Restaurering
Glede over det vakre har følgt menneska gjennom tidene. I den norske byggjeskikken finn vi lite som dei laga ekstra for å pynte huset. Men somme har gjort seg mykje føre med nokre bygningsdelar, og resultatet vert då meir tillokkande.
Ei gamal hengsle hadde brotna, men er reparert av smeden, som òg laga nye naglar. Hengsla har tidlegare vore i ei anna dør i lange tider.
Kor utbreidd slik ekstra innsats var, veit ingen. Kanskje låg arbeidet for det vakre meir i det som var inne i husa, lausøyre, vevnad, stasklede og musikk. Frå mellomalderen har vi igjen berre dei mest påkosta bygningane, dei som var av ekstra varig materiale. Dei har alle noko ved seg som løfter utsjånaden. Dette har Arne Berg teikna og fortalt om i det store verket Norske tømmerhus frå mellomalderen.
Bur og loft er det mange igjen av oppe i dalane på Austlandet, frå 1800-talet og eldre. Helst på gardar som hadde god økonomi. Dette var stashusa, dei mest påkosta. Dei taler for seg sjølv med tilsikta prestisje. På meir vanlege hus er det først og fremst proporsjonane – forholdet mellom lengde, breidde og høgde – som gjer dei tiltalande. Å ta vare på eit velforma tun krev at nye bygningar ikkje får ta livet av det. Om det er snakk om å utvide eit gammalt hus, eller byggje noko nytt i lag med dei gamle, fell det nye betre saman med det gamle om skap og dimensjonar, overflater og taktekkje kling i hop. Både kvart hus og samlingane av dei er frå gamalt bygde til ein indre heilskap. Med dagens tilgang på framande byggjemateriale er det fort gjort å forstyrre denne harmonien. Tonane frå tunet vert då sure.
Huset og terrenget
Det vanskelegaste å få til er kanskje å plassere noko nytt i lendet. Korleis nye hus eller tilbygg bør stå for å falle godt i landskapet og høve i lag med det som står der, er ofte ei vanskeleg vurdering. Det krev omtanke, og omtanke tek tid. Å flytte eller vri eit nytt hus litt kan gjere resultatet mykje betre. I nokre gardstun har dei klart å reise store låvar på ein vellukka måte, andre stader ikkje. Den moderne tenkjemåten, med vekt berre på funksjon og kostnad – og lite anna – har sin pris. I dag ser vi dei fyller opp terrenget så det vert flatt og ein enkel plass å byggje på, men for auget er slikt aldri vellukka. Husa må få form etter terrenget, ikkje omvendt. I bratte bakkar finn vi nokre stader byggverk på granne og elegante stablar av flate steinar oppå kvarandre. Om dei har sige litt skeive, er det enkelt å rette dei opp i staden for å skjemme ut huset med slette betongfundament.
Med unnatak for nokre pynta bygningar på rike gardar er den eldre norske byggjeskikken enkel og nøktern. Det er lite meir enn det som trengst, som det var i livet i bygdene. Funksjon var viktigare enn fryd. Ein byggjeskikk utprøvd gjennom tusen år hadde kanskje nådd den optimale forma si? Nokre delar har likevel fått litt ekstra. Vindskiene har kanskje ein dekorasjon i den nedre enden. Sperrene er tynna på høgda ute under ufsa, og taket verkar lettare med denne detaljen.
Dørene
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.