Veltande elg
Få elgar har blitt så eksponerte som den veltande elgen i Slettåsbakkane.
Ettervekst, Mikkel (7), på post.
Draumen om stuten
Webjørn S. Espeland har vore med på elgjakt i Straumeskogen sidan 1985, då han var seks år.
Jaktlaget hadde i 2018 tre ungdyr og ein stut på kvoten. Del 4

– Me må poste om kjapt, bikkja har truleg sendt elgen inn i Angersmyrheia.
Jaktleiar og tidlegare programleiar i Friluftsmagasinet Gisle Espeland er særs ivrig nå. Lik dei to brørne sine blir han som ei elgbikkje når han får ferten av elg. Det har gitt utslag på jaktlagsstatistikken. Onkel Gisle har skote 30 elgar, onkel Dag, skulesjefen, har skote 20, og far min har 40 hakk i rifla – til saman 90 elgar – ikkje dårleg på eit jaktlag som i år har fire dyr på kvoten. Men i år har det lukta generasjonsskifte, på to dagar har tre elgar blitt skotne av tre ungdommar. (Alle under 50 år er ungdommar når dei er på elgjakt.) No er det berre stuten igjen.
Rådslag
Det blir rådslått kjapt over bålet ved gapahuken. Morgondrevet er unnagjort, me kastar innpå brødskiver og egg og styrtar nedpå termosar med kaffi, før kortesjen av pickupar og SUV-ar fresar opp skogsbilvegane, og armeen av oransjekledde med rifle på skuldra spreiar seg rundt heia. Eg blir plassert eit stykke nord for Skarkmyr, ei myr der ein i hine dagar jakta bjørn. På myra drog ein ut åte, skark, som regel ein gamal, utsliten gamp som blei skoten på staden. Deretter var det å sette seg på berget langsmed myra og vente på bamsefar. Faktisk var det så mykje bjørn i Drangedal i byrjinga av førre hundreåret at svenskeprinsen Wilhelm kom hit på bjørnejakt vinteren 1905. Det blei bomtur, og før han returnerte til Christiania med hest og dampskip, avleverte prinsen ein noko bitter avskjedsreplikk: «Om vi kommer åter en annan gong, måste bjørnen vara bunnit.» Få månader seinare var han ikkje lenger prins av Noreg. Det løner seg sjeldan å fornærme drangedølar.
Sjølv ventar eg på skogens konge. Eg finn meg ein liten kolle med open furu- og lauvskog rundt. Sola varmar gjennom gult, oransje og raudt lauv. Det er ein sedvanleg vakker dag i verdas vakraste land. Eg er kanskje partisk, men rettferdig. Maldivenes perfekte strender, Havannas 50-talspastellar, Georgias kvitkledde toppar blant knallgrøne åsar, dei tropiske øyene i Nicaragua-sjøen, mektige Himalaya eller det sydande Ngorogoro-krateret i Tanzania; dei er alle det vakraste eg har sett. Men Noreg er vakrare.
Lofoten, Vesterålen, Helgeland, Senja, Sunnmøre og Romsdal. Steile, spisse tindar som stuper i havet. Ingenting slår det. Skogen i Drangedal blir grytekjøt samanlikna med desse indrefiletane. Men ein god gryterett kan smake vel så godt som indrefilet, særleg nå som haustsola står lavt over fargehavet. Ein kan forstå at elgen trivst her.
Skogens apekatt
Det er stille på jaktradioen, men hektisk rundt stolsekken min. I eika framfor meg stressar eit ekorn, eller trebjørn, som han blir kalla i Drangedal. Skogens apekatt. Opp og ned stammen, hoppe over til nabofrua i nabofurua. Finne seg ei nøtt. Gøyme nøtta. Gløyme nøtta.
Bak meg står ein mindre lystig type. Gule auge borar gjennom ryggen min frå ei bladfattig osp. Haukugla. Musespesialisten. Ugler ser ikkje ut som andre rovfuglar, ikkje det spisse og aerodynamiske hovudet som hauk, falk og ørn; dei minner meir om menneske. Kanskje er det derfor dei har blitt sett på som visdomens fugl. Men ugler er visst ikkje særleg smarte, dei er derimot lydlause og årvakne.
