkje noko halvveges. Vang kommune får skryt fordi dei var rause med tilskot til restaureringane.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det har ikkje vore noko å bli rik av. Trivselen har vore drivkrafta.

Arne Nefstad

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis