Restaurering
Huseigarar som oppdagar teikn til skade av insekt på treverket, vert ofte urolege. Den rasjonelle reaksjonen er å ta det med ro. Skadane er ofte mindre enn skrekken av førsteinntrykket.
Kraftig mottskade på golv etter tidlegare lekkasjar og fuktig innemiljø.
Foto: Stig Nordrumshaugen.
Vi har berre to insekt som går laus på friskt treverk. Det er stripete borebille (mott, mit, mår) og husbukk. To andre artar lever av borkrestar og litt av yteveden: blåbukk og mjuk borebille. Dei går ikkje så langt inn at dei skadar treverket. Så er det maur, som kan lage reir i rotna treverk. Stokkmaur kan òg utvide sitt rotne husrom i frisk ved.
Borebilla og husbukken er insekt med fullstendig forvandling: egg – larve – puppe – imago (vaksen). Dei vaksne legg egg like under overflata i treverket. Etter to–tre veker har insektet gått over i larvestadiet, og det er i dette stadiet insektet gjer skade. Larvene har treverket som brød, dei får næring ved å gnage gangar i veden. Larver av borebille held det gåande i to–tre år, av husbukk fem–seks år. Etterpå kjem eit kortvarig og uskadeleg puppestadium før det ferdige insektet gneg seg ut gjennom dei typiske hola vi ser på treverk som lenger inne har vore mat for larvene nokre år.
Stripete borebille lagar runde hol med ein diameter på 1,5–2 millimeter. Husbukk er eit større insekt, og lagar ovale hol, 5–7 mm store. Liknande hol vert det etter ròteborebille (runde, 2–3 mm) og ymse trebukkar (ovale, 5–7 mm). Men larvene deira lever av material som frå før er skada av ròtesopp, ikkje frisk ved.
Når borestøvet etter larver av stripete borebille kjem til syne, er det som regel av andre årsaker enn larvegnaget. Motten har fiendar. Larvene av Opilo-billa lever av å ete mottlarver. For å komme fram til føda må Opilo-larva dytte ut ein del boremjøl, som utanfor vert liggande i små haugar, og som tyder på at dei skadelege larvene er under åtak. Også snyltekvefs forsyner seg av mottlarver, ved å legge egg i dei – egg som utviklar seg og et opp larvene innvendig. Opilo-billa og snyltekvefsen er altså på lag med huseigaren og hjelper til med å dempe mottskadane. Dei som prøver å ta knekken på stripete borebille med kjemiske middel, risikerer i staden å ta livet av medspelarane sine. Etter nokre år er også den kjemiske effekten vekke.
Gneg ikkje i alved
Både husbukk og mott gneg i gran og i yteved (geite) av fure – ikkje alved. Bjørk er kanskje mest utsett for mottskadar. Når larvene har forsynt seg i lange tider, kan skadane vere så store at treverket er vesentleg svekt. Men skadane kjem langt frå raskt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.