Reportasje

Sorg og forbitring i Cebu

CEBU: I ein mindre by enn Manila vert dei økonomiske skilnadene tydelegare. I hovudgata kolliderer kontrastane mellom dyre butikkar og heimlause småborn. Lagnadstrua lever.

Cebu: Edge Coaster, kantbane, er namnet på skjenegangen kring 45. etasje i Crown Regency Hotel & Towers i Cebu sentrum, eit par kilometer frå det trafikkerte Cebu-sundet i bakgrunnen.
Cebu: Edge Coaster, kantbane, er namnet på skjenegangen kring 45. etasje i Crown Regency Hotel & Towers i Cebu sentrum, eit par kilometer frå det trafikkerte Cebu-sundet i bakgrunnen.
Publisert Sist oppdatert

Eg bad om rom i nærleiken av det utandørs symjebassenget i niande etasje i tårnhotellet, augnesteinen til den nasjonale hotellkjeda Crown Regency, eit namn som seier nordmenn lite, men som filippinarane plasserer saman med Grand Hyatt og Hilton. Poolbaren og bylgjemaskinen er imponerande, utsynet òg, men bleiknar mot det eg får sjå frå øvst i tårnet. Kring førtifemte etasje går ein gangveg som er glasa inn, og heilt ytst ein skjenegang i lause lufta.

Spent fast i ei open vogn, 150 meter over gata, i bysentrum, fleire kilometer frå hamna og Cebu-sundet, ser eg kor strategisk plassert den eldste byen på Filippinane og den fyrste europeiske busetjinga i Aust-Asia er. Her døydde oppdagaren Ferdinand Magellan i 1521, etter å ha kristna den hinduiske herskaren over Cebu, Rajah Humsbon, men ikkje Lapu-Lapu, herskaren over naboøya, som i staden for å lata seg døypa, drap Magellan. Det er usemje om Cebu-namnet er avleidd av sibu, handel, eller sugbo, brend jord – krigsstrategien til Humsbons farfar, Sri Lumbay, då han freista å forsvara området mot åtak frå muslimar som erobra delar av øyriket før katolikkane, og som i dag har regionalt sjølvstyre på hovudøya i sør, Mindanao, som Utanriksdepartementet heime rår meg frå å dra til.

Bysentrum

Etter kveldsdukkerten tek eg heisen ned og passerer velkledde menneske i lobbyen og dyre bilar med sota vindauge i oppkøyrsla. Hotellet og kasinoet ligg hundre meter frå Cebus hjarte, Fuente Osmena-plassen – kulturtorg og rundkøyring –?oppkalla etter den filippinske eksilpresidenten i USA under andre verdskrig, Sergio Osmena, fødd i Cebu. Osmena-fontena midt på plassen vert kvar desember bygd om til eit gigantisk joletre. Få feirar jol som filippinarane, med sterkt øl og heilsteikt gris.

Mellom hotellet og plassen – over den trafikkerte hovudgata, som òg er oppkalla etter presidenten – går ei gangbru. Kvar gong eg nyttar ho, passerer eg ein småbarnsfamilie. Jenta lenar seg mot rekkverket, guten har ein gamal barnesykkel, mora ligg sjukleg på eit pledd, og faren kryp med øydelagde bein.

Pengesetlar er framleis vanleg betalingsmiddel på Filippinane, så eg finn ein minibank i ei gågate. I ly av trappa opp til banken har ein annan familie rigga seg til for natta – ei kvinne med to ustelte småborn som har sovna på ei papplate.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement