Restaurering

Kva feil er mest vanleg i arbeidet med å restaurere gamle hus? Norsk kulturminnefond, som gjev mest støtte til slik vøling, har svart Dag og Tid med ei liste over skavankar som går igjen.

Moderne imitasjon av eldre krysspostvindauge. Overdimensjonerte rammer og aluminiumslister under rutene er framandelement i eit eldre hus. Og lite lys slepper inn.
Moderne imitasjon av eldre krysspostvindauge. Overdimensjonerte rammer og aluminiumslister under rutene er framandelement i eit eldre hus. Og lite lys slepper inn.
Publisert

Mange set i gang på eiga hand, utan nok kunnskap og innsikt i å restaurere. Dei søkjer heller ikkje råd hos fagfolk som kan. Materialval og handverk som skal til for å hindre vidare forfall og reparere skadar på ein god måte, har for lenge sidan gått ut av dagens byggjefag, som altså ikkje har stort å fare med. Moderne verktøy er til lite hjelp når oppgåva er å setje i stand hus som er eldre enn byggjemåten som den nye reiskapen er tilpassa. Trelastbutikkar har nesten ikkje materialar som er tenlege til å vøle eldre hus med. Unnataket kan vere litt innvendig panel og slike enkle ting.

Men det finst ein del – fleire enn for berre få år sidan – personar som veit kva dei skal svare, både om detaljar og om rasjonell framgangsmåte i arbeidet. Enkelte fylkeskommunar har eigne bygningsvernsenter, og alle har tilsette som det kan vere lurt å rådføre seg med. Handverkarar på mange museum kan vere til hjelp, og det aukar på med restaureringssnikkarar som det er lov å spørje. Fortidsminneforeningen har avdelingar i alle fylka, og fleire lokallag. Norsk Kulturarv er ein organisasjon som gjerne svarer. Kontakt med ein person opnar ofte vegen til andre, også folk som kan levere materialar med rett kvalitet og dimensjon.

Plan og tid

Utan ein gjennomtenkt plan for arbeidet, er risikoen stor for at kostnadene vert store og resultatet dårleg. Det er lett å gape over for mykje, og lett å gløyme at det som regel tek tid å skaffe materialen ein treng. I liten grad er slikt lagervarer. Å få tjukke dimensjonar tørre nok kan ta fleire år. Dei som vil gjere alt eller mykje av arbeidet sjølv, må innstille seg på at det tek tid. Det krev omtanke og, for mange, ein del læring. Første ideen er sjeldan den beste. For stort tempo gjev lett skuffande opplevingar etterpå. Det er sjeldan kjekt å oppdage at resultatet hadde vore langt betre om det hadde vore annleis. Å setje seg inn i ein byggjeskikk som har tusen års røynsle bak seg, er ikkje gjort i ei handvending. Og utan å forstå korleis bygginga av huset var tenkt, og korleis kreftene i konstruksjonen verkar, er det lett å komme skeivt ut. Det er ikkje nok å ta for seg stykke for stykke, kvar for seg.

Nesten alltid dukkar det opp skavankar som ikkje er lette å oppdage før arbeidet er i gang. Dei berande delane må vere i orden før resten av arbeidet startar. Frisk ved som vert fjerna, tek vi vare på, for så å setje delane på plass igjen eller kanskje nytte dei ein annan stad. Ei enkel skisse med viktige mål er nyttig å lage. Nok fotografi dokumenterer mykje og er ei god minnebok. Har delar av huset sige, kva er så årsaka? Kva er grunnen til ròteskadar? Alt som blir fjerna, bør vere merkt. Ein bjelke passar ofte berre på plassen sin.

Materialval

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement