Restaurering
Dårleg material og dårleg måling har forsynt mange huseigarar med store vedlikehaldskostnader. Begge skavankane kom inn i husbygginga på 1950-talet. Dei fleste kjøparane visste nok lite om kva dei betalte for.
Ei tett hinne av moderne måling har hatt dårleg feste i kledningsbordet og flakna av. Før ny måling bør det meste av den gamle vekk.
Foto: Erik Solheim
Kanskje lagar du den beste målinga sjølv. Det er berre to ingrediensar som skal til: ein naturleg olje og pigment, mineralsk pulver som gjev farge og konsistens. Jon Bojer Godal skriv i boka Tekking og kledning med emne frå skog og mark at lyse er det beste stoffet vi veit om, ved sida av tjøre, når det gjeld å verne treverk mot nedbryting. Lyse er tran av fiskelever, helst av torsk eller brosme, som står og gjærar gjennom sommaren, i varmen. Noko av feittsyrene vert då omdanna til smørsyre, som hemmar bakteriar, sopp og insekt. Lyse har små molekyl som trengjer godt inn og hindrar at væte slepp til i veden.
Lyse er ikkje i handelen, og tjøre er for mørk til vanleg pigmentmåling. Men det finst alternativ. Av dei har rå, kaldpressa linolje dei minste molekyla. I kokt linolje er mesteparten av molekyla om lag 20 gonger større enn i rå, men ein del er like små. Mange som driv med restaurering, held hardt på at rå, kaldpressa linolje best får treverket til å vare. Godal er meir i tvil om kor stor den praktiske skilnaden er på rå og kokt olje.
Linoljemåling
Å lage si eiga linoljemåling er enkelt og billeg. Rå, kaldpressa linolje er å få kjøpt i butikkar som fører utstyr til restaureringsarbeid. Det same gjeld mange pigment av god, gammal sort. Når fargen i pigmentblandinga er rett, blandar ein henne med olje, først til ei grautaktig deig. Med «visp» på ein drill går dette lett. Med tjukk masse er det lettare å få finfordelt pulveret i oljen. Så er det å fylle på meir olje, til blandinga er høveleg flytande. I alle fall med kokt linolje gjer noko treterpentin i første strøket at måling trekkjer betre inn. Fleire, tynne strøk er betre enn få og tjukke. Målinga skal ikkje sige. Best resultat vert det på høvla kledning og med ein kost av naturbust. Dersom målinga tørkar ut, er eit tiltak å stryke over med rein linolje to til fire år seinare.
På eldre hus er det god skikk å kopiere den fargen som har vore, eller ein av dei. Historia kan vi finne ved å løyse opp eit lite felt med måling med eit eigna stoff, og skrape vekk dette laget for å frå fram det som er under. På nokre hus har dei endra fargane gjennom tidene, slik at der er grunnlag for ei heil fargetrapp – som vi kan avdekkje lag for lag. I slike tilfelle er det god skikk å ta vare på denne dokumentasjonen, på ein skjerma del av veggen.
Pigment
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.