Restaurering
Tre til taktekking har truleg vore meir vanleg enn vi får inntrykk av etter at teglstein, skifer og bølgjeblekk kom i handelen. Nå kjenner vi tekkje av tre mest som spon på stavkyrkjene. Ved restaurering kan tre som tekkje vere ein skikk å ta opp att her og der.
Fjøs på ein støl i Numedal under restaurering. Nytt tak med kløyvd spon, bræde, nesten ferdig. Det gamle hadde lege i 60 år, sa dei.
Foto: Erik Solheim
Frå torv på taka høyrer vi lett ein stadeigen klang. Dei er vakre på ein traust og heimsleg måte. Men bjørkenever var mangelvare i store delar av landet. Med pomorhandelen frå utpå 1700-talet og til dess bolsjevikane tok over i 1917, vart det i nord og heilt sør om Dovre kjøpt bjørkenever frå Russland, frå traktene ved Kvitsjøen. Denne handelen har teke seg opp igjen. Nokre stader kom tegl tidleg i bruk, og her og der skifer. Men det meste av landet mangla berg som var til å lage heller av. Tre var viktig tekkjemateriale i lange tider.
Bræde
Takspon fanst i fleire former og vart lagt på ulike måtar. Den grovaste varianten er kløyvd ut med øks eller kilar. Bræde er eit namn på denne typen. Breidda varierte oppover frå rundt fem tommar (12,5 cm) og lengda frå 50 til 90 cm, kanskje meir. Det var om å gjere å ha stubbar med god kløyv, utan ved som var mykje vridd. Både gran og fure vart nytta. Gamle tre som hadde vakse seint og med lite kvist, var best. Ungdomsveden i midten har ofte vakse for raskt, og dei hogg han gjerne vekk. Mergen må ikkje vere med opp på taket. Mest varige vert alle former for spon om årringane går på tvers av bordet, frå eine sida til hi, det som heiter kantved.
Brædene ligg ved sida av kvarandre i raster frå ufsa og opp. Dei overliggande dekkjer rommet mellom dei to under. Med kløyvd ved vart dei ikkje liggande tett på kvarandre; opningane gav rom for lufting og god tørk etter regn. På tak med lite fall, kunne dei ligge utan feste i underlaget, men med stein som tyngde dei på plass. Opplegget var slik at ein stein heldt nede fleire trestykke, eller det låg stokkar under steinane. På brattare tak var sponen festa med trenaglar, visstnok ofte med stein oppå i tillegg.
Spon er flekt ut av stokken med kile og tilhoggen med øks, eller skoren ut med sag. Begge delar kan vi sjå på stavkyrkjene i dag. Slik spon er tynnare oppe enn nede, og på kyrkjene med avsmalning, ofte spiss, i nedre enden. Under restaurering har dei funne spon som kanskje har lege sidan 1100-talet. Dei har førsteklasses kantved av gamal og tettvaksen fureal. I tillegg har dei vore verna av milebrend tjøre, blanda med knust kol. Dette hemmar mekanisk erosjon av treet og impregnerer i tillegg. Ved vøling i nyare tid er det nokre stader lagt inn dårleg material – henta langt ute i stokken og med mykje geiteved som går dukken etter kort tid.
Spon av gran
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.