Restaurering
Einer brukt som kledning på løer og andre uthus var vanleg i Nordhordland og noko lenger sør. Enno står ein del slike hus igjen. Men skikken med å kle på denne måten var nesten utdøydd. No har likevel nokre bygningar fått nye vegger etter gammal oppskrift.
Brakakledning av løegavl på Havråtunet på Osterøya i Hordaland.
Tore Fossum/ Norsk Skogmuseum
Rune Revheim på Osterøya – truleg eit kjerneområde for slike bygningar i den tida som er kjend – rakk for nokre år sidan å få kunnskapen om denne teknikken ut av dei som hadde tradisjonen i nevane. Det er snakk om ein flettverkskledning som finst i ulike variantar i mange land. I Hordaland heiter det brakakledning, etter det lokale namnet på einer: brake (uttala brakje). Skikken var i realiteten utdøydd i 1950-åra. Revheim heldt kurs og fekk opp att ny kledning på gamle hus med skrøpeleg vern mot regn og drev. Det er likevel ikkje lett å gjere slikt arbeid til levebrød, og lærlingane har funne seg andre inntekter.
Brakakledningen er dyr i dag, fordi han krev mykje arbeid. Til ei løe med einer på rundt 90 rutemeter flate på tre vegger, gjekk det med 20-25 tonn einer. Dette må vere buskveksande brake – dei som står opp som tre er ikkje brukande. Og det hjelper ikkje å hente råstoff til heile veggen på førehand; då vil eineren tørke og bli vanskeleg å ha med å gjere. Hadde dei samla for mykje, dekte dei haugen med jutesekker og slo på vatn.
Dugnad
Tradisjonelt var det dugnadsarbeid i grenda å kle hus på denne måten. Nokre hogg eller skar buskene, 60–90 centimeter lange; andre frakta dei fram. Somme måtte fjerne ein del av baret, nålene. Berre halvparten av buska, eller vel det, skulle vere grøn. Så var det for dei mest kunnige å tre eineren på plass. Det som ber veggen, er ståande opplengjer – tiløksa stokkar med dimensjon 5–6 tommar (12–15 cm). På stokkane er det spikra horisontale troer, strangar som er jamna til på begge sidene med øks, slik at dei gjerne er knapt to tommar tjukke. I hus bygde med øks og sag varierer måla med kven som hogg, og kva emne som var å finne. Avstanden frå oppsida på den eine troa til oppsida på troa over, kan vere rundt 20 cm, litt meir dersom eineren er grov. Bjørk var vanleg til troer. Ulempa er at mott (stripete borebille) lett gjer stor skade på dette treslaget i fuktig klima. Ask og rogn var òg nytta.
Træinga – å feste eineren på veggen – går ut på å dra den nålefrie rotenden over ei troe, opp bakanfor troa som ligg over, og ut att under nummer tre. Det går eit par hundre busker på ein rutemeter vegg. Særleg den første rasta må vere så tettpakka som råd er. Somme slo kvistane i hop med ei øks eller ei lett slegge. I neste rast går buska mellom dei som er der frå før, og slik veks veggen oppover. Særleg ut mot hjørna er det om å gjere å få braken tett nok. Dei delane som stikk opp og ut i veggen, vert kutta i overkant av troe nummer tre. Når veggen er ferdig, skal han vere slett og plan på utsida. Toppane av baret som hang ned og ut, kappa dei av med sigd eller stuttorv, gjerne etter å ha lagt to-tre raster. Det som då vart til overs, samla dei opp og la inn på skjørtet – det grøne baret som var på plass – før dei tredde ei ny rast. Då fekk dei veggen tettare og meir kompakt, og han varte lenger.
Stor investering
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.