Restaurering
Numedal kallar seg Middelalderdalen. Dette dalføret har flest ståande bygningar frå mellomalderen – perioden mellom vikingtida og reformasjonen i 1537. Fleire stovehus er restaurerte og har fått tidhøvelege gode.
Den eldste delen av stova på Spikketrå. Stovedelen til høgre og koven til venstre. Bak står den litt høgre utvidinga frå 1842.
Byggjeskikken endra seg sakte gjennom hundreåra. Numedal har mange hus som ber med seg dåm og drag frå mellomalderen, men som er langt yngre. Stover som har stått kalde ei tid, har igjen fått varme. Ei av dei står på garden Spikketrå i Uvdal. Her bur Kari og Ola Rudi vel 500 meter over havet, i ei stove frå tidleg på 1800-talet, kanskje noko eldre. Huset vart freda i 1923 og var ute av bruk mellom 1972 og 2017. I samarbeid med Riksantikvaren er bygningen no sett i god stand. Der er isolasjon i golv og tak, nytt bad og nytt kjøkken. Peisen i stova, og skorsteinen, tok muraren ned og bygde han opp att. Materialane er dei same som for 200 år sidan, gråstein og leire til fugemasse. Utanpå er eldstaden kvita med kalkmørtel. Også på kjøkkenet er det peis. Han òg er kvit, men yngre og mura opp att med kalkmørtel som fugemasse.
Bustaden på Spikketrå har to delar. Den eldste, frå rundt 1800, er ei stove med ein kove (kammers) ved sida. Utedøra gjekk rett inn i stova, og derifrå gjekk det ei dør inn til koven. Dette er ein variant av husa folk budde i gjennom mellomalderen, med åre midt i stova og ljore i taket, der røyken slapp ut. Typen vert kalla akerhusisk stove og skil seg frå dei andre nettopp ved at inngangen var til det rommet som hadde eldstad. Vanleg var det likevel med ei sval utanfor døra og rundt delar av bygningen, reist av berande stavar og med ståande bord – tiljer – til vegg. Andre variantar rundt om i landet har som regel to rom ved sida av stova, ein kove og ein gang utanfor stovedøra. Det gav meir plass, og rommet med eldstad var meir skjerma.
Over stova er det lem og loft, og slik var huset bygt for over 200 år sidan. I koven nede er veggene delvis kledde med ståande, profilerte bord. Oppe er taket dekorert med rosemåling, som skal vere utført av ein telemarking. Desse to romma, som dei kallar nordkavin og nordkammerset, var viktigaste grunnen til at Riksantikvaren freda huset.
Fengslande bad
Mot tunet vart det så i 1842 reist eit tilbygg, litt mindre i areal og litt høgre enn det gamle. Denne delen, som har mønet vinkelrett på den eldste, er ein romsleg gang og kjøkken. Nede i jorda er det frostfri kjellar til poteter, grønsaker og frukt. Ved huset stod det før to epletre, her i fem hundre meters høgde. Dei må ha klart seg fordi lia er sørvend og solrik. Over kjøkkenet er det no bad, i eit rom som ei tid var arrest. Forklaringa er at Spikketrå frå 1840 og utover var lensmannsgard.
Den yngre delen har ståande bordkledning utanpå tømmerveggene på endeveggen mot aust, drevsida der i bygda. I resten av huset er det berre tømmeret som held kulden ute. Vindauga er dei originale, med enkle ruter og ei ekstra råme inne vinterstid. Mange vil nok tru at dette må bli utriveleg kaldt i eit strok der vinteren kan vere hard. Men Ola og Kari har ingenting å klage på, heller ikkje straumrekninga. Dei flytte frå eit isolert hus frå 1970-talet, og nølte ikkje då den gamle stova, med løyvingar frå Riksantikvaren, kunne bli kårhus etter restaurering. Gode vedomnar hjelper mykje. I golvet i første høgda ligg det no røyr med varmt vatn. Så langt, eit par år, har dei varma vatnet med elektrisitet. Men dei har rikeleg skog til ved, og plan om å montere ein fyrkjel utanfor huset. Under restaureringa fekk dei òg isolert taket. Trekk frå veggene slepp dei, etter å ha tetta alle medfar (der stokkane møtest) med ei blanding av fin sand og lim. Dette viser nesten ikkje – vi er i eit område med innvendig måling på veggene som gammal skikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.