Restaurering
Før elektrisiteten og fyringsoljen kom, var vedomnane den viktigaste varmekjelda. Vedomnane er uttrykk for ei innhaldsrik kulturhistorie som i altfor stor grad har gått til grunne i iveren etter det nye.
Røykomnen avløyste åren i store delar av landet. Han stod på eine sida av døra inn til stova. Ein plankevegg frå golvet til beten støtta muren på eine sida. Den fremste planken stakk ofte over beten og var dekorert med utskjeringar. Leire var vanleg mørtel mellom steinane.Røykomnen avløyste åren i store delar av landet. Han stod på eine sida av døra inn til stova. Ein plankevegg frå golvet til beten støtta muren på eine sida. Den fremste planken stakk ofte over beten og var dekorert med utskjeringar. Leire var vanleg mørtel mellom steinane.
Illustrasjon: Erik SolheimIllustrasjon: Erik Solheim
Mange som restaurerer gamle hus for å bu i dei, ber dei gamle omnane ut. Ei kulturhistorie vert til spikar. Reklamen og det offentlege fortel om brannfare og for låg effekt av gamle eldstader. Stundom har dei nok rett, men ikkje så ofte som vi kan få inntrykk av. Etasjeomnar som er i stand, leverer mykje varme av veden, og lite utslepp. Frå brennkammeret til skorsteinen går røyken gjennom lange kanalar. Den varmande overflata er stor. Det er som med lange omnsrøyr – ein enkel regel er at kvar meter gjev ein ekstra kilowatt varmeeffekt. Når røyken har gått gjennom kanalane i omnar, kjem det som regel lite sot ut i friluft. Det som legg seg inne i kanalane, bør av og til vekk for å få mest mogeleg varme ut i rommet. Berre eit tynt lag isolerer mykje, og kråkene klarer seg utan at vi fyrer for dei. Å sote ein gong i året er rådet frå ein som sel omnar. Gjerne oftare dersom vedfyring er vanleg. Arbeidet lèt seg visst gjere med støvsugar.
Restaurering
Med omnar som ikkje er i god nok stand, er det som med husa: dei lèt seg ofte vøle. Her og der finst det folk som restaurerer gamle omnar. Enkelte metallarbeidarar kan sveise støypegods. Men om delane er heile, kan mange gjere arbeidet sjølve. Det handlar om å få omnen tett og fin att. Plukk delane frå kvarandre. Fotografi kan vere hugseliste for å få dei på rett plass. Fjern sot, skit og rust med ein stålkost, i handa eller på drill. Dette er utearbeid.
Før montering må det under omnen ligge ei vassrett plate av metall eller skifer. Ho skal stikke 30 cm lenger fram enn ilegget. Om avstand til material som kan ta fyr og slike reglar, spør brannvesenet. Set beina under botnplata i omnen og få plata i vater. Legg omnskitt – nok – i falsen, monter sideplatene, stadig i kitt, og hald dei gjerne i hop med ei lita lastestroppe. I botnen, på eit 2–3 cm tjukt lag av fin sand, er det lurt å legge eldfast stein, og likeins oppetter veggane i brennkammeret, om der er plass nok. Stein og kitt er å få kjøpt hos dei som sel omnar. Så er det å halde fram til omnen er ferdig. Jamn ut det synlege kittet med ein våt finger. Stryk så omnssverte på omnen, kanskje litt tynna med white-spirit, la det tørke og gni over med ein tørr klut. Poler med ein mjuk kost, og omnen er klar.
Omnsstøyping
I dei første trehusa gav åren – eit bål på golvet – lunk i stova og varme under gryta. Slik var det gjennom hundreåra, mellomalderen til endes. Norske jarnverk starta med å støype omnar tidleg på 1600-talet. Den eldste som framleis står på same staden, kom frå Hakadal jarnverk og står i baroniet i Rosendal. Omnane var gjennomgåande rikt dekorerte med kunstferdige motiv som endra seg gjennom stilepokane. Relieffa er noko av det rikaste vi har i norske skulpturar og brukskunst, skriv Riksantikvaren på nettsida si.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.