Restaurering

I stroka mellom Bergen og Sognefjorden har gråstein ein svær plass i alt som vart bygt før det moderne endra alt. Ingen annan stad i vårt land fell stein som er til nytte, så tydeleg i augo i gardslandskapet. I stigande grad vil eigarane no restaurere denne arven frå andre tider.

Magni Skrede bur i nytt hus bak vernemurane etter ei gammal løe med fjøs i, på Hjertås i Meland.
Magni Skrede bur i nytt hus bak vernemurane etter ei gammal løe med fjøs i, på Hjertås i Meland.
Publisert

Spennet er stort i denne praktiske utnyttinga av steinen, frå låge bakkemurar til vernemurar, høge som mønet på store hus. Når dei ramlar, er det nesten alltid fundamentet som har svikta, eller press frå jord og slikt bak muren. All varig vøling må difor starte med grunnen. Store byggverk av stein står på fjell eller fastmark, og det gjeld å få vekk vatn som kan gjere balansen utrygg. Arbeidet før bygginga startar, avgjer om muren vert ståande lenge. Steinane i botnen bør ha store flater ned mot jorda.

Varige murar har band på langs, og på tvers dersom muren er høg og har to vangar, to lad. Band er at ein stein ligg over på to eller fleire steinar under. Då held steinane kvarandre på plass. På tvers vert det band dersom nokre steinar dekkjer heile breidda av muren og hindrar at vangane sig frå kvarandre. Holrommet mellom dei er normalt fylt av stein og grus – eller jord dersom muren skal isolere. Då må han stå tørt, under tak. Kjem det vatn i mold, sprengjer frost vangane ut. På nokre hus endar ufsa (rafta) på taket midt i veggen. Då må vatnet kunne renne ned gjennom og ut av muren.

Det er god praksis å leggje flatene med litt fall utover og med retta på steinen ut. Retta er ut når steinen har skrå sideflater som stikk lenger ut nede enn oppe på utsida av muren, og omvendt på innsida. Vatn som då kjem til på innsida, vil sige ned på steinen under og renne utover i veggen. Dette er ikkje alltid lett å få til, og kanskje ikkje alltid like viktig. Men det er slikt dei lærer, dei som murar med gråstein.

Forma stein

Å få steinane til å passe godt i hop, krev at muraren kan tilpasse forma på nye til dei som alt er på plass. Han må øve auget for korleis steinane kan passe i hop, snu dei og heile tida leite etter gode kombinasjonar. Å mure er 90 prosent hjernearbeid, seier tradisjonsdyrkaren Haakon Aase. Ofte må likevel noko på steinen vekk. Det kan vere nok å slå av eit stykke som stikk ut, eller å fjerne ein bulk som gjer at steinen vaglar. Reiskapen er ein hammar eller fleire med ulik tyngde, kanskje ei sleggje – og ein sett, ein meisel med skarp kant til å setje der slaget skal råke. Nokre av dei har ei egg, om lag som på ei tjukk øks, til å kløyve stein eller slå vekk det som stikk ut med. Andre endar i ein pigg, laga til å fjerne bulkar på ei flate. Ein holsett har to egger, ei på kvar side av ein innhol runding. Nokre settar er til å halde i handa, for tyngre arbeid har dei treskaft, slik at éin held setten og ein annan slår.

Å dele ein stor stein i to er godt mogeleg for den som ser gangen i steinen, kvar han har lettast for å sprekke. Dette varierer med bergarten. Oppskrifta kjem til den som prøver. For å dele ei stor helle er metoden å slå – ikkje hardt – på ein sett langs ein strek over steinen. Etter kvart kan slaga bli hardare, men faren med tunge slag er at steinen klovnar i ei anna retning enn tenkt. For å kløyve store steinar er den tradisjonelle metoden å bore hol til ein kile, eller fleire, som trykkjer mot to blekk (stålstykke), eitt på kvar side. Vi kan finne halvmetertjukke steinar som dei har kløyvd med kile i eitt kort hol. Andre gonger trengst det fleire hol og slag vekselvis på kilane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement