Restaurering
Den dominerande byggjematerialen i Noreg er tre. Men stein måtte òg til, i det minste som underlag for treverket mot jorda. Ikkje alltid har dei hatt tilgang på god murestein.
På 1800-talet agiterte styresmaktene for å byggje meir i stein. Gjennom lange tider hadde det vore hogge hardt i skogane, etter at oppgangssaga kom og det vart pengar å tene på eksport av trelast. Det er uvisst om bruken av tre vart vesentleg mindre. Å mure er tidkrevjande samanlikna med å byggje i tre, og den økonomiske stoda for eigaren har nok helde mange vekke frå store steinhus. Tilgangen på folk som kunne faget, var heller ikkje like stor over alt.
Men grunnmurane eller andre fundament under trehusa er henta frå berget eller jorda. Mange står strake og solide etter fleire hundre generasjonar. Når dei har svikta, er det nokre årsaker som går igjen, og som vi må finne fram til før vi legg dei opp igjen. Grunnen kan ha gjeve etter under tyngda, særleg der telen arbeider. Eller taket lek, og det kjem vatn ned i muren og sprengjer veggane ut når jord mellom vangane frys. Det same kan hende dersom vatn kjem inn frå overflata, som har lag til å byggje seg opp gjennom tidene. Store murar krev mykje arbeid å ta ned og legge opp igjen. Å handtere tunge steinar er i dag enklast med gravemaskin eller pallegaffel på traktor.
Løft huset
Når lafta hus er skeive fordi muren har svikta, er det mogeleg å rive vekk mykje av steinen, og komme til med jekk for å løfte huset. Veggane er ofte sjølvberande mellom novene. Med eit provisorisk fundament, gjerne av lastepallar eller krysslagd boks, er neste steg å heve – eller kanskje byggje om – dei berande delane av muren. Når huset står trygt på nytt grunnlag, kan vi fullføre arbeidet mellom dei berande punkta. Steinen som treverket kviler på, bør vere slik at vatnet renn av, helst ut. Bjørkenever har vore brukt mellom tre og stein, for å hindre ròte.
Nokre råd går ut på å lage eit fundament av armert betong under steinmuren. Ofte er det å overdrive. Eit solid fundament har dei fått til ved at steinane nede på marka stakk ut om sida på muren. Botnsteinen får då tyngda nærare midten, sett på tvers av lengderetninga, og vert eit støare underlag for tyngda. Gamle, landsens murar står sjeldan djupt i tufta. Både lafta hus og stavbygde toler godt at steinane løfter seg litt av tele om vinteren, om ikkje sjølve muren tek skade av det. Dei har nok likevel vore ute etter byggjeplassar med stabil grunn, der vatnet rann utanom.
Mørtel
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.