Restaurering

Når spørsmålet er om dagane er talde for eit hus i forfall, må det generelle svaret bli svevande. Kan eigaren makte oppgåva huset stiller? Begge avgjer utfallet.

Mange vil kalle eit slikt hus falleferdig, andre eit funn. På ein lettare tilgjengeleg plass enn her, ei veglaus og fråflytta grend i Årdal, kunne huset få igjen sin gamle stas. Men det krev mykje arbeid.
Mange vil kalle eit slikt hus falleferdig, andre eit funn. På ein lettare tilgjengeleg plass enn her, ei veglaus og fråflytta grend i Årdal, kunne huset få igjen sin gamle stas. Men det krev mykje arbeid.
Publisert

Første oppgåva er å finne ut kor mykje av bygningen som faktisk er øydelagd. Mange kledningsbord kan vere det, men ikkje alle. Om ein del av taket er ròte, kan resten ofte vere med vidare. Éin lafta vegg kan ha store skadar, medan mesteparten av dei andre er gode nok. Bord eller anna som kan skjule skadar bak dei, må vekk. Når det er avdekt kor mykje skade ròte og insekt har gjort, er det grunnlag for å setje opp ei liste over ny material som trengst, av rette sorten, med dimensjonar og lengde på stykka. Dersom konklusjonen er at det som står att, manglar botevon, kan svaret vere å byggje ein kopi av det som var, på same måten som dei reiste det tapte huset.

Domen og domarane

Mange av dagens auge, trena av den skikken at slitasje og elde tilseier å kjøpe nytt, vil undervurdere sjansane til å løfte ein sjaber tilstand til noko godt. Dei som har faget sitt i moderne måtar å byggje på, med trematerial som knapt har andre kvalitetar enn dimensjonane, vil som regel vere raske med dødsdommen. Ofte lokkar dei med låge kostnader for hus i moderne konstruksjonar, men utan å nemne at då sit eigaren igjen med stadig veksande utgifter til vedlikehald.

Dei som ser verdiane i det gamle, og ikkje har handlingslammande hastverk, kan få perler ut av rotne stokkar. Vi kan likevel ikkje underslå at å berge eit hus i dårleg forfatning, krev innsats. Ein som kan gjere mykje sjølv, slepp billegare frå det økonomisk. Dersom alternativet er eit nytt hus eller hytte, gjev dagens prisar stort rom for å vøle det gamle.

Stavbygde hus

Dei enklaste å få skikk på, er stavbygde hus. Dei har loddrette stykke som berande delar under langsgåande stokkar som held taket oppe. Konstruksjonane varierer med plasseringa i landet og med alderen. Det første ein må gjere, er å få tak i logikken i oppbygginga. Om huset har sige fordi underlaget har svikta, eller fordi stavane har rotna nede, er slike bygningar lette å jekke opp i sin opphavlege posisjon. Då er mønet og ufsene parallelle, nokolunde beine og til vanleg vassrette. Nedover får stavane gå så langt det høver med underlaget. Om dei har rotna nede, er tiltaket å skøyte inn ny ved, eller legge under korte stabbar. Om skadane er oppe, er også nye stykke det som skal til. Dersom taket ligg på, kan dette vere vanskelegare, i alle fall på større hus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement