Restaurering
Under vøling av Borgund stavkyrkje i Lærdal i Sogn fann snikkarane frisk spon som hadde lege på taket sidan 1100-talet. Også om det er utsett for vêr og vind, kan treverk på tak og kledning av hus vare lenge. Kunsten er å finne dei rette trea til slike emne.
To furestokkar med ulik kvalitet. Til høgre mørk og tung alved, med tettvaksen geitved. Til venstre lett og lys alved som har vakse raskt, og som er langt mindre sterk både mot ròte og brot.
Foto: Erik Solheim
Høg alder på trea gjev god kvalitet til dei fleste bruksmåtar i hus. Men både for brotstyrken og for evna til å stå i mot ròtebakteriar, er det ein kvalitet at treet ikkje har vakse fort. Sein vekst gjev smale årringar, tett ved. Det moderne industriskogbruket, med flatehogst, planta gjenvekst og delvis gjødsling, har på nokre tiår gjeve skog med stor volumtilvekst. Resultatet av denne kubikkfeberen er lausare og lettare ved, og mindre styrke mot brot og ròte. Så store areal har det moderne skogbruket lagt under seg, at det mange stader er vanskeleg å finne tre av god nok kvalitet til varig restaurering av gamle hus.
Dersom dei har tilgang på nok lys, vil alle treslag vekse raskt i ungdommen, i 20–30 år. Dei strekkjer seg i konkurransen om å få tilgang til lyset, og ikkje bli ståande i skuggen av andre. Det er som kjent sollyset som gjev energi til veksten. Årringane vert då breie og veden laus. I fure kan breie årringar i nokon grad bli kompensert av den naturlege impregneringa med harpiks i alveden. På den andre sida får furebord i mange tilfelle mergsprekker når dei tørkar. Då er dei ikkje tette nok til tekking eller til kledning på drevsida av huset. For å få varige bord av fure, bør ein skjere vekk den veden som er nærast margen. Særleg i granbord er laus ungdomsved eit lyte ved utandørs bruk. Dei som ikkje kan velje eigna tre i skogen til materialen, kan sortere borda etter bruken når dei kjem på tunet.
Gamalt er godt
Høg alder på trea – for fure eit par hundre år eller meir – er eit generelt kvalitetskjenneteikn. Ettersom tilveksten minkar, får treet mindre bruk for å transportere vatn og næring opp og ned. Transportrøyra finst i yteveden, geita, som minkar ved stigande alder. Det som er innanfor, vert fylt med harpiks. Dette er tørr og daud ved, ettertrakta til material som skal tole allslags vêr. Dei eldste trehusa i landet er av fure frå skogar som gav høve til å velje det aller beste. Det er fortalt at Vonde-Åsmund, som bygde Rygnestadloftet i Setesdalen på slutten av 1500-talet, sende mennene sine lange strekningar i mange retningar for å hente stokkar som var gode nok.
Etter at volumtilveksten har stagnert, aukar tilveksten av kvalitet. Treet vert meir sylinderforma, og dei ytre, svært smale årringane er òg meir ròtesterke enn dei vi finn i yngre geitved. Dette gjeld både gran og fure. Gran har kjerneved, men ikkje harpiksmetta alved. Styrken hos grana til bruk på tak og som kledning ligg i at porene i veden er tette. Når granmaterial først er tørr, trekkjer han lite vatn. Av den grunn kan gran av god kvalitet halde seg lenge utandørs, som i skigardar.
Ròtestyrken
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.