JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Sulis-variasjonar over kopar og bitcoin

Gruvedrifta i Sulitjelma vart innstilt i 1991. Dinest kollapsa samfunnet. No vert det mynta nokre bitcoin der. Storstilt eksport av kopar er avløyst av sal av eit og anna digitalt tal.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
    Industrielle samtidsruinar: betong, graffiti, tida som går vidare.

Alle foto: Ørjan Ingvaldsen / Haltenbanken

11692
20230623
11692
20230623

morten.soberg@sparebank1.no

Eg trudde eg hadde kome til helvete, seier den pensjonerte gruvearbeidaren Ottar Skjellhaug. Han kom til Sulitjelma som ung mann i 1979 etter tre år i kolgruvene på Svalbard.

– Sulis var røyk, larm, ureining. Og hardt arbeid: to skift kvar dag i gruvene, døgnet rundt med smelting og andre industrielle prosessar. Langvatnet midt i gruvesamfunnet vart nytta til dumping av alt mogleg.

På Svalbard låg han og arbeidde i gruva. I Sulis kunne han stå oppreist. I slutten av 1970-åra var det enno 500 tilsette hos Sulitjelma Gruber. Dei produserte den reinaste koparen i verda. Alt gjekk til eksport mot betaling i hard valuta.

I si tid var Sulitjelma Gruber A/S det største koparverket i landet. I fyrstninga, frå 1891, var det svensk alt saman: Føregangsmannen for gruvedrifta her var ein mann frå Helsingborg som både var konsul og heitte Nils Persson. Han og særleg Skånska Superfosfat- och Svafvelsyrefabriks AB var storeigarar i Sulitelma (utan j) Aktiebolag med hovudsete i Stockholm.

«Svensketida» varte fram til mars 1930. Då vart brorparten av aksjane selde til Société d´Electro-Métallurgie de Dives i Frankrike. Frå 1933 eigde og dreiv det norskeigde selskapet Sulitjelma Gruber, fram til Elkem A/S tok over aksjemajoriteten i 1965. Konsesjonen deira gjekk ut i 1983. Då gav Elkem opp, og staten tok over. Men høge kostnader og låge koparprisar gjorde sitt til at gruvedrifta vart avvikla åtte år seinare.

Eg møter den tidlegare gruvearbeidaren i peisestova i den gamle direktørbustaden i Sulitjelma. Huset har vore hotell frå 1980-talet, tidvis brukt til å hysa asylsøkjarar òg. Emblemet til Sulitjelma Gruber er montert på gneistfangaren framføre peisen: Ein stor S pluss bilete av gruveverktøy og teiknet på kopar (kan henda mest kjent som symbolet for hokjønn).

Ottar Skjellhaug seier at det framleis er store mengder med råmalm att i Sulis. Truleg mellom 15 og 25 millionar tonn. Koparinnhaldet ligg venteleg på litt under 2 prosent. Eit selskap med namnet Nye Sulitjelma Gruver har i ei årrekkje arbeidd med planar om å få i gang gruvedrift att. Men framleis er det visstnok berre snakk om prat. (På heimesidene deira er det eit telefonnummer. Når eg ringjer ein vanleg arbeidsdag, kjem eg rett til ein telefonsvarar som seier at nummeret ikkje er i bruk.)

Eg spør Skjellhaug om fakta om Sulitjelma. Han fortel at gruvearbeidarane og familiane deira har fare for lengst. I dag bur det kring 400 sjeler i bygda, mot eit par tusen då Sulitjelma var eit levande industrisamfunn. Samtida no: ein pub driven på dugnad, ei viss «tilstrøyming» av folk på trygd på leit etter billige bustader, flust av småe tal: 41 elevar på grunnskulen, i fjor 0 konfirmantar.

Eg seier til Skjellhaug at eg tidlegare på dagen har vore nede på det gamle industriområdet attmed Langvatnet og lært litt om produksjonen av bitcoin i Sulitjelma. Den gamle gruvearbeidaren meiner det der er kryptiske saker og ting. Ingen lokale arbeidsplassar. Ikkje noko å byggja eit samfunn på.

Det var i alle høve lett å finna fram til «myntverkstaden»: Det var berre å gå etter lyden. I enkelte av dørene til ein mennesketom mursteinsbygning kringsett av gruveindustrielle ruinar er det montert digre vifter som durar og går døgnet rundt. Inne i bygningen har det tyske firmaet BlueBite GmbH sett opp tallause, kraftfulle datamaskinar tett i tett på rekkje og rad i to store verkstadhallar.

Like tilfeldig som eit lottotal møter eg ein av eigarane den dagen eg ser meg kring. Tyskaren har busett seg i Fauske. Av og til er han i Sulitjelma for å sjå til at produksjonen av bitcoin i Sulitjelma går etter planen. Denne dagen viser han meg rundt og gjer eit ærleg forsøk på å forklara kva eg ser og høyrer:

I korte trekk vart bitcoin oppfunnen av den ukjende engelskskrivande mannen (?) Satoshi Nakamoto i 2008. Han (eller ho eller dei) såg føre seg bitcoin som ein ny type betalingsmiddel, ein kryptovaluta som skulle produserast og brukast uavhengig av både sentralbankar og andre bankar.

Satoshi Nakamoto laga enkelt sagt eit alternativt pengesystem. Det er konstruert – eller rettare sagt programmert – på eit vis som gjer at det ikkje kan myntast meir enn 21 millionar bitcoin. Myntinga av bitcoin er det datamaskinar over heile verda som står for. Så langt har det vorte mynta cirka 19 millionar bitcoin; i år 2140 vil myntlaginga ta slutt.

Korleis går denne pengeproduksjonen føre seg? Jo, datamaskinane «leitar» etter tal, rett og slett: Tal som er rett svar på «matteoppgåver» som bitcoinsystemet lagar om lag kvart tiande minutt. Den datamaskinen som fyrst løyser ei slik oppgåve, får løn eller meir presist premie i form av 6,25 nye bitcoin. Kvar dag vert det med andre ord mynta (6,25 kvart 10. minutt i 24 timar =) 900 bitcoin. Og kvart fjerde år vert den totale myntinga av bitcoin halvert i samsvar med korleis Satoshi Nakamoto har designa dette pengesystemet. Frå og med neste år skal det myntast 450 bitcoin dagleg. Men er det pengar å tena på å prega, slå, mynta bitcoin? Ja, av di bitcoin kan seljast på ein internasjonal marknad, akkurat som kopar. I skrivande stund er éin bitcoin verd nesten 300.000 norske kroner. Samstundes er bruksverdien av bitcoin ikkje all verda – i motsetnad til kopar. Truleg kjøper mange bitcoin fordi dei vonar det er tale om «digitalt gull» som kan auka i pris og med tida verta gull verdt (minst).

Og kva med bitcoin minted in Sulitjelma? Både omfang av produksjon, inntekter og kostnader vil dei tyske myntmeistrane halda for seg sjølve. På telefonen er dagleg leiar i BlueBite, Conor Davis, mest interessert i å snakka «ideologisk» om bitcoin:

– Bitcoin er mykje meir enn tal tufta på energi og teknologi, seier Davis.

– I klårtekst er bitcoin den sikraste og mest vasstette måten å både ta vare på og senda verdiar mellom personar på. Bitcoin er eit vern mot inflasjon og det tapet av verdi som inflasjon fører med seg. Dersom du eig bitcoin, kan ingen styresmakter konfiskera desse eigedelane. Bitcoin er mynta fridom og finansiell tryggleik, meiner Davis.

Eg spør kvifor BlueBite byrja å mynta bitcoin i nett Sulitjelma – og veit eigentleg svaret på førehand: kaldt klima og etter forholda billig straum frå kraftselskapet Dragefossen i grannekommunen Saltdal. (Prisen per kilowattime er derimot ein «forretningsløyndom».)

– Sulitjelma er ikkje California... Det er ein nedlagd gruveby, og bitcoin er jo òg ei form for gruvedrift, då. Datamaskinane vinn ut tal. For oss er det eit poeng at vi nyttar rein vasskraft til å mynta bitcoin, seier Davis.

Han fortel at selskapet hans har planar om å gjera meir ut av varmen som datamaskinane genererer:

– Vi ser føre oss drivhus i Sulitjelma med både frukt og grønsaker. Og annan bruk av datamaskinane òg, seier Davis, og nemner ymse aktivitetar som har med kunstig intelligens å gjera.

Soga om Sulitjelma er òg ei forteljing om leiting etter alternativ til gruvedrift og gruvearbeid. Kjøp og salg A/S – ei annonseavis basert på gratisannonsar – vart skipa i 1987 og gjekk konkurs i 1992. Ein skifabrikk eksisterte til sist berre på papiret. Det lokale museet fortel historier som for lengst er historie. Om klassekamp og storstreiken i 1907, om fagorganisering og ein moderne industristad med stor M og I. Og samferdsle: Eg ser ein kortfilm om korleis ein vinterstid stundom laut bruka dynamitt for å fjerna is for at båtar kunne koma til og frå den delen av vegen som gjekk over vatn.

Vegsamband med omverda fekk Sulitjelma fyrst i 1972. Kong Olav var til stades ved opninga. Vegen fylgjer traséen til den gamle, smalspora jarnbanen som svenskane i si tid bygde. Då vegen kom, vart somme lokomotiv og vogner sende søretter til bruk på Setesdalsbanen – i si tid starta opp med velsigning frå kong Oskar II på same tid som Sulisbanen vart bygd.

Apropos Sverige: Også Sulitjelma «tronar på minnen från fornstora dar». Dei seks lokale tennisklubbane (!) i Sulis er «en saga blott». Tomme butikklokale og bygningar som forfell, er eit nokså nedslåande syn. Det er lite å ta seg til anna enn å sjå og... skriva. Om vatn alle stader. Det renn nedetter fjellsidene. Og vatn har trengt inn i og fylt opp alle gruvegangane så nær som éin som vert nytta til gruvesafari: Eg har på meg kjeledress og hjelm, eg tek tog inn i fjellet.

Den eine omvisaren var før formann i ei av gruvene her. Han viser meg spor etter ei koparåre i ein fjellvegg, tek ei sleggje og straks kjenner vi eimen av svovelkis. Som om nokon har tent på ein bråte med fyrstikker. Den romerske keisaren Vespasian lærte at pengar ikkje luktar. Gruvene talar eit anna språk. For i «svensketida» vart kopar herifrå nytta til å slå lokale myntar. Myntherren var Sulitelma Aktiebolag. Valørane skifta mellom 1, 2, 5, 20, 40 og 100 øre. Formene på myntane deira varierte mellom rundingar og tre-, fir- og sjukantar. Bruksverdien var geografisk avgrensa til matstader/butikkar i Sulitjelma, eigde av bolaget.

Mynthistoria i Sulitjelma er endå meir perifer enn myntinga av bitcoin der no. Og like tankevekkjande, kan henda: Mynt er den monetære «urforma», må vita. Ordet coin i bitcoin er ei hypermoderne påminning om dette. Og på tvers av landegrenser har pengestell vore tufta på myntar laga av meir eller mindre edelt metall. Såleis har pengar gjennom tusenvis av år i røynda vore tufta på gruvearbeid.

Like gamal er innsikta om at pengar må vera ei slags mangelvare for å ha verdi. Jamvel gull hadde vore tilnærma verdlaust dersom metallet fanst i overflod, lett tilgjengeleg, overalt. Bitcoin freistar òg å
ver(t)a ei mangelvare sidan det som sagt/skrive aldri kan lagast fleire enn 21 millionar slike myntar. Samstundes er «taldimensjonen» ved bitcoin slåande. 1 krone er som kjent lik 100 øre. 1 bitcoin kan derimot delast opp i 100 millionar satoshi, som altså er nemninga på den minste, finkorna bitcoineininga. Tala er teikn i tida: Medan pengar før spegla ærleg arbeid, ovrar dei seg no meir og meir som berre nummer og siffer.

Som gangbar mynt er bitcoin likevel lite i bruk. I skrivande stund er bitcoin påbode betalingsmiddel og offisiell valuta berre i El Salvador. Det spanske namnet på landet tyder «frelsaren» på norsk.

Gudane veit at det i alle høve er lenge sidan pengestellet i El Salvador var på stell: Attåt bitcoin bruker dei der amerikanske dollar, sidan det for lengst er sett punktum for den nasjonale mynteininga colon (1 colon = 100 centavos).

Sulitjelma assosierer eg derimot med... spørjeteikn. Kva er pengar fyrst og fremst og til sjuande og sist anna eit spegelbilete av ymse former for arbeid over forskjellige tidsrom? Men kva skjer når ærleg arbeid – samarbeid, skiftarbeid, fysisk nærkontakt med fjell og metall – svinn som dogg for sola?

På heimvegen, riksvegen vestover, fer eg endå ein gong nedom kulturminne om gruvedrift og kopar attmed Langvatnet. Dei forlatne, stille bygningane er pynta med postindustriell graffiti. Ei veggteikning syner to hundar som spring. Motivet til eit anna veggmålarstykke er ei gruvevogn tungt lasta med malm. Eit tredje kunstverk (?): ei naken kvinne utan hovud portrettert bakfrå. Alle «bileta» er utan tittel. Kva skal ein seia/skriva sjølv? Vel, etter arbeid og verdiskaping kjem synbert alt og ingen ting.

Morten Søberg

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mynthistoria i Sulitjelma er endå meir perifer
enn myntinga av bitcoin der no.

Soga om Sulitjelma er òg ei forteljing om leiting etter alternativ til gruvedrift og gruvearbeid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis