Restaurering

Ho stod der i dårleg stand – mange ville sagt til nedfalls – Nilsbua i Hellevika i Fjaler kommune. Men Hellevik grendelag ville snu utviklinga og få huset i stand. Nå er dei verste skavankane vølte, med stønad frå Norsk kulturminnefond.

Nilsbua i Hellevika har sine lyte av alder og væte. Men dei er mindre enn dei ser ut til på utsida. Trehus som er bygde del for del, lèt seg vøle på same måten.
Nilsbua i Hellevika har sine lyte av alder og væte. Men dei er mindre enn dei ser ut til på utsida. Trehus som er bygde del for del, lèt seg vøle på same måten.
Publisert

Sjøbua var ein gong ein livleg møteplass mellom hav og land, mellom by og bygd. Men meir og meir lutte ho mot sjøen. Nå står endeveggen stram som for hundre år sidan. Delar av skifertaket legg dei opp igjen på nytt tro, og regnet må gje seg mot steinen. Mange timar vil det ta før huset er i god stand, men forvitringa er stansa.

Rundt 1900 fekk Hellevik steinmura kai, og Nilsbua – med namn etter han som bygde ho – vart flytta dit. Bua stod opphavleg nedanfor gardstunet på garden, tvers over ei lita vik. På den nye staden vart dette eit allsidig hus, nesten 16 meter langt og 7,5 meter breitt. Der var landhandel og lager – også for is som dei skar om vinteren, lagra i sagflis og brukte til å berge fersk mat. Huset har to skorsteinar. Nokre rom var bustad for folk til på 1950-talet.

Konstruksjonen

Bortimot 60 år utan drift og vedlikehald fekk etter kvart fart på forfallet. Stein datt av taket, og kledningen rotna. Men dei berande delane er langt betre enn bua kunne gje inntrykk av utvendig. Konstruksjonen er eit standarverk av delvis skoren og delvis tilhoggen material. Botnsviller ligg på låge steinmurar under veggane. På toppen av standarane i langveggane ligg det òg sviller; dei held sperrene på plass. Til å bere det tunge taket ligg der også stokkar som støttar sperrene inne i huset, på loftet. Beringa er ein samansett konstruksjon – med samhald mellom delane – og han tolde at mangt hadde svikta.

Å restaurere eit slikt hus startar med å forstå sjølve konstruksjonen, korleis kreftene verkar, og kva som skal til for å gjere vølinga sterk og varig. Det neste er å få tak i rett sort material. Restaurering på antikvarisk vis vil seie å lage dei nye delane med same slags reiskap og på same måten som dei originale vart til. Nye delar skal vere av same treslag som dei gamle, og ha like god kvalitet. Det vil seie styrke nok mot brot og bøying der det trengst, og stor motstand mot ròte der væte kan komme til. Dette er eit kvalitetskrav som har vore lite påakta i mange restaureringsarbeid. Kunnskapen om materialeigenskapane vart så godt som borte, både på sagbruk og i bygningsbransjen, då nymotens spinkle byggjemåtar tok over. Nye delar på restaurerte hus, som gjerne har klart seg i eit halvt tusen år, var i nokre tilfelle gjennomròtne etter eit par tiår.

Emna

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement