JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Dei vøler tunet og ryddar garden på nytt

Lenge stod husa på garden Øvregarden i Sør-Aurdal med ei usikker framtid. Låven seig over rotnande botnstokkar. Skogen tok seg inn over bø og beite. Så kom Guro og Stein Ivar Øvergaard, og snart lysna det i tunet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På Øvregarden har dei fått eit romsleg kjøkken med ein mektig peis. Innvendig er tømmerveggene kledde med ståande bord.

Alle illustrasjonar: Erik Solheim

7388
20200103

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Begge har eksamen frå landbrukshøgskulen, no Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, og dei hadde sine yrke etter utdanninga. Men dei har lenge hatt interesse for gamle hus, og dei ville gjerne drive gard. Å slå seg til i eit byggjefelt? Nei. Så var det slik at Stein Ivar var den einaste Øvergaard som kunne berge verdiane i det som var bygt i tun og teig.

Husa ligg 710 meter over havet, ei lita mil frå Bagn i grenda Leirskogen. Men ikkje meir avsides enn at skulebussen går like nedanfor. Stein Ivar eig òg ein gard nede i dalen. Der driv han med mjølkekyr, som gjev ein del av pengane som trengst til opprustinga heime. Øvregarden vart rydda i mellomalderen. Men lenge før hadde folk hatt livet sitt i skogane her. Lenger oppe i åsen ligg ein bronsealderhaug, og ei mil vekke har steinaldermenneska rista figurar i berg.

Stova

Dei gamle husa står på ein slak rygg i eit ope firkanttun. Første taket var å få skikk på stovehuset, der dei skulle bu. Bygningen var reist i 1856, og han var stor den gongen. Ei forklaring er truleg at dei hadde nokre dugande tømrarar som husmenn på garden. Dei var billegare enn leigde snikkarar. Romdelinga er noko annleis enn den vanlege utvidinga av den akershusiske stova. Det var ei årestove med to eller tre rom og inngang direkte til stovedelen. Då dei på 1700-talet fekk skorstein til peis eller jarnomn, gjorde dei den einhøgda stova større. Nokre bygde på ei høgd til, andre lafta også ei ny stove til endes.

Eit hefte om gamal byggjeskikk i Sør-Aurdal viser fleire variantar av utviklinga frå den eldre stova. På Øvregarden følgde delar av skikken med til ein heilt ny bygning. Huset har to rom i breidda. Tilbygget som nede hyser inngangen, kom opp i 1945 og er i tråd med vanen 200 år tidlegare. Under heile huset er det kjellar innanfor kistemurar som delvis er 2,5 meter tjukke. Oppå dei står to høgder og loft. Til høgre for inngangen ligg eit romsleg kjøkken med ein mektig peis. Veggene er grønmåla på glatt vegg av breie, ståande bord inne på tømmeret. Til venstre har dei fått plass til bad og litt anna som høyrer det moderne livet til. Rett fram er dør inn til storstova. Gamle vegger står som dei var bygde. Nokre golv er nye, men av fure, som før. Arbeidet tok eit par år, og dei flytta inn i 2003.

Låven

Det neste var å få låven til å stå trygt. Dette er ein svær, tohøgda og lafta bygning frå 1880-åra, med innkøyring både i langsida mot tunet og i nordenden, til andre høgda. Huset skal vere sett i hop av to låvar frå 1700-talet. Noko av treverket stod rett på fjell. Væte kom til, og stokkane rotna nedanfrå. Men i 2016 var alt i ny balanse på atskilleg nye stokkar i delar av veggene, og med avstivande opplengjer som gjorde det mogeleg å ta vare på den materialen som var nokolunde heil etter 300 år i veggene. Slik avstiving har huset òg frå før.

Låven er raudmåla, og Guro har brukt den enkle typen som går under namnet komposisjonsmåling. Tradisjonen var nesten vekke i Noreg, men han overlevde i Sverige, der målinga kom i bruk på 1600-talet. Komposisjonsmåling er ei kokt mjølvelling tilsett pigment, litt salt og jarnvitriol. Rugmjøl var vanleg i vellinga, men også andre kornslag brukte dei. Folk tok det dei hadde: Okseblod, sildelake og skumma mjølk er nemnde som ingrediensar. Målinga er lett å stryke ut, og ho slepper væte ut or veden. Overflata er matt, og målinga smittar på fingrar og klede. Men ho er billeg og heilt utan skadeleg innhald. 20–30 år kan det gå før dei må stryke over på nytt, i heller tørre strok. Og skulle regnet slite vekk for mykje, kan delar av veggen få nye strøk utan at det viser nokon skilnad på det gamle og det som er nymåla. Bruken var mest utbreidd på Austlandet nord til Trøndelag. I våte og vêrharde strok er linoljemåling – og måling av lyse, fiskeolje – meir robust.

Fjøset

To hus har dei ikkje fått gjort noko med, ikkje enno. Fjøset, lafta i éi høgd, kom opp i vinkel med låven i 1912. Under er det gjødselkjellar av hoggen stein. Nyleg fekk dei ja på ein søknad om midlar, og til våren startar arbeidet med å skifte ut det som er rotna. Så er planen å gå laus på det eldste huset, det som folket på garden budde i fram til 1856. Det skal vere sett opp ein gong på 1700-talet. Siste bruken var som stabbur og lager. Forma er etter ein skikk som var i bruk fleire stader i Valdres. Då dei for 300 år sidan kunne utvide med ei høgd til, bygde fleire ei sval i full lengde på den sida inngangen låg på. Det berande i svala var stavar. Veggene i svala kunne vere delvis lafta, og elles tetta av ståande bord – tiljer – mellom stavane.

Tunet

Då Guro og Stein Ivar kom til Øvregarden, hadde skog og kratt teke seg inn mot tunet. No ligg husa fritt og lettleg. Meir enn 135 dekar har dei rydda til nytt beite. Større tre vart kappa og henta med maskin, men å fjerne all kvisten og krattet var ikkje gjort i ei handvending. Delar av jorda er grunnlendte; berget stikk opp her og der. Men andre delar er fulldyrka og no pløgde for å gje meir gras til kyrne på den andre garden og til sauene i det gamle fjøset. Garden skal komme til nytte.

Byggjeskikken

Byggjeskikken i Valdres er heller enkel i utforminga. Utvendig har husa lite eller inkje av utskjeringar og dekorasjonsmåling, fortel Ole Aastad Bråten, direktør for Valdres folkemuseum på Fagernes. Lofta er i mange distrikt sjølve stashuset i tunet, framleis. Heftet om byggjeskikk i Sør-Aurdal fortel at kommunen ikkje har noko døme på den typen loft som i andre høgda har svalgangar på fleire sider og inngang i eine endeveggen. Lenger oppe i dalen fortel byggjeskikkheftet om tohøgda loft med svalgangar på tre sider eller heilt rundt. Nokre stader står stabbur – eller loft, ordbruken vekslar – i to høgder med to rom i lengda. Tilgangen er frå ein svalgang på heile langsida. Nede lagra dei korn og andre matvarer; oppe var der sengerom til gjester og plass til klede og andre verdisaker. Mange loft og stabbur som er igjen, står på steinar nær jordoverflata. I mellomalderen var det vanleg overalt. Å løfte dei opp på stabbar kom seinare. Nokre slike finst òg i Valdres, flest i dei øvre delane.

Sperrer er den eldste takkonstruksjonen i landet, også på lafta hus. Det høvde best i årestover med ljore i mønet. På Austlandet tok åsar – langsgåande stokkar – over. Valdres har begge delar, hus med både sperrer og åsar i reindyrka form. Men mest utbreidd er ein kombinasjon av åsar til støtte under sperrene. Til tekkje var never under torv lenge det mest vanlege, skriv fagfolka. Men Valdres har mykje skiferberg, og stein kom i bruk på tak etter 1600. Først villskifer, seinare lappheller. Med stein til tekkje vart taket brattare. Flis var òg brukt, mest av gran. Skifer og flis kunne liggje oppå torvtaket, jorda gjorde då nytte som isolasjon i stovehus. Bord vart òg ein del av den eldre tekkjeskikken.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Komposisjonsmåling er ei kokt mjølvelling
tilsett pigment, litt salt og jarnvitriol.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis