Restaurering
Gamle vindauge er verdfulle saker. Dei kan vere 200–300 år gamle, og har i uminnelege tider tolt både vind og væte fordi dei er laga av det beste av utvald material.
Om treverket ser delvis medteke ut, er veden ofte frisk innanfor. Dette vindauget vil framleis vare lenge.
Alle foto: Erik Solheim
Slik kvalitet er ikkje å finne i vanleg handel, og det skal stor materialkunnskap til for å kopiere dei gløymde snikkarane. Ein annan kvalitet er at dei høver til huset. Formatet, ruteinndelinga og listverket høyrer liksom opplagt til resten av bygningen. Sprossene er ofte spinklare, og samanføyinga annleis enn i vindauge som er å få kjøpt i dag. Så er det dei gamle rutene, som ikkje er heilt jamtjukke, og heller ikkje plane. Også glas sig når det står lenge. Men glasa gjev bygningen eit anna preg enn nye og heilt glatte ruter. Om det er mogeleg å berge nokre av dei i eit gammalt vindauge, vil dei dempe konflikten mellom det slitne og det glatte. I rom som ikkje treng stadig oppvarming, er enkle vindauge, utan fleire lag med glas, framleis godt tenlege.
Knivtesten
Dersom treverket i vindauget er så fast at det er tungt å stikke ein syl eller kniv lenger inn enn i overflata, er veden god nok til å vare minst like lenge, oftast lenger enn ny. Mest utsett for skade er endane på sprossene og rammestykka. I samanføyingane tørkar våt ved seinare. Endeflata på eit trestykke trekkjer lettare vatn enn sideflatene.
Når dei nedre rammestykka og den nedste planken i karmen er fast nok, er som regel resten endå betre. Om det liggande karmstykket nede er for dårleg, kan vi løyse det frå resten og skjere vekk det som har rotna, og lage ein ny fals i den friske alveden. På innsida trengst det då eit nytt stykke ut til karmbreidda. Er sidekarmane rotne nede, er det enklast å legge inn nye stykke, festa med vassfast lim og trepluggar. Pluggar av tre har den føremonen, samanlikna med skruar og spikar, at vi etterpå kan høvle til dei nye delane slik at dei høver akkurat. Dei nye emna bør vere av tettvaksen, feit og tung kjerneved av fure. I somme distrikt snikra dei vindauge av tettvaksen gran, og då må også nye delar vere av dette treslaget. Sjå korleis årringane ligg i dei originale stykka, og monter dei nye same vegen. I karmane skal rettsida på emnet – sida inn mot mergen – ligge inn i rommet.
Målingsfjerning
Vindaugsrammene er tappa saman i endane og festa med trenaglar som vi kan banke ut. Hola er laga med navar, og er dermed koniske, slik at naglen lettare heng på plass. Men før vi går laus på treverket, må rutene ut. Gammal kitt er enklast å fjerne når han er oppvarma med ei kittlampe. Varmluftpistol er farleg, glaset sprekk lett under for stor hete. Å få vekk hard kitt utan varme, er òg vanskeleg utan å skade rutene. Merk rutene før du tek dei ut; det er ikkje sikkert dei passar andre stader i ramma. Skrap vekk mest mogeleg av kittet, og alt som har vore under rutene. Tjukke målingslag kan skjule vakre profilar på treverket, og lèt seg fjerne med varsam bruk av varmluftpistol og skrape. Av tynne målingslag fjernar vi det som er laust. Hengsler og vinkeljarn i hjørna er festa med spikrar som lèt seg vippe ut, eller skruar. Målinga på stål losnar om vi legg stykka i ei blanding av kaustisk soda og vatn ei tid og skyl dei godt etterpå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.