Restaurering
Nede ved sjøen i Indre Offerdal i Årdal i Sogn bygde dei på slutten av 1800-talet opp ein liten kime til by med industri. Etter siste krigen var det slutt. Forfallet tok sakte fundamenta under bygningane. No vert husa berga.
Elva og skogen var grunnlaget for industrien i Indre Offerdal sist på 1800-talet. Mølla til høgre og saga i midten.
Foto: Erik Solheim
Grunnlaget var skogen og elva. Dalen er kjend for fureskog av høg kvalitet – eitt gardsbruk heiter Mastreskogen. Vasskrafta dreiv hjula som skulle til. Dei bygde oppgangssag for sal av trelast. Seinare kom der mølle, kjøpt i Bergen, med to steinar, som kunne male 1200 kilo korn i døgeret, korn frå bygdene i Indre Sogn. I år 1900 leverte oppgangssaga store mengder bord til Bergen. Ei sjøbu på kaia hyste mange gjeremål. På eit enkelt loftsrom hadde ordføraren i Årdal kontor; han budde på denne vesle staden.
Mølla står på murar av hoggen stein. Fundamenta for saga, sjøbua og kaiene er for det meste bolverk – enkelt lafta firkantar av runde stokkar som ligg på grus og stein i grunnen. Bolverk kan ha ulike utformingar. Dei kan vere til støtte mot utrasing eller til å bere eit byggverk, som er funksjonen i Offerdal.
Berginga kom i gang i 1988. Arkitekt Hans Jacob Hansteen var leiar av fem kurs i kulturminnevern fram til 1993. 49 deltakarar var med, og åtte lærarar, alle med bakgrunn i mange slags fag. Dei fekk retta opp sjøbua med nytt bolverk, etter at ho stod på nippet til å ramle i sjøen. Kaier vart utbetra, og – ikkje minst – dei målte opp mange av husa og kartla historia i det vesle samfunnet sidan midten av 1800-talet. Ut frå Indre Offerdal gjekk det trelast og tjøre, bjørkenever og bær, ved, plommer og eple. Ved elva litt lenger oppe stod eit pumpehus som med vassturbin løfta vatnet opp i lia, der det vatna jorda med frukttre.
Etter tiltaka rundt 1990 fekk forfallet igjen overtaket her og der. Saga stod på kanten av stupet, men no er ho på veg opp att, på nye fundament. Midlar frå Riksantikvaren vart redninga, etter iherdig innsats frå stiftinga Ne’ fø’ sjøen, som er det lokale namnet på staden. Huset vart i vår jekka opp og stabilisert, så dei kunne byggje nytt bolverk under den nedre enden. Det er tidkrevjande arbeid å kopiere ein konstruksjon av rotne stokkar ute av lage, og arbeidet held fram neste år.
Over stokkefundamenta, og delvis steinmurar, er bygningen er kraftig stavkonstruksjon med sperretak. Det har stått der i minst 150 år. Éin grunn er at taket stort sett har vore tett, og klimaet på staden er heller tørt. Men utan tvil er materialen dei brukte, av ròtesterk kvalitet – tettvaksen og med mykje alved. Fundamenta har stått opne for vêr og vind i alle år, og dessutan tolt bølgjene når sjøen gjekk i kok under stormar. Litt vøling har det truleg vore no og då, men etter alt å dømme var nesten all materialen i fundamenta original.
På golvet står både ei eldgamal oppgangssag med eitt grovt blad, og ei silkesag – ei råmesag med fleire blad som skar alle borda av stokken i éi vending. Denne industrisaga kom rundt 1880. Den eldste er for det meste bygd av tre. Silkesaga er ei innkjøpt maskin i stål. Begge var drivne av undervasshjul. To sirkelsager er der òg, ei til langskurd og ei til å kappe ved med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.