Restaurering

Mange hadde jordkjellarar for å lagre poteter og rotvekstar frostfritt gjennom vinteren. Jorda isolerte mot kulden.

Denne jordkjellaren er reist på nytt på Nordanger i Radøy. Han vart dokumentert og flytt etter at kommunen gav løyve til å rive han. Ved sida av inngangen har kjellaren éin mur inne og ein ute, med jord mellom til isolasjon.
Denne jordkjellaren er reist på nytt på Nordanger i Radøy. Han vart dokumentert og flytt etter at kommunen gav løyve til å rive han. Ved sida av inngangen har kjellaren éin mur inne og ein ute, med jord mellom til isolasjon.
Publisert

I Nordhordland og i Gulen i Sogn og Fjordane hadde kjellarane ein kuppel som dei bygde med utkraging, ein eldgammal teknikk som går ut på at kvar stein stikk lenger inn i rommet enn den som ligg under. Andre stader i landet bygde dei tak over kjellaren med kvelvingsbogar, på same måten som i mange eldre bruer. Men i kyststroka sør for Sognefjorden var teknikken altså å legge steinane lenger og lenger inn oppover mot toppen. Dette er på mange vis ein enklare teknikk, og han er meir vanleg i den folkelege skikken. For at murane skulle bli stabile, jamvel om dei halla innover, måtte dei ordne seg slik at rommet fekk ei oval form, og at steinane støtta kvarandre. Der ligg den bereevna. Med jord rundt og over lagerrommet vart lufta inne fuktig nok til at rotfruktene heldt seg godt. Men om potetene kom våte inn, fekk dei tørke gjennom ein liten opning, ein ljore, i toppen av taket. Til vinteren la dei ei helle og jord over holet. Golvet inne i kjellaren kunne vere berre jord, eller dei la inn heller, og då slik at dei ikkje samla vatn.

Steinauget

Fleire kjellarar som stod i forfall, er no bygde opp att. Haakon Aase i Meland gjorde steinmuring som hobby om til levebrød, basert på gammal kunnskap om skikken dei brukte før. Jordkjellarane bygde dei stort sett av steinen som dei fann han – store og små, tjukke og tynne, nokre med gode liggesider, andre heilt utan. Ein del flisar må som regel til, men det bør ikkje bli for mange. Kjellarane er utan mørtel som bind steinane. Dette set store krav til steinauget, evna til å sjå korleis dei mange formene kan høve i hop til ein stødig mur. Det er ikkje lært i ei handvending. Slikt kan ingen lese seg til. Men med øving, utan hastverk, kan nok mange få det til. Skikken var i praksis utdøydd før Haakon Aase og andre dokumenterte og bygde opp att ein slik kjellar for nokre år sidan. Aase har spela ei aktiv rolle i å atterreisa tradisjonen med gråsteinsmuring som handverk, og han har gjort mykje for å føra kunnskapen vidare.

Det som er viktig, seier Haakon Aase, er å sjå kva steinen er brukande til, kvar han kan passe i muren. Auget og tanken må heile tida gå føre hendene. Muraren må kjenne grunnprinsippa for å få byggverket varig. Steinane skal ligge slik at dei bind kvarandre i hop til ei stødig, litt avlang halvkule. Dei må ligge slik at vatnet renn ut om veggene.

Så må det formsans til. Det må vere balanse i muren, om han skal ta seg godt ut. Vi må sjå at han ligg trygt. Då ligg store steinar i veksling med mindre. Hjørna i murar, og steinane inn mot opningar for dører og vindauge, er sjeldan vakre om dei gjev inntrykk av å ligge ustøtt. Å mure med markstein, med den forma vi finn han i, krev godt syn for å kombinere steinar med ulikt skap. Men å forme steinane krev både tid og høveleg reiskap. Den folkelege skikken bygde med det dei hadde.

Berre jord og stein

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement