Restaurering

Kvaliteten på materialen kan vi grovt dele i to: Kor sterk ein bjelke eller ei sperre er mot bøying og brot, og kor varige stokkar eller bord er mot ròte.

Brukte bord som har vist seg varige, er det fleire grunnar til å nytte igjen. Vi tek vare på meir av materialen i huset, og det vert meir visuelt ekte.
Brukte bord som har vist seg varige, er det fleire grunnar til å nytte igjen. Vi tek vare på meir av materialen i huset, og det vert meir visuelt ekte.
Publisert

Kvaliteten varierer med treslaget, alderen ved hogst, veksestaden – høg eller låg bonitet, solvend eller ikkje – og genetisk arv, i tillegg til fleire andre faktorar. Å sjå på ståande tre kva kvalitet stokken har, krev ein del øving. Å bore ut ein sylinder med tilvekstbor, kan likevel gje bra haldepunkt for å velje eller vrake treet.

Ròtestyrke

Den mest ròtesterke veden i norske skogar er alved av fure, altså den mørkare kjerneveden innanfor yteveden – geita. Med det er stor skilnad på alveden òg. Best er raudal, mørk i fargen av harpiks, tettvoksen og tung. Nokre tre har lys alved som er lett og har breie årringar. Slik ved rotnar raskt, og han er heller ikkje sterk mot bøying og brot. Når fure vert gammal, eit par hundre år eller meir, minkar tilveksten både i vidda og i høgda. Men stokkane vert meir sylinderforma, og alveden utgjer ein større del av tverrsnittet. Etter kvart dannar det seg aldersved ytst under borken. Dette er geiteved, men med svært smale årringar, ofte vanskelege å telje. Fibrane i aldersveden går oftast mot høgre oppover stammen, medan yngre tre normalt er venstrevridde. Retninga er grei å finne ved å drage ein knivsodd, med egga opp, langs yta av treet når borken er vekke. Aldersveden er mykje meir ròtesterk enn yngre geiteved; han kan jamvel stå lenger enn dårleg alved. Variasjonen frå tre til tre kan vere så stor at sanningar som gjeld i alle tilfelle, er det få av. Kjennskapen til kvalitet på trevyrke er så finurleg at det er uråd å lese seg til inngåande kunnskap. Dette er innsikt som gjekk frå meister til lærling, frå far til son. For bartre er hovudregelen at høg alder og smale årringar gjev god kvalitet på begge punkta.

Gran har òg kjerneved, men denne er ikkje innsett med harpiks. Gran har derimot den eigenskapen at porene i veden er tette. Av den grunn trekkjer gran lite vatn når veden først er tørr. Med tette årringar kan granbord eigne seg godt til kledning, og jamvel på tak. Naturleg nok er det meir gran i bygningsmassen der gran er det vanlegaste bartreslaget. Gran med breie årringar, som mykje av den planta grana får, eignar seg ikkje til delar som kan bli våte og skal vare. Under rikeleg med lys veks trea raskt i ungdommen, dei første 20–30 åra. Slik kjerneved er laus og lite sterk, både mot brot og ròte. Det moderne flateskogbruket leverer store volum, men ikkje kvalitet som toler vêr og vind. I dag er det ikkje lett å få tak i den beste materialen, men den nest beste er atskilleg betre enn den dårlege. Impregnert treverk er ikkje eit alternativ ved restaurering.

Brotstyrke

Mot bøying og brot er den sterkaste veden nede på treet, i første stokken. Også denne styrken minkar når årringbreidda aukar. I slike emne er det ikkje kjerneveden som er vesentleg – det er yteveden som er armeringa i stokken. Han er sterkast mot strekk. I bjelkar og andre delar som skal tole trykk på tvers, bør mykje av yteveden vere igjen under og på sidene av stokken. Dei sterkaste stokkane er rundstokkar med ei flate på oppsida som underlag for golv eller tro. Er dei skorne ned til skarpe kantar på alle sider, det vanlege i stovehus, er gjerne dimensjonane større. Når eit hus har stått i lange tider, er det både rett og trygt å kopiere treslag, dimensjon og tilverking av delane som treng utskifting.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement