Restaurering
Saga var ein revolusjon i tilverkinga av bygningsmaterial. Det vart enklare å lage bord i store mengder, og det endra byggjeskikken. Mange fleire hus fekk kledning og varde lenger. Men den nyare utviklinga har gått ut over kvaliteten på bygningsmaterialen.
Med sirkelsag er det vanlege skurdmønsteret å lage grove dimensjonar midt i stokken, og gjerne bord utanfor. Med berre alved vert dei store plankane eller bjelkane veikare, og dei ròtesvake yteborda er ikkje eigna til utvendig bruk. Dei kuvar seg òg meir enn midtborda når dei tørkar.
Illustrasjon: Erik Solheim
Vassdrivne oppgangssager kom i bruk på 1500-talet. Dei utløyste stor eksport av trelast, frå privilegerte sagbruk som berre byborgarar kunne eige. Det fortel om storvaksen skog på den tida at toppmålet på skurdstokkane var 17 tommar, nær 45 cm. Dei første oppgangssagene hadde heller tjukke blad av smidd stål. På 1700-talet kom rammesager med fleire og tynnare blad av valsa stål. Dei skar fleire bord i slengen. Ei slik sag er framleis i drift i Herand i Hardanger.
Bønder hadde lenge ikkje lov til å drive oppgangssager. For husbygginga i vårt land var truleg handsaga viktigare. Dette er eit breitt sagblad med eit handtak i kvar ende. Stokken vart lagd på ei stelling, så høg at ein mann kunne gå under. Éin stod oppe og styrte saga etter ein strek dei hadde slege med snor; den andre stod under og drog saga ned. På bord etter slik skurd ser vi at eine enden kløyvde dei ut og sletta med øks. Dei kunne ikkje skjere heilt til endes der stokken låg på ein tverrstokk.
Sporanalyse
Å analysere gamle spor av verktøy høyrer med til restaureringsarbeidet. Bord frå oppgangssager har normalt beine striper etter tennene, med jamn avstand. På emne som er laga med handsag, finn vi gjerne variasjon både i retninga på spora og avstanden mellom dei. Handsagene var i bruk godt ut på 1900-talet. Det var enkelt å lage til ei stelling der tømmeret var hogge, i staden for å frakte stokkane til ei sag og materialen vidare til byggjeplassen.
Med handsag vart tilverkinga svært effektiv. Jon Bojer Godal har i boka Tekking og kledning med emne frå skog og mark komme til at ein stad mellom 25 og 40 bord – seks til åtte tommar breie og nesten fem meter lange – kunne vere eit overkommeleg dagsverk for to mann. Han byggjer på tal frå Eilert Sundt, som trur at tre tylfter, 36 bord, var eit pårekneleg resultat av ein dags arbeid for to. Framleis er slike handsager i bruk no og då til prosessautentisk restaurering, som er å bruke dei same reiskapane og framgangsmåtane som då huset vart bygt.
Midt i stokken
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.