JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

83 år nesten utan varme
og like friskt

På Utigard Lid i Øyfjell aust i Vinje hadde eit gamalt hus stått utan samanhengande varme i 83 år, frå 1916 til 1999, då Jon Rikard Kleven og kona Emilie Asplin flytte inn. Det gamle står framleis nesten som før, og ved sida har dei bygt ein ny og heilt moderne del.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slik står huset på Lid i dag. Til venstre den fælande gamle årestova som Juvekongen bygde loft på i 1826, så gangen og kjøkkenet, bak ståande kledning. Kjøkkenet og stova til høgre bygde Rikard Berge rundt 1920. Den moderne delen som dagens eigarar fekk ferdig i 2014, står bak venstre del av huset.

Alle foto: Erik Solheim

6682
20190705

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

I 1999 kom dei to – studerande ungdomar begge – til direkte primitive tilstandar etter dagens oppfatning. Vatn måtte dei hente i ein brunn ute. Om vinteren var det, her på 750 meter over havet, å moke vekk snø og hogge gjennom is for å få noko i bøttene. Også til doen måtte dei gå eit stykke, til eit lite hus av svære laftestokkar. Men verande vart dei. Tømmeret i stovehuset hadde klart seg godt gjennom dei 83 åra då her var folk mest berre i feriane. Då Jon Rikard fekk arbeid som advokat og Emilie som bygdelivsmeklar, vart det romslegare med pengar. Restaureringa kom i gang, av eit hus med ei soge i fleire etappar.

Juvekongen

I 1803 kjøpte Ole Halvorsen Juve garden og flytte husa lenger opp i bakkane, til ei flate med høgt utsyn over skogviddene og Litjønn. Ølstova, huset med varme i, var ei årestove – «fælande gamal», står det i ei bok om kjøparen. Veggstokkane minner om dei som var vanlege i mellomalderen.

Den nye eigaren gjekk mest under namnet Juvekongen, og det namnet lever enno. Boka om han kom i 1993, frå Støttelaget for Øyfjell bygdemuseum. Ole Halvorsen var fødd i magre kår i 1753, men etter giftarmålet med Bergit Jakobsdotter, sat han med fire gardar. Han braut mykje jord til åker og eng, mura steingardar og grov lange veiter like til han døydde 87 år gamal – etter å ha forslite seg på ein stor stein. I tillegg dreiv han handel, mest med krøter, og velstanden steig. Han betalte for alle i soknet den sølvskatten som den nye staten i 1816 skreiv ut til grunnfond i Noregs Bank, oppretta av Stortinget same året. Sølvskatten var i røynda aksjekjøp under tvang, etter at tanken om frivillig aksjeteikning frå folket fall i fisk.

Garden Lid kjøpte Juvekongen på veg heim frå Kongsberg etter ei vellukka handelsferd. Han bygde på loft (ivistoge) og sette inn peis med skorstein. Her fekk han, som i Juvestova på Vest-Telemark museum, Olav Torjusson til å dekorere med treskurd og måling innvendig, står det i boka om han. Eit hovudverk i norsk folkekunst, skriv Norsk kunstnerleksikon om rokokkomønstera i Juvestova. På Lid står alt i stova slik som Torjusson forlét det. Dette er no rommet for julehøgtid og andre viktige hendingar. Juvekongen bygde også ny løe og fjøs under same tak. Bygningen står framleis i tunet. Det same gjer eit tohøgda loft ut mot dalen, og så den gamle utedoen.

Ny eigar og utviding

Neste utviding kom rundt 1920. Då hadde Rikard Berge – oldefar til dagens eigar – overteke garden. Han utvida huset med to nye rom mot nord, dagens kjøkken og daglegstove. Han fekk òg bygt ein open svalgang langs eine langsida, der utskorne stavar held taket oppe. Tanken var å lage ein kopi av eit kjent hus i Rauland, Gardsjordstova.

Stokken som stavane kviler på, var etter vel 80 år utan vedlikehald ròtne og ute av lage. No er dei nye. Litt anna var det òg å friske opp, men taket hadde vore tett under blekkplater over eldre torv. Veggene stod framleis friske, utan kledning og med god lufting. Golvet i den yngste stova var ròte og er no skifta. Det gamle låg like over jorda; der hadde det vore for tett og fuktig. Også vindauga er nye. Største kostnaden var nytt tak, som har fått isolasjon og teglpanner til tekkje. Troet over gangen er svart av sot. Desse borda var tak også i årestova, dei er eit bindeledd mellom det eldste og dagens liv i huset. Golvet på loftet over gangen er gamalt og gyngar litt. Eigarane trur kanskje dei kjem til å legge eit nytt. Men berre kanskje; dei ser kvalitetane i den gamle materialen, og borda brotnar ikkje sjølv om dei gjev litt etter under stega.

Tømmerstova frå 1820 er, seier dei som bur der, lett å halde varm. Ytterveggene i stova er lafta tømmer, og dei står nakne både ute og inne, altså utan ekstra isolasjon. Det same har fleire andre sagt som bur innanfor liknande vegger. Praksis gjev grunn til mistanke om at godt lafta hus held betre på varmen enn det dei viser, dei gjengse tala i tabellar over varmegjennomgangen i ulike materialar. Det viktigaste for å ha det varmt inne, er nok at tømmerveggene er tette. Snikkarane må kunne bruke øksa si, og stokkane må vere tørre før bygginga tek til.

Moderne tilbygg

For å få plass til bad og nokre andre rom bygde dei på Lid ein ny del i moderne arkitektur. Då slapp dei å endre det gamle. Det nye ligg på baksida, og det står fritt eit par meter frå det som ein gong var årestova. Dei bygde det nye og kopla det til det gamle med ein trappeoppgang.

Rikard Berge (1881–1969), han som utvida huset, var ein vidgjeten folkeminnegranskar som lét etter seg 40.000 handskrivne A5-sider. Også folkemusikk hadde han greie på, såpass at han ei tid var kappleiksdommar. Bøkene Norsk sogekunst, Norsk bondesylv og ei soge i fire band om Vinje og Rauland er hovudverka hans. Yrkeslivet byrja han som skulelærar og slutta som styrar av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland. Garden vart feriestad.

Øyfjell er eit grisgrendt landskap med mange spreidde gardsbruk innover i skogane. Men i skiftande tider har dei klart seg ved å starte ny verksemd. For å dempe stor arbeidsløyse vart det i 1930-åra sett i gang med framstilling og eksport av tweeddressar. Det var eit engelsk par som byrja. Kona Dorothy meinte Øyfjell var rette staden for tweed, og ho heldt kurs i framstillinga. Etter krigen dabba avsetninga, men dei heldt det gåande til 1970.

30 år seinare, då Kleven og Asplin flytte til Lid, vart det stadig færre skuleungar i grenda. Dei to, i lag med eit trettital andre i grenda, fekk kommunen med på eit opplegg for å snu utviklinga og auke tilflyttinga. Det lukkast. Elevtalet har gått opp frå 18 til 48, og barnehagen er for liten. Det har vore generasjonsskifte på alle gardar. Mange har skapt sin eigen arbeidsplass, andre pendlar. Jon Rikard Kleven, som no er ordførar i Vinje for Senterpartiet, seier at ikkje noko kulturhus i kommunen er så mykje brukt som grendehuset i Øyfjell. Det vart ikkje så einsamt å vekse opp for dei tre borna som det kunne sjå ut til då foreldra busette seg på Lid. Det er ungar på alle gardane.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For å få plass til bad og nokre andre rom bygde dei på Lid ein ny del i moderne arkitektur. Då slapp dei å endre det gamle.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis