Restaurering

I opphavet var øksa. Dei eldste funna av steinøkser skal vere to millionar år gamle. Framleis er øksa den viktigaste reiskapen for den som vil restaurere gamle hus, eller byggje nye etter gamal skikk.

I ei V-forma veit må ein hogge langs stokken for å få han til å opne seg. Med kilar sprengjer vi delane frå kvarandre. Fibrar som går tvers over sprekken, høgg vi vekk etter kvart. Er stokkane tjukke, må vi kanskje hogge frå den andre sida òg.
I ei V-forma veit må ein hogge langs stokken for å få han til å opne seg. Med kilar sprengjer vi delane frå kvarandre. Fibrar som går tvers over sprekken, høgg vi vekk etter kvart. Er stokkane tjukke, må vi kanskje hogge frå den andre sida òg.I ei V-forma veit må ein hogge langs stokken for å få han til å opne seg. Med kilar sprengjer vi delane frå kvarandre. Fibrar som går tvers over sprekken, høgg vi vekk etter kvart. Er stokkane tjukke, må vi kanskje hogge frå den andre sida òg.
Publisert

Med øks kan vi felle tre, kviste og kappe dei, kløyve stammen og gje materialen til byggverket den forma han skal ha. Å felle tre med øks tek meir tid enn med motorsag, men framgangsmåten er den same, og øksa løyser sveitten raskare. Vi høgg ei felleskòr på den sida treet skal til, ei flate nede og ein skrå kant på stammen, ned mot flata. Flatene skal møtast i ei linje vinkelrett på fallretninga. På denne måten styrer vi kvar treet skal lande. Så er det å gå laus på hi sida, til treet ramlar, eller vi kan dytte det over ende. Så er det å hogge kvistane av heilt inne ved stammen, då står dei ikkje i vegen når vi skal fjerne borken. Ved høveleg lengde kappar vi treet ved å hogge ut eit V-forma skar på kvar side. Dette arbeidet gjer vi best med ei øks som har kort egg, ei skogsøks. Ho går lenger inn for kvart hogg enn ei som tek meir av trediameteren; den kortegga øksa er lettare å arbeide med.

Dimensjon og kvalitet

Eit viktig utgangspunkt er å velje ut tre som høver til dei dimensjonane materialen skal ha. Då vert det mindre å hogge vekk på sidene, og vi får treverk med best kvalitet. Før dreiv dei med dimensjonshogst, og dei valde ut trea etter det dei hadde bruk for, nokre med styrke mot ròte, andre sterke mot brot. Bjelkar og sperrer, som skulle tole tyngder, har som regel vankant i andre bygningar enn stovehus. Då er mykje av den sterke yteveden med frå treet, og det vert mindre å fjerne med øksa. Skikkeleg kvalitet er ikkje lett å finne i dyrka skog, så heldig er den som kan hente trea sine i gammal naturskog, med både store og små tre.

Framgangsmåten for å hogge til sidene på stokken, er å legge han tvers over to andre stokkar, og setje han fast med to bindhakar. Når spørsmålet er kor høgt stokken skal ligge, vekslar skikkane. Eit stykke under kneet høver oftast. Som regel legg vi bogen opp dersom stokken ikkje er bein. Så strekar vi opp, med vater, dimensjonane i begge endane, med loddrette og vassrette strekar. Mellom toppen på dei loddrette strekane på høgre sida strekkjer vi ei snor til å hogge langsmed. I starten må vi rekne med å skøyte snora nokre gonger. Nokre slår i staden ein strek på stokken med ei stram kritsnor. Streken viser best når borken er vekke.

Resten gjer vi med øksa. Det heiter å træ, eller skante, rye. Mest får vi gjort med ei breikjefta bile, ei som har lang egg. Hogginga startar i toppenden av stokken, og øksa går mest nedover, på tvers av stokken. Dersom mykje ved skal vekk på utsida, er det best å grovhogge først, og så lage flata ferdig med ein ny runde og mindre kraft i hogga. Når starten på hogginga er i lodd, kan vi heile tida sikte etter denne, slik at flata ikkje vert vindskeiv. Er éi side ferdig, snur vi stokken 90 grader og tek den neste.

Kvass øks

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement