Restaurering
Torvtak har vi kanskje hatt så lenge vi har bygt hus her i landet. Mange vil framleis ha jord på taket, også på nye hus. Men nye torvtak i dag har som regel hoppa over mykje av den tradisjonelle skikken.
Skissa viser opplegget for torvtak med papp og grunnmursplast som vasstette lag på eit sperretak. Torvhald oppe i taket manglar.
Alle illustrasjonane: Erik Solheim.
Det som heldt torvtak tette før, var bjørkenever under jorda. Jorda var der for å halde nevra på plass. I dag er det mest grunnmursplast som held væta ute. På eldre bygningar er dette eit framandt stoff, og det er grunn til å spørje om ikkje eit anna tak, til dømes av tre, er like rett, i det minste like ærleg.
Men torv har sine ettertrakta sider. Det ser tiltalande ut på eldre bygningar, og snøen isolerer om vinteren. Eit problem er at taket kan bli for tett – mot damp innanfrå. Nevertak «pustar». Dersom fukt – som alltid går frå det varme til det kalde – ikkje slepper ut, kan dei berande delane ta skade. Lufta inne i tette hus vert lett dårleg. Stabbur med plast under torva, i staden for never, har vist seg ubrukelege til å henge kjøt i, nettopp fordi fuktig luft vert innestengd. Ein mellomveg er kanskje å leggje plast på dei nedre delane av taket, dei er mest utsette, og å tekke med never opp mot mønet.
Å legge torvtak var eit arbeid for mange. Dei med lang røynsle og best innsikt tok seg av dei viktigaste oppgåvene. Å legge nevra rett kjem ikkje av kunnskap som lèt seg lære frå ei bok. Legginga må inn i hendene, ikkje berre i hovudet. Måten å gjere det på veksla. Klimaet på staden var éin grunn til variasjonen, tilgangen på never og torv ein annan. Å kjøpe never var dyrt, også før i tida. Fotografi viser at i mange distrikt, også med lauvskogsdominans, må det ha vore vanskeleg å finne never fordi det var lite bjørk igjen utover på 1800-talet. I Jølster skal ein mann ha hevda at han ville fått tett tak sjølv om nevra ikkje var større enn spelkort.
Autentisitet
Eit ord i det antikvariske språket er autentisitet. Det handlar om kor ekte bygningen eller restaureringsarbeidet er. Det som er mogeleg med plastikk under torva, er å ta vare på den visuelle autentisiteten. For den er det som vi ikkje ser, mindre vesentleg. Både kantane og undersida av eit restaurert torvtak er synlege. Dersom det er kjent korleis det ekte torvtaket var, er oppskrifta å kopiere det. Om ikkje, er rettesnora det som var vanleg i området.
Troet – det som ber det tekkande – kunne i uthus vere meir eller mindre tiløksa troer, det vil seie tynne trestammar. I hus for folk var ukanta bord vanleg til tro. Dei låg gjerne med rettsida ned. Mellom dei var det råd å stikke ned nokre nevrer som krulla seg rundt bordkanten og hjelpte mot sig i taket. Tett tro av pløgde bord vert eit framandarta avvik. Troet trong ikkje vere material av høg kvalitet; på mange tak ligg slikt som har vore brukt før. Tjukna kunne godt variere under bjørkenever. Plastikk toler ikkje kvasse brot. Over sprekkene mellom borda kan vi feste never, gjerne slik som er brukt før, for å skjule kunststoffet over. Det er vanleg å legge takpapp på troet for å halde huset tett til neste steg og for å ha dobbel sikring mot lekkasje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.