Restaurering
Dei kom dit i 1978, Gro Kollandsrud og Nils Friis, til ein kald vinter. Isen la seg i badekaret, WC og vask fraus. Slik hadde dei det frå jul og ut januar, ein periode med 35 minusgrader trykkjande mot novene. Staden var garden Kollandsrud ved Norefjorden i Numedal.
Det gamle huset med kledning på veggene til høgre. Til venstre den nye delen, bygd som ei gammal sval med stavar som berande og tiljer (bord kant i kant) mellom dei. I mellomalderen var svalgangane kalde, med opningar i veggen. Nå er svala ein del av det oppvarma huset, med glas i opningane.
Alle foto: Erik Solheim
Å tvile på flyttinga kom ikkje på tale, buplassen sin hadde dei funne. Gro kom frå Oslo og var utdanna kunsthandverkar som sølvsmed, Nils var frå Kongsberg med eksamen som arkitekt. Begge ville skaffe seg eit levebrød i Numedal. Staden var slektsgarden hennar, med besteforeldra som dei siste bufaste. I heile oppveksten hadde Gro kvar einaste sommar der.
– På Kollandsrud meinte eg at eg høyrde til, og så møtte eg ein mann som var villig til vere med på det, fortel ho.
Huset er frå 1853, og med nokre utbetringar er det ikkje lenger vanskeleg å halde vinteren ute. Først var det å isolere badet, så kjøkkenet. Dei la elektriske varmekablar i gangen. Under resten av golva er det montert røyr for varmt vatn, men dei har det så langt ikkje vore bruk for. Det meste av isolasjonen ligg i golva, og over loftet, andre høgda. To vegger, mot sør og vest, har noko isolasjon utanpå tømmeret, under kledning av ståande bord. Dei to andre står med nakne laftestokkar. Fyringa går mest med ved og litt elektrisitet til å halde ein lunk i romma. Tømmerveggene er eit stort varmelager når dei først er oppheta. Inne fell temperaturen sakte etter at glørne i omnen har mørkna.
Tilbygget
Framleis står huset om lag som det først var bygt. Unnataket er eit tilbygg som nesten kunne vore ei tradisjonell sval langs ein del av inngangssida. Her fekk dei ein romslegare gang og ny trapp opp til andre høgda. Arkitekten i huset teikna sjølv det nye. Det er etter gammal tradisjon i dalen, med stavar som berande delar og ståande bord – kant i kant – til vegger mellom dei. Oppe og nede er borda festa i liggande stokkar og minner om ein tiljevegg frå mellomalderen. Då kommunens mann kom for å godkjenne endringa, måtte han spørje kvar tilbygget var.
Om huset har Gro og Nils berre vellæte. Det er friskt og godt, aldri innestengt. Veggene magasinerer varme om vinteren og held romma kjølige om sommaren. Huset har ein triveleg atmosfære, og Gro meiner tradisjonen er ein viktig kvalitet. Ho kjenner seg heime her i tunet og innanfor veggene. Å vøle og ruste opp huset som stod der, vart opplagt mykje billegare enn å byggje noko nytt. Sølvsmeden har verkstad i ein gammal låve. Garden driv dei med sauer. Å halde jorda i hevd ser dei som ei plikt for den som eig dyrka mark og beite. Då må dei ha dyr, som òg gjev dei gleda av å vite kva dei et. Og skikken går vidare. Yngste dottera har overteke og sett foreldra på kår i eit yngre hus.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.