Reportasje
Sola skin på Hadelandsstova
HARESTUA: Når ein kjem sørfrå, er Harestua porten til Hadeland i geografisk forstand. Ja, i etymologisk forstand òg, om me skal tru Gustav Indrebø. Vintereventyret ventar.
Harestua, eller Hadelandsstova, haldeplass (277 moh.) på Gjøvikbanen, med Nordmarka i vest.
Alle foto: Håvard Rem
Lytt til artikkelen:
Sola skin lågt, men varmt frå ein skyfri januarhimmel over Austlandet. Me har vakna til nysnø og ti kuldegrader. Dette vert ein utfartsdag av dei sjeldne her ute ved kysten, der vintertemperaturen gjerne ligg og skvulpar som sørpe kring frysepunktet. Kalenderen syner laurdag, men det er som ein sundag i 1960-åra, då laurdagen framleis var skuledag, då den store utfartsdagen var sundag, soldag, som i tyske Sonntag og engelske Sunday. Me er på veg opp og ut av Oslo.
Solobservatoriet
Kor langt vekk frå bygryta må du for å oppleva urørt natur? Eller: Kor nær urbaniteten kan du vera utan å merka byen, utan at nattemørkeret vert forureina av moderne ljos og ljod?
Det spurde dei seg om, norske astrofysikarar i 1930-åra, då ei stor pengegåve frå The Rockefeller Foundation – tiår før Marshall-kapitalen frå same land – sette Noreg i stand til å byggja ein ny forskingsstasjon.
Hundre år før var Det astronomiske observatorium opna i Kristiania, på Solli-løkka, i dag Solli plass, men urbaniseringa og med kvart elektrifiseringa av hovudstaden forstyrra observasjonane med kunstig ljos og gjorde stasjonen ubrukeleg til himmelforsking. Det fagre bygget ligg der framleis, med husnummer 1 i ei gate som det har gjeve namn: Observatoriegata.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.