Restaurering
Restaurering er å kopiere delar av eit hus når dei har rotna, brotna eller av andre grunnar ikkje lenger er gode nok. Då kjem spørsmålet: Kor mykje skal vi skifte ut?
Ein stav som hadde rotna er støtta opp i rett høgd med eit nytt endestykke. Det er av bjørk, som staven er.
Alle foto: Erik Solheim
Det generelle svaret er: Så lite som mogeleg. Men handlinga må vere resultat av ei konkret vurdering. Dersom det meste av ein stokk er øydelagd, lagar vi ein kopi av heile, om det er råd å få til. Resultatet må ikkje få preg av lappverk.
Det er lurt å skaffe seg eit samla inntrykk av kor langt forfallet har komme, og så finne ein høveleg framgangsmåte. Det er nyttig å fotografere tilstanden, både veggane og dei detaljane som treng vøling. Alle gløymer etter kort tid korleis dei var, dei delane som er fjerna. Er huset lite, ei utløe eller eit enkelt uthus i tunet, kan bilete vere godt nok. Større hus løner det seg ofte å lage enkle skisser av, med nokre viktige mål på. Det sparer tid seinare. Ikkje alltid er vinklane i grunnplanet rette: Å måle diagonalane frå hjørne til hjørne gjev svaret. Å vite dimensjonane på delar som vert skifta ut, gjer det lettare å finne dei rette emna.
Men først av alt er spørsmålet om fundamenta, steinane eller murane som treverket står på, er gode nok. Om svaret er nei, bør arbeidet starte der. Å jekke opp huset eller delar av det fjernar tyngda frå fundamenta, og dei lèt seg rette opp. Gamle murar og berande steinar ligg ofte oppe på jorda, som dei framleis kan gjere. Men det er ofte grunn til å justere underlaget, slik at steinane ligg flatt. Murar bør vere i lodd, i alle fall tilnærma det. Om det er store steinar i murane, kan det enklaste vere å merke dei, ta dei ned og legge dei opp att der dei låg. Med mindre stein vert det som regel å mure på nytt, med den steinen som var brukt før. Framande bergartar gjer huset framandt.
Gjennom tidene har gjerne jorda lagt på seg i høgda inne ved huset, med den konsekvensen at treverket vert ståande vått og rotne. Å grave vekk jorda kan ofte vere nok til å hindre at skadane veks, eller å legge på fleire steinar for å løfte huset litt opp frå grunnen.
Om vi no held oss til grindbygningar eller andre stavkonstruksjonar, er skadar nede ved grunnen enkle å vøle. Ved å jekke opp den skadde staven kan vi skjere vekk treverket som er rotna og setje inn nytt i staden. Ein stav som er frisk nesten heilt ned, kan godt stå på ei ny stabbe utan noko meir feste. Høgre stabbar kan vi feste med ein bladskøyt og skråskorne endestykke, som vist på biletet. Her er den nye delen i bjørk, som originalen, og av eit tre med om lag same dimensjon som staven var hoggen av.
Vi kjem ikkje vekk frå at ei motorsag med skarpe tenner er ein nyttig reiskap til det grøvste av slikt arbeid. Når vi har kappa den gamle delen, merkar vi den nye, slik at han passar nokolunde. For at skøyten skal stå støtt, og sjå pen ut, må flatene gå tett i hop. Dei loddrette jamnar vi til med øks, dei skrå får vi saman med ei vanleg bordsag når det berre er litt som manglar. Ein slik skøyt, når han er tett, står godt utan noko meir feste. Er skøyten langt oppe på staven, kan ein trenagle gjennom det gamle og det nye stykket gje eit meir solid inntrykk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.