I løpet av ein time rører haukugla knapt på kroppen. Berre hovudet går sakte fram og tilbake som eit overvakingskamera, gjennomsøkjer skogholta etter mus. Ho ser særs godt og langt, også i mørkret, men ikkje breitt – derfor går nakken rundt som visaren på ei treig klokke. Høyrsla til ugla er enda skarpare; det parabolforma fjeset og ulik høgdeplassering på øyra gjer at uglene kan høyre og lokalisere ei mus langt inne i skogen.
Plutselig kastar ho seg lydlaust ut frå ospegreina. Da japanarane konstruerte verdas raskaste tog, Shinkansen, brukte sjefingeniøren, ein ivrig fuglekikkar, uglevingar som førebilete for å minke lyden mellom vognene. Eit par meter over hovudet mitt stuper dei gule auga i strak bane, ned frå haugen vår, over ei myr og inn i blandingsskogen der nede. Ut av livet mitt, over livet til ein smågnagar.
Det første norske kjøtet
Da isen smelta langs norskekysten for rundt 12.000 år sidan, kom dei første nordmennene snart ruslande. Ifølgje tradisjonell historieskriving følgde dei i fotspora til reinsdyra, flott beskrive i Historien om Norge av Karsten Alnæs:
«Der kommer de. En liten flokk med menn, kvinner og barn. De bøyer hodet mot den iskalde blåsten. De er nesten ikke til å få øye på i snøværet. (...) Den lille flokken tilhører en velutviklet og eldgammel jegerkultur. Nå søker de nordover etter reinen, den beiter sommerstid på vidda lenger sør. Hver vinter trekker den nordover mot det ukjente, ja, stadig lenger vekk. Vil de finne reinen der nord?»
Det er ingen tvil om at reinen – fjellfanten og fetteren til elgen – kom tidleg til Noreg, men nyare forsking stiller spørsmål ved om dyret var sentralt på båla til dei første nordmennene. Kjemiske analysar har vist at ei steinalderkvinne frå Søgne for 9500 år sidan hadde ein diett som bestod av rundt 80 prosent sel. Samtidig viste karbonprøver av eit gamalt gevir i Oppland at elgkjøt har kome hit til landet mykje tidlegare enn ein før hadde trudd.
I 1895 drenerte ein bonde i Søndre Land ein sump da han kom over geviret frå ein trettentakkar. Bonden hengde den staselege hovudpryden opp på veggen, og 17 år seinare blei det nemnt som «truleg ganske gamalt» i verket Norske pattedyr av den reisande zoologen Robert Collett (son av ho på dei raude hundrelappane). Hundre år seinare las konservator Finn Audun Grøndahl ved Randsfjordmuseene boka til Collett og blei nysgjerrig på geviret. Han fann ut at det framleis hang på veggen i våningshuset i Oppland.
– Det var skrudd saman i bitar og veldig porøst å ha i hendene. Det skulle nok svært lite til før det gjekk i oppløysning, seier Grøndahl.
Han fekk karbondatert geviret til å vere heile 10.300 år gamalt. Konservatoren har ikkje veldig trua på teoriane om dei første nordmennene på jakt etter reinen.
– Sjølv om det var reinsdyr her i istida, er dette geviret det eldste funnet av landpattedyr i Noreg etter slutten av istida. Det er tidlegare funne brende beinrestar av elg og bever på tidlege buplassar i låglandet, men etter det eg kjenner til, er det aldri funne liknande av reinsdyr. Så me har ingen indikasjonar på at menneske tidleg følgde etter reinen til fjells.
Jordbruk
Om lag på same tid som den første norske elgen tok turen til Søndre Land, der han truleg mista geviret i ei tjørn, og slam pakka det inn og bevarte det, skjedde det ein revolusjon hjå menneska. Mellom Eufrat og Tigris, og ved Jeriko og Damaskus, begynte ein å dyrke marka i staden for å jakte. Det var eit idiotisk påfunn. Om du fekk valet: Ville du helst gått på jakttur i skog og fjell – eller stått med ei krafse og sveitta på jordet?
