Restaurering

Stein har lang tradisjon som tekkjemateriale i område med berg som lèt seg kløyve til heller. Seinare kom større skiferbrot i drift, verksemder som selde til større delar av landet, og delvis til eksport.

Synnøva Eris hus i Lærdal vart bygt opp att i 2016 etter brannen i 2013. Taket til venstre er eit rastatak av ny stein som er nesten kopi av det som brann. Til høgre, på hovud-delen, er det lappskifer.
Synnøva Eris hus i Lærdal vart bygt opp att i 2016 etter brannen i 2013. Taket til venstre er eit rastatak av ny stein som er nesten kopi av det som brann. Til høgre, på hovud-delen, er det lappskifer.
Publisert

Særleg i den populære sveitserstilen frå midten av 1800-talet vart det bygt mange hus med skifertak. No er mange av skifertaka vekke, endå knapt noko taktekking varer lenger enn stein. Den veksande rikdommen har visst gjort oss meir økonomisk korttenkte. Moderne tekkjemateriale kan aldri måle seg med dei eigenskapane skifer har, i kvalitet og estetikk.

Villheller

Dei eldste steintaka var av villheller eller av store tilhogne flak. Hellene ligg ned over kvarandre, slik at dei held væta ute. Villhellene måtte dei legge på den måten som steinen høvde til. Taket, som får ein sjarmerande utsjånad, finst helst på mindre bygningar. Større status hadde nok rastataka, med store og tilhogne heller lagde i raster langs møneretninga, med langsida av steinen parallelt med ufsa. Nokre av flaka kunne vege fleire hundre kilo. Dei vart festa med kraftige trenaglar eller boltar ned i lekter eller trobord over sperrene.

Før industrialiseringa var helle- og skifertak kjende i Hardanger og Voss, i Valdres, Øvre Gudbrandsdalen, Østerdalen og delar av Trøndelag, ved Fauske og i Alta-området. Dette har bygningshistorikaren Arne Berg (1917–2012) dokumentert. Ei historie som fortel noko om verdien av slikt tekkjemateriale, går ut på at under og før første verdskrigen henta dei takheller oppe under fjellet Vassfjøro og frakta dei med taubane 1200 høgdemeter ned til Osa i Hardanger.

Rastatak

Leggjemåten for rastatak veksla. På nokre tak er dei overliggande hellene store, på andre er dei mindre, ein avkorta trekant som har den smalaste enden ned. På mønet låg gjerne steinen på den sida som hadde mest driv, eit par tommar over på den andre sida, for å få det tett. Andre la never med torv på over mønet, støtta av torvhald – ein torvkjøl. Nokre tak har never og torv på vanleg måte ovanfor ei rast med stein langs ufsa. Då vart det mindre av den velkjende teledropen: lekkasje fordi jorda fraus utanfor den oppvarma delen av taket, slik av vatn vart demt opp og seig inn over øvste kanten av nevra. I Gudbrandsdalen var det brukt å legge skiferen over eit lag med jord. Hellene var dei som heldt vatnet ute, og dei trong lite never under jorda. Ho gav bra isolasjon mot varmetap.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement