Restaurering

Hos oss var brend kalk einerådande som bindemiddel i mørtel til å mure med i tusen år. Så, mellom 1890 og 1950, sigra sementbetongen. No er fleire i gang med å leite opp att kunnskapen som skal til for å brenne kalk med ved.

Brenning i ein liten forsøksomn av kleberstein for å prøve ut kva for material som toler høg varme over lang tid. Ei tidlegare utgåve sprakk rundt elden.
Brenning i ein liten forsøksomn av kleberstein for å prøve ut kva for material som toler høg varme over lang tid. Ei tidlegare utgåve sprakk rundt elden.
Publisert

Brend kalk er kalkstein, som finst i fleire bergartar, varma opp til 850 grader eller meir. Ulike eldstader og metodar har vore i bruk for å få dette til, frå enkle og vedfyrte omnar til industrielle konstruksjonar. Ivrige personar er no i gang på fleire stader i landet med å prøve ut resultatet av ulike teknikkar. Ein av desse plassane er Kversteinsparken i Hyllestad i Sogn.

Kvifor? Fordi brend kalk trengst til å restaurere gamle bygningar av stein. Då sement hadde teke over og sigra på alle frontar, vart det brukt betongmørtel når dei restaurerte Nidarosdomen, klosteret på Selja og fleire andre bygningar frå mellomalderen. Dette vart eit kortvarig mistak. Gjennom fleire år har no handverkarar banka og pirka ut igjen sementbetongen og lagt inn mørtel med kalk i staden. Det viste seg at det nye vedunderet øydela murane det skulle berge. Steinen sprekk og smuldrar i møte med betong. I Nidarosdomen er skadane alvorlege, seier geoarkeolog i Kvernsteinsparken, Per Storemyr. Han har studert både geologi og arkeologi, og han skreiv doktorgrad om nasjonalmonumentet vårt i Trondheim.

Elastisk og diffusjonsopen

Forklaringa på mistaket er at sement og kalk gjev den stivna mørtelen heilt ulike eigenskapar. Sementmørtel stivnar ved at han tar til seg vatn, kalkmørtel ved at han tar til seg karbondioksid frå lufta. Han vert mindre stiv og litt elastisk. I ein mur av naturstein knasar betongen, som alltid er fuktig, steinen når han frys. Ei anna ulempe er at betong slepper lite luft gjennom veggene; klimaet inne vert rått og dårleg. Kalkmørtel er diffusjonsopen, sementmørtel ikkje. Dei som restaurer Nidarosdomen, brenner no sin eigen kalk. Mellomalderen hadde svaret som står til beste karakter.

Kalkstein er i hovudsak kalsiumkarbonat (kjemikarane skriv CaCO3). Når temperaturen når 850 grader, forsvinn karbondioksid (CO2) ut av steinen, opp i lufta. Igjen i omnen ligg brend kalk (CaO). Neste steg er å setje til vatn, og resultatet heiter leska kalk, med formelen Ca(OH)2. Anten blanda murarane inn vatn og let den leska kalken ligge frostfritt i jorda – utan tilgang på luft – i ei kalkkule. Dette kunne vere lager for fleire års bruk, og det heiter at kalken vart smidigare med tida. Eller dei blanda brend kalkstein med vatn og sand direkte og elta massen til lagleg konsistens. Det var det vanlege i mellomalderen. Når brend kalkstein – også i store stykke – får vatn på seg, smuldrar han opp i smådelar. Blandinga utviklar sterk varme, og slik mørtel vert mest brukt lunka. Når mørtelen så stivnar, tek kalken til seg like mykje CO2 som han gav frå seg under brenninga. Han går attende til kalkstein (CaCO3), nett det som var utgangspunktet. Kalkstein er flytta frå berget til muren. Stoffet er det same, men steinen har fått si rolle i kulturen.

Til store og påkosta bygningar i mellomalderen – katedralar, kloster og slott – gjekk det svære mengder kalk. Det same gjorde det i seinare tider, i hus av stein i byane. Tyskaren Heinrich Schmidt, arkitekt og byggmeister, bygde kalkomn i Sykkylven etter at Ålesund brann i 1904. Det same vart gjort i Kristiansand etter bybrannen i 1892. I 1720 skal det ha vore minst 20 større kalkomnar i Bærum, eit område som er rikt på kalkrikt fjell.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement