JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Kalkbrenning
på leit etter
tapt innsikt

Hos oss var brend kalk einerådande som bindemiddel i mørtel til å mure med i tusen år. Så, mellom 1890 og 1950, sigra sementbetongen. No er fleire i gang med å leite opp att kunnskapen som skal til for å brenne kalk med ved.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brenning i ein liten forsøksomn av kleberstein for å prøve ut kva for material som toler høg varme over lang tid. Ei tidlegare utgåve sprakk rundt elden.

Alle foto: Erik Solheim

6116
20181130

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Brend kalk er kalkstein, som finst i fleire bergartar, varma opp til 850 grader eller meir. Ulike eldstader og metodar har vore i bruk for å få dette til, frå enkle og vedfyrte omnar til industrielle konstruksjonar. Ivrige personar er no i gang på fleire stader i landet med å prøve ut resultatet av ulike teknikkar. Ein av desse plassane er Kversteinsparken i Hyllestad i Sogn.

Kvifor? Fordi brend kalk trengst til å restaurere gamle bygningar av stein. Då sement hadde teke over og sigra på alle frontar, vart det brukt betongmørtel når dei restaurerte Nidarosdomen, klosteret på Selja og fleire andre bygningar frå mellomalderen. Dette vart eit kortvarig mistak. Gjennom fleire år har no handverkarar banka og pirka ut igjen sementbetongen og lagt inn mørtel med kalk i staden. Det viste seg at det nye vedunderet øydela murane det skulle berge. Steinen sprekk og smuldrar i møte med betong. I Nidarosdomen er skadane alvorlege, seier geoarkeolog i Kvernsteinsparken, Per Storemyr. Han har studert både geologi og arkeologi, og han skreiv doktorgrad om nasjonalmonumentet vårt i Trondheim.

Elastisk og diffusjonsopen

Forklaringa på mistaket er at sement og kalk gjev den stivna mørtelen heilt ulike eigenskapar. Sementmørtel stivnar ved at han tar til seg vatn, kalkmørtel ved at han tar til seg karbondioksid frå lufta. Han vert mindre stiv og litt elastisk. I ein mur av naturstein knasar betongen, som alltid er fuktig, steinen når han frys. Ei anna ulempe er at betong slepper lite luft gjennom veggene; klimaet inne vert rått og dårleg. Kalkmørtel er diffusjonsopen, sementmørtel ikkje. Dei som restaurer Nidarosdomen, brenner no sin eigen kalk. Mellomalderen hadde svaret som står til beste karakter.

Kalkstein er i hovudsak kalsiumkarbonat (kjemikarane skriv CaCO3). Når temperaturen når 850 grader, forsvinn karbondioksid (CO2) ut av steinen, opp i lufta. Igjen i omnen ligg brend kalk (CaO). Neste steg er å setje til vatn, og resultatet heiter leska kalk, med formelen Ca(OH)2. Anten blanda murarane inn vatn og let den leska kalken ligge frostfritt i jorda – utan tilgang på luft – i ei kalkkule. Dette kunne vere lager for fleire års bruk, og det heiter at kalken vart smidigare med tida. Eller dei blanda brend kalkstein med vatn og sand direkte og elta massen til lagleg konsistens. Det var det vanlege i mellomalderen. Når brend kalkstein – også i store stykke – får vatn på seg, smuldrar han opp i smådelar. Blandinga utviklar sterk varme, og slik mørtel vert mest brukt lunka. Når mørtelen så stivnar, tek kalken til seg like mykje CO2 som han gav frå seg under brenninga. Han går attende til kalkstein (CaCO3), nett det som var utgangspunktet. Kalkstein er flytta frå berget til muren. Stoffet er det same, men steinen har fått si rolle i kulturen.

Til store og påkosta bygningar i mellomalderen – katedralar, kloster og slott – gjekk det svære mengder kalk. Det same gjorde det i seinare tider, i hus av stein i byane. Tyskaren Heinrich Schmidt, arkitekt og byggmeister, bygde kalkomn i Sykkylven etter at Ålesund brann i 1904. Det same vart gjort i Kristiansand etter bybrannen i 1892. I 1720 skal det ha vore minst 20 større kalkomnar i Bærum, eit område som er rikt på kalkrikt fjell.

Tradisjon og variasjon

Teknikken var kjend ved Middelhavet før Kristi fødsel. I Hellas bygde dei med kalk iblanda vulkansk oske, ein skikk som romarane seinare tok til seg. Til Noreg kom kunnskapen frå England i vikingtida. Vi har att restar av minst to omnar frå mellomalderen, den eine ved Værnes kyrkje frå rundt 1100. I katedralar og slott og slikt hadde dei kalkmørtel mellom steinane i muren, og gjerne til puss utanpå. Ein del brend kalk vart blanda med rundt tre delar sand. Då folk i bygdene her til lands fekk seg større hus å bu i, ut i 1800-åra, stod dei ofte på høgre murar enn før, med kjellar innanfor. Dette var som regel tørrmurar, av tilhoggen stein som låg stødig av seg sjølv. Men fugene vart mange stader tetta med kalkmørtel, også på innsida i kjellaren. Då vart det mindre trekk under golva, og kjellaren kunne bli frostfri. Dei utvendige steinflatene fekk kalkmåling, mange strøk med leska kalk i vatn, tynt som mjølk. Husa tok seg godt ut på kvite fundament. Kalkmåling er sterkt basisk og desinfiserande. Både europeiske steinhus og norske fjøs vart kvita innvendig.

Å leite opp att kunnskapen om kalkbrenning er ikkje gjort i ei handvending. Omnane er av stein som må tole sterk varme. I vår geologi kan det vere langt mellom høvelege bergartar til slikt. Kalkbrenning var eit handverk med stor variasjon. Det er desse variantane dei er på jakt etter, dei som nå prøver ut kalkbrenning med ved som varmekjelde på fleire stader i Sør-Noreg. Riksantikvaren støttar forsøka med pengar, i eit eige program for å ta vare på ruinar. Per Storemyr og Terje Berner frå Oslo var for ei tid sidan til Romania for å lære. Der er ein eit par tusen år gammal tradisjon enno i hevd. Gamle hus held dei ved like med ny kalk. Ei brenning gjennom seks døger gav 10 tonn kalk, klar til lesking. 12-15 kubikkmeter ved gjekk med. Å lage sement er ein industri som krev endå meir energi, fordi temperaturen då må vere vesentleg høgre.

For dei som vil vøle kalka murar, er det brend kalk å få kjøpt, frå industriell framstilling. Eigenskapane varierer. Det som heiter hydratkalk, er leska, men likevel tørr. Hydraulisk kalk har ord på seg for å vere litt sterkare. I Danmark og Sverige brenner dei òg med ved for sal. I alle tilfelle må mørtelen vere heilt tørr før hausten kjem med frost, og tørketida er lang.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mellomalderen hadde svaret som står til beste karakter.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis