Restaurering
I ei enkel sperrestove ved Jølstravatnet bur ein ung dokter på sjuande året. Tanken var å halde varmen der til dess han hadde fått i stand eit større hus i tunet. Men Ole-Magnus Kapstad vart teken av trivnad mellom dei meir enn 160 år gamle tømmerveggane i stova.
Tunet på Hamarsbakken. Sperrestova i midten med nyehuset bak, kårhuset til venstre og driftsbygningen til høgre.
Alle foto: Erik Solheim
Å setje i stand den yngre og større bygningen er ein stadig flytande tanke. Sansen for gamle hus og historier fekk Kapstad av to eldre damer som budde i ei tømra stove like ved byggjefeltet han vaks opp i. Hos desse damene var guten ofte og fekk høyre forvitnelege soger om eitt og hitt. Då han som studerande ungdom fekk høve til å kjøpe garden Hamarsbakken i 2008, var han ikkje i tvil om å slå til. Men det skorta på både tid og pengar for studenten. Først måtte han ta seg av naustet, som var nær ved å bukke under av elde. I 2010 hadde han tenkt ut kva han ville gjere med sperrestova, og arbeidet starta den våren.
Litt treverk var skadd av ròte, men det største inngrepet var gjort av folk. Enden med koven og inngangen hadde dei kappa vekk; han stod i vegen i tunet. Den nye eigaren gjorde nokre endringar for å få plass til det han ville, innanfor den flata huset hadde å by på. Han har kjøkken med oppvaskmaskin, bad, vaskerom, fiber til internett og ei uneleg stove med rømd under taket. Fjernsyn kan han òg sjå, men skjermen heng bak eit teppe på veggen når han er svart. Elektriske lamper gjer lite av seg når dei ikkje er på. Slike rom har gjeve vestlendingar livd sidan vikingtida, om vi ser vekk frå vindauge og omn. Glasruter visste ikkje mennene med sverd om.
Reist med ljore
Stova var reist i 1854, med røykomn og ljore i taket, slik skikken var då. Røyken slapp ut i mønet, og mykje lys kom inn der. Då stod huset med lengderetninga på tvers av fallet i terrenget. Så tok dei ho ned og sette ho opp att i 1892, nå med kortveggen nedover, mot vatnet. Den gongen høvla dei øvste veggstokkane, sperrer og tro på nytt, og sotet etter røyken under taket er vekke. Det har likevel sett sitt preg med ein litt mørkare og særeigen lét i veden. I sin nye glans fekk stova skorstein som kvilte på to stokkar over den eine beten. Omnen i dag er nesten identisk med den utbrende som stod der, ein høg etasjeomn frå 1880. Då Kapstad spurde, hadde ein som restaurerte omnar, nett fått inn ein kopi nummer to i sin 40-årige karriere.
Golvet i stova er nytt, av solide furebord med vekslande breidde. Huset er isolert utvendig, men ikkje meir enn at dei gamle vindaugskarmane kunne stå som dei var. Vindauga frå 1892 er doble, med rutene ståande i spor i rammene og sprossene i staden for i kittfalsar. Dette var nok omstendeleg å lage, og eitt av rammestykka må om ein skal skifte ei rute. Men der er ikkje kitt som losnar og treng vedlikehald. Treverket er framleis friskt etter snart 130 år. Rutene har preg av si tid, då framstillingsmåten var slik at dei ikkje er heilt jamtjukke. Mange sperrer hadde rotna i dei nedre endane, eit ikkje uvanleg lyte under torvtak. Å felle inn nye trestykke har gjort dei fullt tenlege, og det er langt billegare enn å skifte heile. Botnstokkane under veggane er delvis nye.
I det som før var ein open kjellar under huset, er det no bad og vaskerom, litt lagerplass og anna som kjem godt med. Baderommet har delvis glasfelt mot steinmurane utanfor – ei løysing som held badet varmt og slepper inntrykket av det originale inn i det nye. Ned kjem vi i ei gamal trapp med godt slitne trinn, men i stand til å bere tusenvis av nye steg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.