I bestseljaren Sapiens argumenterer historieprofessor Yuval Harari godt for at mennesket var lukkelegare som jeger og sankar, og at jordbruksrevolusjonen var historias største svindel. Han la grunnlaget for folkeeksplosjonen, men førte neppe til betre liv: «Barn døydde i drøssevis, og vaksne åt brød medan sveitten rant. Eit gjennomsnittleg menneske i Jeriko i år 8500 f.Kr. levde eit tyngre liv enn eit gjennomsnittleg menneske hadde levd i Jeriko i 13.000 f.Kr., men det var ingen som skjønte kva som skjedde. Paradoksalt nok blei møllesteinen rundt halsen til desse bøndene enda tyngre etter ei rekke «forbetringar» som eigentleg skulle gjort livet lettare. (...) Jordbruksrevolusjonen gav det resultatet at gamle sankarar blei tvinga til å bruke livet sitt på å bere vassbøtter i steikande sol.»
Harari hevdar at menneske i velstandssamfunna i dag jobbar 40–45 timar i veka i snitt, medan bønder i utviklingsland jobbar 60–80 timar. Attlevande jegerar og sankarar, som i Kalahari-ørkenen, arbeider 35–45 timar i veka. Dei jobbar attpåtil med det me ser på som ein hobby.
Eg sveittar lite i solsteiken. Bikkja og drivarar gjer jobben, medan eg kosar meg med sjokolade og kaffi på stolsekken. Ein time har gått, men det har skjedd lite på jaktradioen. Den einaste aktiviteten var at Johs – radiomannen frå Ulvik som aldri kom seg heim att til Vestlandet, han som kvart år har sluttar å røyke og knaskar enorme mengder nikotintyggegummi – har observert ein drivar som røyker. Eg er usikker på om han fantaserer.
Elgveltet
Sjølv fantaserer eg om mitt. Som eg alltid gjer på post. Eg drøymer om at storstuten skal kome ut av renna under meg, og at eg i éi rørsle lurar opp rifla og sender av garde eit hjarteskot som senker elgen momentant. Deretter blir eg boren på gullstol ned frå heia og får namnet mitt i Drangedalsposten. Eg visualiserer elgen. Elegant. Lange og målretta bevegelsar. Lite kav og stort tempo. Men skogens konge kan også vere ei kløne. Det har eg vore vitne til.
Året var 2012. Eg sat på post og tenkte, da det plutselig dukka opp ein flott elg i sedat tempo tretti meter frå meg. Det var eit ungdyr, som me ikkje hadde igjen på kvoten, så eg lurte neven sakte ned i lomma for å fiske fram mobilkameraet. Samtidig kom det lyd frå ein onkel gjennom øyreproppen. Elgen skvatt til, som om han òg blei røska ut av ei djup tankerekke, han kika meg rett i auga, myste og vurderte litt – før det kraftfulle vesenet bråsnudde 180 grader og akselererte. BAM! Rett på ræva! Bak elgen var det ein liten skrent, og som i sakte film sklei elgen ned på sida, låg eit sekund heilt på ryggen med sida mot ei lita bjørk, før han fekk velta seg på beina igjen og sprang av stad i skam. Sjølvsagt skjedde alt før eg fekk opp kameraet.
Men det var ein sensasjon!
«Mann såg elg velte i Drangedal!»
Eg skreiv sjølvsagt snarleg om hendinga på Facebook. Få minutt seinare ringde Kari Slaatsveen på direkten frå P1, og mindre enn ein time etter at elgen hadde drite seg ut, hadde nær 600.000 radiolyttarar fått med seg den pinlege episoden. No har han òg kome i Dag og Tid. Flaut for elgen, men eg har valt å ikkje identifisere han.
Kanskje lever han framleis, som ein fullvaksen stut. Kanskje er det han den påstått røykande drivaren no melder om.
– Eg såg ein stor okse framfor meg, eg telte minst seks takkar. Han skal ha retning mot Mørktjørn og Holmtjørn, ikkje langt frå der eg sit.
Eg tar eit lydlaust ladegrep. Snart er nok ein elg død i Drangedal.
Webjørn S. Espeland
Siste kapittel neste veke
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mellom Eufrat og Tigris, og ved Jeriko og
Damaskus, begynte ein å dyrke marka i staden for å jakte. Det var eit idiotisk påfunn.
Fleire artiklar
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.