Restaurering

Store var dei ikkje, verktøykassane som tømmermennene hadde med seg til byggjeplassen. Men dei fekk utretta mykje med enkel reiskap. Når energien til arbeidet kom frå kroppen, var dette rasjonelt utstyr.

Høvling av takbord med tvimenning eller okshøvel. Mannen til venstre dreg, den andre skyver. Arbeidet går raskare enn mange vil tru.
Høvling av takbord med tvimenning eller okshøvel. Mannen til venstre dreg, den andre skyver. Arbeidet går raskare enn mange vil tru.
Publisert

Med øks og sag laga dei rette dimensjonar på materialen dei skulle byggje med. I mange tilfelle var dei likevel ikkje ferdige. Til stovehus, og normalt i rom for dyr, skulle overflata inne vere glatt. Det fekk dei til med skjøve i dei eldste tider og ut mellomalderen. Etterpå kom høvelen i bruk. Skjøve – mange stader var namnet pjål – kunne ha ulike utformingar. Til å glatte sida på ein stokk var det effektivt med ein variant som har bitjarn under eit trestykke som dei drog med begge hendene. Jarnet skjer vekk fliser eller spon og lèt etter seg ei glatt flate med spor av stålet i lengderetninga på stokken. Skjøva gjev om lag same resultatet som ein høvel, berre raskare og lettare når overflata er ujamn. Då tek det mange drag før høvelen når botnen.

Å høvle ei flate er enklast når veden er tørr. Med skjøve går det lettast når materialen er rå. Kvistane er mjukare då, og veden rundt kvisten er lettare å skjere glatt, utan at han flisar. Éi utgåve av reiskapen har ringforma eggstål, nesten ein halvsirkel. Slike er eigna til å glatte innhole flater. Ved restaurering er skjøve det rette å bruke når det er grunn til å tru at dei øydelagde delane var laga med det same utstyret. Det viser igjen på overflata. Eit kjenneteikn er at den glatte flata ikkje er så plan som normalt er resultatet med høvel. Bitjarnet er meir krumma på skjøver.

Høvel

Høvelen kom truleg i bruk på 1500-talet. Dette var ein meir eigna reiskap til å glatte skoren material med, vel å merke dersom skurden var bein. Høvelen er atskilleg lengre enn skjøva. Han tek difor ikkje der sagbladet har gått ned i flata. Det var nok heller ikkje slik at skjøvene vart lagde vekk så snart nokre hadde gått over til høvel. Endringane i den tradisjonelle byggjemåten var ikkje som svingingar frå eine moten til hin.

Den eigna høvelen til å glatte skorne eller øksehogne flater med går under namnet tvimenning eller okshøvel. Dette er ein heller kort høvel med to handtak på tvers, slik at to personar kan arbeide i lag. Tanna er lite grann runda, slik at det ikkje vert ståande att kantar på sida. Éin dreg og den andre skyver. Dei to kan legge stor kraft i draget, og stille tanna djupt om det trengst. På fin skurd, og med ei skarp tann som då ikkje treng å ta så mykje, er tvimenningen lett å arbeide med, og det går fort unna. Eitt drag og flata er glatt.

I dag er det sjølvsagt råd å høvle raskare med elektriske maskiner. Ein brei, roterande handhøvel gjer skorne flater slette og plane. Det er likevel gode grunnar til å fare over etterpå med ein kvass handhøvel, gjerne ein kort og lett ein. Dei roterande knivane lèt etter seg ei matt overflate. Ein skjerande handhøvel gjev meir glans i treet. Det er òg vanskeleg å hindre at maskiner set att kutterslag. Dei tek seg dårleg ut i lag med det som er laga med reiskap i handa. Handarbeid gjev alltid litt variasjon i resultatet, ein annan utsjånad. Svikt i slike detaljar gjev lett eit mindre ekte og lite vellukka inntrykk. Å høvle vekk spon som er på tjukne med sigarettpapir eller litt til, går både lett og raskt. Men då må høvelen bite nesten som ein barberkniv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement